Ubåten må opp

Ei tildekking av ubåten med 60 tonn kvikksølv vil aldri dempa uroa hos folket på Fedje - eller sikra omdømmet til Noreg som miljønasjon. Difor må vi ta kostnaden med å heva vraket.

Les også:

KYSTVERKET GÅR - etter råd frå Det Norske Veritas - inn for å dekka til ubåtvraket ved Fedje. Det er basert på ei risikovurdering som kan tolkast på fleire vis. Kystverket legg mellom anna vekt på at faren for skade på menneske er større ved heving enn ved tildekking. Det er naturlegvis eit viktig moment. Viktigare er det likevel at rapporten frå Veritas konkluderer med at heving er teknisk og økonomisk mogeleg. Det er det sikraste alternativet når vi tenkjer forureining på lang sikt. Difor legg vi til grunn at regjeringa vil vedta å heva vraket - blant anna for å sikra Noregs omdømme som miljønasjon. Vi som profilerer oss som produsent av rein mat - på land og i sjø - kan vanskeleg forsvara å ha liggjande ei tikkande miljøbombe like ved Nordsjø-bassenget.



DET ER OVER 63 år sidan den tyske ubåten - på veg til allierte i Japan - vart senka ved Fedje. I 2003 vart vraket oppdaga på 150 meters djup. Om bord er det drygt 60 tonn kvikksølv, og ein reknar at om lag fire kilo lek ut kvart år. Det er kanskje ikkje så mykje. Men når vi veit at det årlege kvikksølvutsleppet i Nordsjøen er 140 kilo, så forstår alle at 65 tonn - 65.000 kilo - har eit skremmande omfang.

Ei tildekking skal ifølgje Veritas gje ei langsiktig sikring. Men ei tildekking vil ikkje stogga nedrustinga av skroget. Ei tildekking kan heller ikkje sikra oss mot jordskjelv i området. Så dersom vi ikkje får opp svineriet, risikerer vi på eit eller anna tidspunkt ukontrollerte utslepp av kvikksølv i havet like ved Fedje.



EI OPPMUNTRANDE opplysning i rapporten er at ubåtskroget ikkje er så gjennomrusta som ein hittil har trudd. Det er i første rekkje eit argument for at ein bør ta ubåten opp - og få kvikksølvet sikra - fordi hevinga etter alt å dømma kan skje utan at skroget bryt saman.

Minussida er prisen. Det vil kosta nærare ein milliard å få ubåten opp. Men vi kan vanskeleg sjå at økonomi er eit berande argument for å la 65 tonn kvikksølv bli liggjande på havbotnen.



VI HAR TIDLEGARE gitt regjeringa ros for at dei tok ein ny runde i ei så vanskeleg sak. No kan dei velja å lytta til Veritas og Kystverket, og neglisjera kravet frå folket på Fedje.

Men Senterpartiet har landsmøtevedtak på å heva ubåten. SV kan vanskeleg leva med at gifta blir liggjande på havets botn. Difor bør fiskeriminister Helga Pedersen og Ap no konsentrera seg om den delen av rapporten som argumenterer for å ta vondet ved rota. Om Noreg skal framstå som truverdig miljønasjon, kan vi ikkje sjå at det er nokon veg utanom.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Leder

Oppblåste verdier

Norske politikere har bidratt til å blåse opp boligverdiene; nå bør de bidra med å slippe luft ut av boblen.

Spekulantenes seier

Respekten for politiske vedtak minker med mulighetene til spekulasjonsgevinster. Slik undergraves demokratiske verdier.

Verdien av garantien

Statistikk er ingen trøst for dem sitter med en alvorlig kreftdiagnose.

La høyblokken stå

Det mener BT på lederplass.

Lite offensiv trafikkplan

Sentrum i ferd med å kveles av biler. Les søndagens lederartikkel.

Relaterte bilder

FOTO: GEOKONSULT