Kvar vart det av mangfaldet?
Mesteparten av den omsette barnelitteraturen vår er henta frå den angloamerikanske kulturkrinsen, og er tilgjengeleg berre på bokmål.
Liv Hatle
skribent og omsetjar
Tre fjerdedeler av barnebøkene på den norske marknaden er anten skrivne av norske forfattarar eller er omsette frå engelsk. Desse to gruppene er om lag like store. Den siste fjerdeparten er for det meste bøker omsette frå dansk, svensk eller tysk. Innslaget av andre kulturar er såleis mikroskopisk.
Ettersom utsegnene mine byggjer på eigne røynsler, viser eg til den finske litteraturen sin lagnad her i landet. Når eg som omsetjar legg fram finsk barne- og ungdomslitteratur for norske forlag, vert tilboda ofte avviste med at «boka er so finsk» og «vi satsar helst på angloamerikansk litteratur». Og so er omsetjinga mi på nynorsk. Det er òg feil. Dersom eg kunne skriva på bokmål, ville det ikkje ha vanta på oppdrag.
Utarming av språket
Stundom er eg blitt teken opp på berget og vist bokmålslandskapet og all den rikdomen som der kunne ha blitt meg til del dersom eg ville gjera knefall, men kvifor skal eg fornekta at eg voks opp på landsbygda og hadde nynorsk som skulemål? Nordmenn med kjendisstatus står fram og skryter av at dei er urbane, og samstundes skaffar seg einerett til å representera det normale. Men tek ein ei flyreise og ser landet i fugleperspektiv, må ein vedgå at det er meir berg og djupe dalar enn byar. Det er ikkje berre villmark, men òg kulturlandskap. Mykje i dette landskapet avspeglar seg i språket, men orda vantar status fordi dei har hatt hevd berre mellom landsfolk, og desse må leggja vekk språkrikdomen sin dersom dei skal ha framgang, for ikkje å seia lysande karriere. Slik utarmar ein eit språk.
Fåfengt leiting
Eg går ofte innom bibliotek og leitar etter barnelitteratur på nynorsk. Ein og annan nynorskskrivande forfattar er å finna, men mesteparten er omsett litteratur, og då på bokmål. Desse bøkene fyller ikkje einast folkebiblioteka, men òg barnehagane og skulebiblioteka. Lenge før borna kan lesa vert dei mata med angloamerikansk kultur på bokmål. Barnehagar og skular har ingen andre kjelder å ausa av til høgtlesing enn det den norske forlagsbransjen produserer. Grunnlaget for fordommar mot nynorsk vert lagt i ung alder.
Det heimlege og det framande
Fordi den angloamerikanske kulturen er so dominerande, får denne status som det normale. Det same gjeld bokmålet. Bokmål har skaffa seg status som det rette og normale. Nynorsk derimot vert plassert på sidelina med stempel som avvikar. Norsk språkpolitikk med forlagsbransje og presse som viktige aktørar har fått det til slik. Når den angloamerikanske kulturen formidla på bokmål vert hovudimpulsen for alle norske born, so er ringen slutta. I dette prosjektet er TV ein god hjelpar. Kringkastingssjefen sa for ikkje svært lenge sidan at NRK skulle ta opp konkurransen med Disney Channel om dei yngste sjåarane. So sender NRK den same hysteriske latteren som Disney Channel.
Og sjølvsagt talar dei «kuuule» bokmål. Kva slags oppfatning skal borna få av seg sjølve og omverda? Dei trur sikkert at i den store vide verda talar alle bokmål med islett av engelsk. Marknadskreftene styrer unge tankar og verdisyn. Og marknadskreftene rår over marknadsføringa, både den synlege og den usynlege. Dei har bukta og begge endane. Men kan det vera rett at presse og forlagsverksemd får driva utan omsyn til kulturpolitikk og språkpolitikk?
Vi og dei andre
Vi treng røyster som ropar til oss frå andre sida av kloda. For at desse skal nå det norske øyret, må dei få norsk språkdrakt. Kva slags norsk skal nyttast for å formidla tankar og kjensler som har si rot i framand jord? Det er ikkje sikkert at bokmål alltid er det beste for å formidla all verdsens tankegods. Nynorsk har stor språkleg rikdom som kunne ha avspegla livet i framande verdsdelar. Treet har toppen opp og rota ned alle stader. Hugsar alle urbanistane det? Kvifor skal nynorsk stengjast ute frå den omsette litteraturen? Og kvifor skal utvalet av framand litteratur vera so einsidig? Kva kom ut av mangfaldsåret?
Les også
Siste fra Kronikk
Barnebøker
- I dag vert det utgitt cirka 700 norske og omsette barnebøker per år.
- Barne- og ungdomslitteratur er tekstar og bøker som er skrivne av vaksne for å bli lesne av eller for barn eller ungdom.
- Barnebøker er tradisjonelt blitt lagde berre for å underhalde eller belære. I dag er det likevel mange som likestiller barne- og ungdomslitteratur med vaksenlitteratur og betraktar sjangeren som ei fullverdig uttrykksform.
KOMMENTARER Våre regler