Jobbskaparane
leder
Enkeltpersonar kan vera avgjerande for næringslivet i Bygde-Noreg. Jobbskaparane fortener anerkjenning og tilrettelegging av offentleg infrastruktur.
Å DRIVA EIT DATASELSKAP i ein liten utkantkommune kan innebera større føremunar enn ulemper, hevdar Hans Jørgen Neset, primus motor i Uni Micro i Modalen. Han er ikkje åleine om å tenkja slik. Bergens Tidendes artikkelserie «Jobbskaparane» viser at fleire av dei mest suksessrike verksemdene på Vestlandet er å finna på stader der ingen skulle tru at gründerar kunne bu.
Artikkelserien viser også at å ha ein jobbskapar i sin midte kan vera den faktoren som skil mellom vekst og tilbakegang i ein kommune. I Modalen, med om lag 400 innbyggjarar, er Uni Micro med sine 41 tilsette ei hjørnesteinsverksemd. 14 av desse driv utviklingsarbeid, med 6 millionar kroner i budsjett. Tidlegare kommunekasserar Hans Jørgen Neset reknar med å utvida verksemda med fem personar i året.
SLIKE DATAEVENTYR er det ikkje mange av i utkantane, men Dale i Sunnfjord kan visa til eit liknande tilfelle, og i mindre målestokk er det fleire. I andre bransjar finst det også jobbskaparar som har rydda seg ein nisje mot mange odds, som Lars Magne Bysheim på Tysse på Osterøy og Alf Warloe Christophersen i Skånevik i Sunnhordland. Med 55 tilsette i produksjon av tilhengjarar driv Lars Mange Bysheim tradisjonell industri på utradisjonelt vis. Kjøpmann Alf Warloe Christophersen har gjort det til ei livsoppgåve å skapa jobbar, trivsel og musikk i heimbygda. Bluesfestivalen er eitt av resultata. Det hjelper ikkje med berre nye arbeidsplassar om ingen vil bu her, seier festivalsjef Alf Warloe Christophersen.
Enkeltpersonar som har evner og vilje til å satsa på heimplassane sine, er den viktigaste ressursen for distrikta. Det minste offentlege styresmakter kan gjera, er å skaffa slike personar rom til å utfalda seg. Slikt er ikkje sjølvsagt alle stader, like lite som det er sjølvsagt at sambygdingar har evne og vilje til å bidra til eit miljø for nyvinning. Men der jobbskaparane finst og slepp til, viser det seg ofte at småstader kan mobilisera til ei lagånd som knapt let seg gjenskapa i større byar. Det er ein av grunnane til at mange utkantverksemder blomstrar.
MED MODERNE TEKNOLOGI tel avstandar mindre enn før, men denne teknologien har også gjort det vanskelegare å konkurrera på mange marknader. Samstundes er det framleis mykje som manglar på at utkantane på Vestlandet kan tilby den infrastrukturen som konkurrentane nyt godt av. Samferdsla på Vestlandet er spesielt dårleg utbygd.
Statlege og kommunale styresmakter skal ikkje sleppa unna ansvaret for betre infrastruktur. Minst like viktig er det likevel at jobbskaparane - og kulturskaparane - ikkje berre får sleppa til, men også blir oppmuntra. Enkeltpersonar kan skapa store meirverdiar av små bidrag frå lokalsamfunna. Når det lukkast å skapa ei lagånd, blir gjerne mange sider av samfunnslivet trekte med.
KOMMENTARER Våre regler