Nei til folkerøysting
Innvandringspolitikken er eit stort og viktig spørsmål. Men det høver ikkje som tema for ei folkerøysting.
I GÅRSDAGENS Bergens Tidende tok Medar Kalisa til orde for å gjera norsk innvandringspolitikk til tema for ei folkerøysting. Han medgav at det kunne vera eit risikoprosjekt, men var villig til å ta sjansen. Hans store tanke er at dersom eit fleirtal av folket seier ja til opne grenser, vil det gje innvandringspolitikken – og innvandrarane – større legitimitet i det norske samfunnet.
Det er eit stort og viktig – og komplisert – spørsmål Kalisa reiser. Men vi synest ikkje det eignar seg godt for ei folkerøysting.
NORSK INNVANDRINGSPOLITIKK har i altfor liten grad vore gjort til ein sentral norsk debatt. Aktørane har vore prega av framandfrykt og overflatiske argument, og dei som skulle stå opp for opnare grenser har altfor ofte vike unna. På den andre sida har forståinga for den grunngjevne framandfrykta – som også er legitim – vore nesten fråverande hos den innvandrarvennlege flokken.
Blant anna difor er det rett å etterlysa eit meir ope, ryddig og grunnleggjande ordskifte om norsk innvandringspolitikk. Den politikken vi har ført på dette området sidan 1970, og den politikken vi skal føra vidare, avgjer i kor stor grad, og på kva vis, vi skal ha eit fleirkulturelt samfunn i Noreg om tretti år. Vi kan ikkje ha heilt stengde grenser, og vi kan ikkje ha heilt opne grenser. Innvandringa til Noreg må regulerast. Og det er viktig å vera klar over at arbeidsinnvandrar, flyktning og asylsøkjar er ulike storleikar. Skilnaden på Danmark og Sverige i denne saka viser at det er stort handlingsrom når politikken skal utformast.
INNVANDRINGSPOLITIKKEN er berre ei av fleire store saker folk skal ta stilling til. Det er ingen grunn til å løfta henne ut av det ordinære politiske ordskiftet – og dei ordinære politiske prosessane – og lata henne bli avgjort ved folkerøysting. Dei ulike politiske partia er alle meir eller mindre tilhengjarar av ei viss innvandring – alle vil ta imot FNs Høgkommisærs flyktningekvote – og slik sett må veljarane kunna gjera seg opp ei meining om kven dei vil røysta på i val. Problemet er at dei politiske partia, med nokre få heiderlege unnatak, har vore svært ulne og uklåre når dei skal formulera seg om innvandring.
Vi trur ei folkerøysting kunne gitt eit fleirtal for opnare norske grenser. Likevel meiner vi innvandring til Noreg er ei sak for vårt representative demokrati. Det er ei av mange store saker Stortinget er sett til å avgjera.
Men innlegget frå Medar Kalisa bør i det minste resultera i at vi alle gjer vårt til å få innvandringspolitikk opp som stor og viktig sak framfor valet i 2009.
KOMMENTARER Våre regler