NAV-reform på ville vegar
leder
Arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen har ei utfordring som ikkje utan vidare let seg løysa med meir pengar
KRITIKKEN MOT NAV-reforma - som alle visste ville bli ei stor utfordring både for byråkratiet og for brukarane - er ifølgje Dagfinn Høybråten ute av kontroll. I «Politisk kvarter» i NRK framførte den tidlegare trygdedirektøren sterk kritikk av ei reform han meiner har spelt fallitt. Kvardagen for den store gruppa som er avhengig av kontakt med NAV-systemet, er ifølgje Høybråten blitt verre etter at trygdeetaten, Aetat og sosialetaten er blitt slått saman. Folk får ikkje kontakt med saksbehandlar, ventetida er blitt lenger og den faglege kompetansen i etaten er lågare enn han bør vera. Hard kritikk altså, og frå mannen som var med på å førebu reforma, og trudde på henne.
Det som etter Høybråtens syn gjev størst grunn til uro er at problema etter reforma er vesentleg større enn summen av tidlegare problem i sosialetat, Aetat og trygdeetat. Dei NAV-tilsette har ikkje lenger fokus på det som skulle og skal vera det viktigaste - brukarane. Dei har nok med å tilpassa seg. Høybråten trur nye NAV står dårlegare rusta til å hjelpa dei hundretusenvis av utsette klientar enn dei tre etatane gjorde kvar for seg. Det gir dystre perspektiv for ei reform det var sett store voner til.
DAGFINN HØYBRÅTENS KRITIKK rettar seg likevel i første rekkje mot regjeringa og arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen som NAV-ansvarleg statsråd. Andersen medgir at problema er store, og det er den erkjenninga som ligg til grunn for at regjeringa i haust har gitt etaten først 40 millionar og så 60 millionar ekstra kroner. Andersen seier det skal gje eit løft til den opplæringa NAV-tilsette enno står midt oppe i, og som skal betra kompetansen og gje kortare behandlingstid. Det vil vi gjerne tru, for det er nesten uråd å setja denne reforma i revers no.
Men det trengst nok skarpare lut. I fredagens BT kunne fastlege Ole Terland gje nye og nokså trasige døme på korleis klientar blir møtte av NAV-systemet. «Jeg har sett nok av eksempler på at mennesker i en utsatt livssituasjon føler seg tråkket på når de møter byråkratiet i NAV-apparatet», seier Terland, og han får støtte av andre lækjarar.
IKKJE OVERRASKANDE møter fylkesdirektør i NAV Hordaland, Pål Fennell, kritikken på arrogant vis. Han skuldar fastlege Terland - og for den del leiaren i Hordaland Legeforening, Gunnar Ramstad - for ikkje å ha følgt med i timen. Det er dessverre vanleg prosedyre frå NAV, og gir næring til mistanken om at arroganse og manglande omtanke for brukaren er ein del av den allmenne kulturen i etaten. Her har arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen - og vi andre - ei utfordring som ikkje utan vidare let seg løysa med meir pengar.
KOMMENTARER Våre regler