Ei tid for alt
KrF slepp ikkje unna debatten om partiets sjel dersom dei framleis vil vere eit politisk parti.
Svarstad Haugland gjer det umogleg for Høybråten å leggje ballen død no.
LAURDAG GAV VALGERD Svarstad Haugland støtte til Inger Lise Hansen på årsmøtet til Akershus KrF. Det er umogleg å diskutere strategi utan politisk innhald, sa ho til TV 2. Svarstad Haugland tok også til orde for å avvikle vedkjenningsparagrafen, og ho slo fast det som burde vere opplagt: KrF er ikkje eit trussamfunn, men eit politisk parti.
Ved å rose Høybråten for å skape takhøgd i partiet, gjer Svarstad Haugland det umogleg for partileiaren å gå aktivt ut og leggje ballen død no. Høybråten kan trøyste seg med at han har god tid. Spørsmåla nestleiar Inger Lise Hansen har sett fram kan modna og bli ein del av programarbeidet fram mot 2013. Tida kan også kome godt med for Hansen og hennar støttespelarar.
DET ER EIT OVERMOGE oppgjer nestleiaren har sett i gong. Høgst sannsynleg skulle det ha blitt tatt for lenge sidan, og særskilt før Framstegspartiet vaks seg stort. Både Svarstad Haugland og Kjell Magne Bondevik har styrt unna diskusjonane som no skakar partiet, og mogleg er det også difor dei no har vald å støtte Hansen.
Den viktigaste symbolsaka ho tek opp er vedkjenningsparagrafen. Det er sjølve kjernen i spørsmålet om partiet vil vere ein kyrkjelyd eller eit parti. Partiet har hatt fleire sjansar til å kvitte seg med den. Då KrFU tok opp vedkjenningsparagrafen i 1991, gjekk ein mann som Jon Lilletun inn for ei vedtektsendring som skulle sikre den til evig tid. At både Bondevik og Svarstad Haugland no meiner tida er inne for partiet til å kvitte seg med paragrafen, seier noko om korleis verdisett også endrar seg over tid.
DET ER HELLER IKKJE første gong at partiets haldningar har støtt mot realpolitikken. I 1981 sørgde abortsaka for at Høgre kunne danne regjering åleine. KrF fann det umogleg å gå inn i regjering som ikkje ville oppheve abortlova. To år seinare, etter at abortmeldinga var handsama i Stortinget, valde KrF likevel å gå i regjering med Høgre. Haldningane var overprøvd av røyndomen. Det synte seg at om KrF vedtek at noko er synd, hjelp det ikkje for politikken.
Det er i partiets sjel å blande religion og politikk. Inger Lise Hansen og medspelar stortingsrepresentant Knut Arild Hareide har heller ikkje tatt til orde for eit parti som ikkje er forankra i kristent verdigrunnlag. Det er dette verdigrunnlaget dei yngre kreftene i partiet meiner skal vere fundamentet for eit moderne Kristeleg Folkeparti. Slik vil dei også nærma seg dei kristendemokratiske søsterpartia i Europa.
Synspunkter? Del dem med leserne her.
KOMMENTARER Våre regler