Makrell viktigare enn EU

EU og Island krigar om makrellen, og EU trugar med nei til medlemskap. Det gjer ikkje inntrykk i Reykjavik.

MANGE MEINER det var makrellen som gjorde at Noreg sa nei til EU i 1994. I går kunne vi lesa om at makrellen kan koma til å velta Islands EU-søknad. Det er truleg eit understatement. Alt som har med fisk og fiskeri å gjera kan koma til å gjera eit islandsk EU-medlemskap umogeleg. Det meste tyder nemleg på at EU ikkje vil vera i stand til å imøtekoma Islands krav om eksklusiv eigedomsrett til eigne fiskeressursar. Den dagen islendingane skal velja mellom fisk og EU, så vel dei fisken.

NETT NO er det klimaendringane - og makrellens nye vandringar - som er stridens kjerne. Temperaturen i havet stig, og makrellens mangfaldige matfat sig nord- og vestover. Makrellen, som er ein særs tilpasningsdyktig skapning, følgjer etter. Brått er han å finna nordvest i Atlanteren. Der ligg Island, som hittil ikkje har hatt status som kyststat i makrellsamanheng.

Kva gjer islandske fiskarar? Dei dreg ut med båtane sine og lastar opp så godt dei kan. I år har dei - på eigen kjøl, og utan internasjonal godkjenning - løyvd seg sjølv ein kvote på 130.000 tonn makrell. Det er svært mykje, særleg når vi veit at heile 2009-kvoten i internasjonalt farvatn var på knapt 58.000 tonn. Av dette drog Russland av garde med over halvparten.

KVIFOR GJER ISLENDINGANE DETTE? Islendingane veit korleis internasjonale fiskeriforhandlingar går føre seg. Fordi makrellen hittil har halde seg unna islandsk farvatn, har ikkje Island hatt status som kyststat, som gir rett til eigne makrellkvotar. Det vil dei no gjera krav på. I mellomtida fiskar dei alt dei vinn, vel vetande om at det er tidlegare fangstmengd som skal leggjast til grunn når framtidige kvotar skal fordelast. Samstundes gir dei seg sytten i fordømande kommentarar frå EUs fiskerikommisær og Noregs fiskeriminister. Jamvel alvorlege EU-trugsmål om at makrellfisket kan blokkera eit EU-medlemskap, prellar av på islendingane.

Det har sine grunnar. Det er rett nok over 30 år sidan fiskeria utgjorde 90 prosent av det islandske bruttonasjonalproduktet (BNP). No har landet fleire bein å stå på. Men framleis er fiskeria den einskildnæringa som har mest å seia for Islands økonomi, med rundt 40 prosent av BNP.

FINANSKRISA RÅKA ISLAND HARDT. Det var den som la grunnlaget for ein omstridd søknad om EU-medlemskap. Og krisa er ikkje over.

Men islendingane er i ferd med å retta ryggen. Makrellen har kome som manna frå himmelen. Får dei seg førelagt ein EU-avtale som ikkje sikrar islandsk einerett over eigne fiskeressursar, er det ein avtale som vil garantera at Island blir ståande utanfor EU. Så enkelt er det.

Kva trur du om Island sitt EU-medlemskap? Skriv gjerne ein kommentar.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Leder

Verdien av garantien

Statistikk er ingen trøst for dem sitter med en alvorlig kreftdiagnose.

La høyblokken stå

Det mener BT på lederplass.

Lite offensiv trafikkplan

Sentrum i ferd med å kveles av biler. Les søndagens lederartikkel.

BT ber byrådet holde fingrene fra fatet

Byrådet vil forsyne seg av husleien som folk betaler i kommunale leiligheter. Les dagens leder her.

Frykt og fakta i innvandringsdebatten

Innvandringskritiske stemmer møtes ikke best med avvisning, men med argumenter, fakta – og politikk.