Overstyrd ombodsmann
Regjeringa har gjort gjentekne forsøkk på å overstyra Sivilombodsmannen. Det er utilbørleg.
Noreg har ein modig og høgt respektert sivilombodsmann. Desto meir påfallande er det at fleire statsrådar i den raud-grøne regjeringa har nekta Sivilombodsmannen dokumentinnsyn. Regjeringa kan ikkje tillata seg å overprøva Stortingets eigen kontrollinstans.
Det er ikkje berre tradisjonell Arbeidarparti-arroganse som styrer regjeringa i striden med Sivilombodsmannen. Med makta på si side har også statsrådar frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet demonstrert manglande respekt for Stortingets kontrollinstans. Men framleis er det Arbeidarpartiet som forvaltar den institusjonaliserte maktbrynden. den såkalla hønsvaldske parlamentarisme: «Her er ingen situasjon, vi har fleirtalet på vår side». Oppnemninga av Karl Erik Schjøtt-Pedersen (Ap) som statsråd utan protefølje har dessutan skapt eit nytt parlamentarisk tomrom. Ein statsråd som berre står indirekte ansvarleg overfor Stortinget er blitt ein felles innpiskar for dei raud-grøne stortingsrepresentantane. Karl Erik Schjøtt-Pedersen, som utsend overoppsynsmann frå Statsministerens kontor, skal sørgja for at det ikkje blir nokon «situasjon» for Stoltenbergregjeringa.
Men dei raudgrøne stortingsrepresentatane let seg ikkje piska like lett som før. Valet i haust synest å ha gjort ende på den raud-grøne styringsfreden. Ein samla kontrollkomite på Stortinget stilte seg bak kritikken mot miljøvernminister Erik Solheim (SV), som nekta Riksrevisjonen innsyn i fleire dokument. Så kom striden om innsyn i eit dokument som olje- og energiminister Terje Riis-Johansen ikkje ville utlevera. Då nekta dei raudgrøne stortingsrepresentantane å bøya seg for presset frå Jens Stoltenbergs handgangne mann. Regjeringa har måtta bøya av for ikkje å risikera å bli nedstemt i Stortinget.
Den nye forma for sjølvhevding blant våre fremste folkevalde bør få omfattande konsekvensar for regjeringa. Mest openberrt er det at Sivilombodsmannens krav om innsyn blir respektert i langt større grad enn hittil. Om det skal finnast unntak, må dei godtgjerast på ein måte som også stortingsopposisjonen godtek. I førre valperiode var det tendensar til at Stortinget vart neglisjert av regjeringa i saker som naturleg skulle høyra heime i stortingssalen. Dei nyvalde, raud-grøne representantane har makt til å sørgja for at slike tendensar ikkje blir vidareførde. Dei har makt til å ikkje redusera Stortinget til eit sandpåstrøingsorgang, til ikkje å gjera seg sjølve til stemmekveg. Sjølvmedvitne og maktviljuge kan ikkje tillata at noka regjering vengeklipper Stortingets eigen kontrollinstans.
Kva synest du om regjeringa si haldning til Sivilombodsmannen? Bruk kommentarfeltet.
KOMMENTARER Våre regler