-
STENGD: Fleire nettaviser valde å låse kommentarfeltet etter terroråtaka. Debattredaktør Halvor Finess Tretvoll i Dagsavisen meiner registreringsplikt gjer betre debattklimaFOTO: SCANPIX
Nettets forbanning
Vi kan ikkje stengja nettet, som på mange måtar er ei velsigning. Men kan vi forhindra at det blir ein arena for hat og ekstremisme?
AV: bergens tidende
Dagbladet stengde sitt kommentarfelt på nettet etter terroraksjonen i Oslo. Hegnar Online har innført obligatorisk registrering av e-postadresse. Også NRK og fleire andre har innført restriksjonar. Frps innvandringspolitiske talsmann, Per-Willy Amundsen, valde å lukka si Facebook-side etter at det dukka opp avskyelege innlegg med støtte til massemordaren frå Oslo vest.
Alle desse endringane skjer som eit direkte resultat av alt grumset som kjem til syne på nettstader der anonymiteten rår grunnen. Forfattaren Torgrim Eggen – som har følgt ekstreme nettdebattar i samband med ulike bokprosjekt – seier at dei tek frå han trua på mennesket. Det er sterke ord. Men dei er tidvis ganske treffande.
Det kostar lite å pøsa på med meiningar ein slepp å forsvara under fullt namn
I slike digitale miljø er det at ekstremistar som Anders Behring Breivik kan finna ein resonansbotn og ei einsretting som kan få han og andre til å tru at det er dette som er røyndomen. I denne digitale verda slepp dei korreksjonar. Forsøk tyder på at dersom du set folk med like meiningar saman i grupper, vil dei gjennom debattar radikalisera kvarandre. Det finst ingen motkrefter eller korrigerande element. Sånt skjer gjerne på nettstader der det er fritt fram for anonyme innlegg. Der kostar det lite å pøsa på med meiningar ein slepp å forsvara under fullt namn. Det er fort gjort å ta i litt ekstra, for å skapa action.
Les også
Les også
Les også
Vox populi – folkets røyst – kom til uttrykk før også. I Bergens Tidende lenge i spalta «Ring BT». Mykje var heilt ok, men det var alltid ei eiga avdeling for framandhat. Det verste grumset vart luka ut. I internettets tidsalder har denne utlukingsmekanismen delvis vore fråverande.
Men skal sensuren få sin renessanse? Det gir oss fleire dilemma. Også dei grovt tilhogne - og lite eleverte - meiningane bør få koma ut i det offentlege rommet. Det har med demokrati å gjera. Her har nettet opplagt hatt ein forløysande funksjon for grupper som aldri tidlegare har ytra seg offentleg. Blir dei utestengde frå nettet, kan dei fort søkja naudhamn i lumre bakgårdar, i ein isolation dei meiner seg påført av styresmaktene.
Kanskje er den faren overdriven? Ein liknande debatt vart ført også den gongen det var aviser, TV og radio som i hovudsak handterte det offentlege ordskiftet. Då var praksis at det verste grumset blei sensurert og ikkje kom på trykk. Talet på farlege undergrunnsrørsler var til å leva med.
Praksis på nett vil måtta diskuterast inngåande etter terroranslaget mot Oslo og Utøya. Nokre endringar er alt gjort. Problemet er at meir grunnleggjande inngrep for å regulera nettet vil krevja svært autoritære verkemiddel. Det er slike verkemiddel vi elles skuldar autoritære regime for å ta i bruk.
KOMMENTARER Våre regler