Kvalitet viktigare enn pris

Lik betaling for alle er ei dårleg løysing for skulefritidsordninga.

Det er stor skilnad i dei kommunale satsane for SFO. 53.000 kroner i meirutgifter for foreldre i Bremanger samanlikna med foreldre i Øygarden gjer djupe innhogg i familiebudsjetta. Men det er inga god løysing å krevja lik betaling for alle, same kva kommune ein bur i.

Statleg fastsette maksimalsatsar for SFO ville vera nok ei utholing av det kommunale sjølvstendet, og dermed for lokaldemokratiet. Slike satsar kunne også medføra ein minste felles standard for det kommunalt organiserte fritidstilbodet for skulebarn. I verste fall er det duka for ei einsretting som trekkjer skulens og statens målretta, vaksenorganiserte opplæring endå sterkare inn i barnas fritid.

Så lenge kommunane har fridom til å styra både innhald og pris for SFO, må det vera store, lokale variasjonar i tilbodet.

KOMMUNEØKONOMIEN vil i dei fleste tilfelle vera avgjerande for kvaliteten. Statens reguleringsiver må gjerne brukast til å styrkja kommuneøkonomien; i så fall vil det som oftast også drypa noko på SFO. Men det vil vera opp til veljarane i dei ulike kommunane i kva grad dei skal røysta på politikarar som vil prioritera SFO framfor andre kommunale gode.

Dei aller rikaste kommunane, med store inntekter frå kraftverk og energianlegg, kan aldri danna norm for pengebruken. Det er då heller ikkje berre pengar som tel når kvaliteten skal målast. Mange foreldre vil leggja meir vekt på kva utbyte ungane har av SFO enn på foreldrebetalinga, om ikkje satsane blir altfor dryge. Og for foreldre med dårleg råd eller med fleire barn i den aktuelle alderen er det mogleg for kommunane å redusera betalingskrava. Syskenmoderasjon er vanleg.

FOR BARNEHAGANE kom kravet om maksimalsatsar før det var rimeleg stor tilgang på barnehageplassar, og før kvaliteten på barnehagane var nokolunde sikra. For SFO ville ei tilsvarande sentralisering av tilbodet vera endå meir urimeleg.

SFO er eit naudsynt tilbod for mange yrkesaktive foreldre, og ein av dei viktigaste arenaene for at skulebarn kan vera saman med andre barn i fritida – for at barn kan oppdra kvarandre. Kvalitetsmessig velfungerande SFO er viktige både for foreldre og barn. Men dei skal ikkje fungera som offentlege oppdragingsanstaltar, med meir eller mindre einsretta ideologisk fundament, heller ikkje som oppbevaringsinstitusjonar.

Vil ha makspris på SFO Solhjell vil ha makspris på SFO

Les også

Siste fra Leder

Banker på tillitsjakt

LEDER: Tillitsforholdet mellom bankene og kundene er varig svekket. Det er ikke bare negativt.

o Forbud på vent

Leder: Regjeringen vurderer forbud mot reklame for usunn mat og drikke rettet mot barn. Ønsket er forståelig, men problematisk.

o Når kommunen er billegast

LEIAR: Om private overtek all kommunal tenesteyting, forsvinn sjansen til å visa at kommunalt tilsette kan gje det beste og billegaste tilbodet.

o Når planlegging sporer av

LEDER: Overskridelsene på Voss stasjon skaper tvil om Jernbaneverkets evne til å planlegge større prosjekter.

o Fødselskomplikasjoner

LEDER: KK er nok en gang kommet i en krevende omdømmesituasjon.

Siste saker