Større og færre kommunar
Det norske kommunekartet stammar i hovudsak frå 1964. Kanskje vi skulle få ein ny Schei-komite?
EIT FLEIRTAL AV NORSKE ordførarar og rådmenn ønskjer seg større kommunar, melder Nationen. Dei tenkjer ikkje først og fremst på stordriftsfordelar, for dei er ikkje alltid så tydelege. Derimot trur dei det ofte vil vera lettare å skaffa spisskompetanse - folk med høgare utdanning - til kommunar som kan tilby rike og robuste fagmiljø. Det trur vi er rett.
Det bør likevel liggja ei breiare vurdering - og fleire ulike kriterium - til grunn for om det norske kommunekartet skal teiknast på nytt. Kanskje er det tid for det nå? Siste store kommunereguleringa i Noreg skjedde på 1960-talet, då talet på kommunar på kort tid vart redusert frå 747 til 454. På dei snart førti åra etter Schei-komiteens nødvendige herjingar har lite skjedd. Stortinget bør difor vurdera å oppnemna ein ny kommunesamanslåingskomite, for ei ny tid.
Ein ny kommunesamanslåingskomité kan vera det som skal til
I 1989 VART Arbeidarpartiets tidlegare finansminister Ragnar Christiansen oppnemnd som leiar av det såkalla Christiansen-utvalet. Han skulle teikna om kommunekartet. Det vart det ingenting av. Tilrådinga inneheld mange kloke tilrådingar - det var alle samde om - men dei vart altså putta ned i ei departemental skuff. Korkje Stortinget eller Kommune-Noreg var mogne for å avskaffa alle kommunar med mindre enn 5000 innbyggjarar.
Bortsett frå i Senterpartiet er det ein viss vilje på Stortinget til å sjå på kommunegrensene. Det er det all grunn til. Av ulike grunnar er det sjeldan kravet om samanslåing kjem frå kommunane sjølve. Folk synest vel stort sett at dei har det greitt som dei har det. Men Nicolai Scheis omstridde kommunekart er overmoge for revisjon, blant anna på basis av nye kommunikasjonar.
DEI SOM SKAL VERA med i ein ny Schei-komité bør sjå vidare enn til effektiv tenesteproduksjon og utnytting av stordriftsfordelar. Kommunen er - og bør vera - viktig for det norske folkestyret, ikkje minst i ei tid då myndige borgarar er i ferd med å bli omdefinert til passive kundar og klientar. Det folkelege engasjementet og oppslutnaden om lokalval kan - som professor Stein Ringen har påvist - bli skadelidande i ein slik prosess.
Stortinget har vore nokså handlingslamma i dette spørsmålet dei siste 25 åra. Høgre hadde i mange år ei programformulering som tok livet av eitkvart initiativ. Jamvel i Arbeidarpartiet har dei vore tilbakehaldne. Ein ny kommunesamanslåingskomité kan vera det som skal til for å henta denne saka ut or daudvatnet.
Kva meiner du? På tide å laga større kommunar no?
KOMMENTARER Våre regler