Hareide - utan atterhal
Kronprinsen i KrF blir stort sett møtt med begeistring. Unnataket er den karismatiske høgresida i og rundt Bergen, som applauderer med atterhald.
DET GJEKK SOM VI SPÅDDE. Knut Arild Hareide står til slutt att som den einaste reelle kandidaten til å bli ny leiar i Kristeleg Folkeparti. Korkje Hans Olav Syversen eller nestleiar Dagrun Eriksen fann å vilja utfordra bømlingen. Når i tillegg Vårherre har gitt han ro for at det er partileiar han bør vera, var svaret på mange måtar gitt.
Også Dagfinn Høybråten hadde nok i si tid høgare makter med seg, utan at det var til nemnande hjelp. Høybråten er ein særs dugande politikar, og byråkrat, men han vart aldri heilt varm i trøya som partileiar. Evna til å begeistra massane var - forsiktig sagt - noko avgrensa. Han mangla også det liberale sinnelaget som partiet hausta så rike frukter av i Valgerd Svarstad Hauglands periode. I nært kompaniskap med Kjell Magne Bondevik henta ho sist på 1990-talet inn nye veljargrupper til eit parti som tradisjonelt hadde halde seg til menigheita.
DET HANDLA EIN DEL OM Valgerds person. Men det hadde også med politiske konjunkturar å gjera, der verdispørsmål brått vart allemannseige. I tillegg kunne KrF - for ein sjeldan gongs skuld - presentera ei sak mange veljarar sette pris på. Det var kontantstøtta. Det var ei omstridd sak, men populær i vide krinsar så lenge landet mangla barnehageplass. No er ordninga i ferd med å bli marginalisert, og kan såleis ikkje hjelpa Hareide eller partiet hans til nye valsigrar. Då blir utfordringa å finna ei ny fanesak.
Ein skarpare leiarprofil vil både Hareide og partiet hans stå seg på
LANDET RUNDT melder Kristeleg Folkepartis fylkes- og lokallag om glede og entusiasme for Knut Arild Hareide, endå om somme synest han er vel rund i kantane. Det synest vi og. Ein skarpare leiarprofil vil både Hareide og partiet hans stå seg på.
Krinsen rundt NorgeIDAG, som saman med KrF-veteranar på Sørlandet representerer høgresida i partiet, er meir skeptisk. Dei vil tvihalda på vedkjenningsparagrafen i partivedtektene, dei vil la Bibelen styra norsk Israel-politikk, og dei vil vera yttarst varsame med å gje konsesjonar til dei som lever i synd og praktiserer homofilt samliv. Difor vil dei ha sine folk inn i den nye KrF-leiinga.
Det bør dei kanskje få. Men synspunkta deira bør ikkje bli offisiell KrF-politikk. Det vil bringa KrF tilbake til den lite konstruktive bremsekloss-funksjonen partiet hadde under og etter Nils Laviks tid som partiets stortingsmann.
HAREIDES UTFORDRING må kjennast tyngjande. Den ligg i å gjera KrF til eit liberalt kristeleg-demokratisk parti i sentrum av norsk politikk - med éi sak, eller fleire - som har appell utanfor partiets snevre krins. Somme vil meina at han her treng hjelp av høgare makter.
Synspunkter? Si din mening.
KOMMENTARER Våre regler