Uterommet er eit mektig rom
Når eg går i bykjerna bit eg meg ikkje merke i sentimentale bronseskulpturar, og eg er ingen tilhengjar av Per Ung. «Krigsmoderen» av Ung, sånn som verket framstår i BT, er ein sentimental bronseskulptur for mykje.
«Dei talrike krigsminnesmerka lokkar nybyrjarar inn i eit slapt lydigheitsforhold til oppdragsgivarar som er kunstnerisk bevisstlause, eller fiendtlege overfor alt nytt. Juryordninga tvingar skapande kunstnarar til å innretta seg etter rådande retningar. Norsk skulptur er naturalistisk fordi folk vil ha enkle, refererande uttrykk. Norge treng opposisjonelle som trekk med seg utviklinga.»
Mellomveg
Dette er ein parafrase over saker skulptøren Arnold Haukeland sa i 1959. Dei gir eit godt bilete av tida og kunstdebatten då, men utgjer og ein interessant parallell til skulpturdebatten i BT no om dagen. Haukeland innrømma vidare at han sjølv ikkje hadde forstått radikal nonfigurativ kunst før, men at abstrakt kunst ikkje var umenneskeleg. Figurativ kunst hadde sin berettigelse, men han beklaga seg over at Nasjonalgalleriet ikkje hadde kjøpt inn noko nonfigurativt.
Før øvrig var han for at kunst skulle vera tilgjengeleg ute, til offentleg beskuelse, og skreiv avisartiklar om utanlandske kunstnarar, til dømes Constantin Brancusi og Henry Moore som hadde laga/laga abstrakte skulpturar. I 1960 besøkte Haukeland Venezia biennalen som viste modernistiske verk, og neste år hadde han utstilling på Kunstnernes Hus i Oslo. Det heile resulterte i at han fekk oppført den fyrste monumentale abstrakte skulpturen her i landet i 1962. Same år melde han seg ut av den norske bilethoggarforeininga fordi formannen var imot modernisme.
Haukeland hadde utstillingar i Bergen og kommunen kjøpte «Regnharpen» som står utanfor Bergen Storsenter. Rolf Stenersen kjøpte «Rød vind» til å ha ute framfor si samling som han gav til Bergen. Stenersen hadde opphavleg sett ein liten variant av skulpturen og skal visst ha sagt at han ikkje forstod den, men at den gjorde noko med han.
Begge desse verka er frå 1970-talet, dei er abstrakte og laga av stål. Det er kanskje politisk ukorrekt å snakka om sånne skulpturar no for tida; ikkje er dei sentimentale, ikkje føresteller dei kvinner og ikkje er dei laga av bronse.
«Arbeid med byrommet»
Byen har også ein tredje skulptur av Haukeland og den er bekosta av Arild Haaland. Det er ei figurativ bronsebyste av Jakob Weidemann som står ved Kong Oscars gate bak kunstskulen. Haaland har gitt/finansiert fleire skulpturar i sentrum, tre av dei er verk av Per Ung og alle desse er figurative bronseverk avduka på 1990-talet. Dei er «Leda og svanen» og to byster av Hans Wiers Jensen og J.S.C. Welhaven. Desse står henholdvis i Botanisk hage, ved DNS og på Dorothe Engelbrektsdatters plass, eit område som kommunen si Fritidsavdeling fekk ein pris for av Det nyttige selskap i 1987, «for arbeid med byrommet».
Haaland i byrommet
Arild Haaland sine spor i det offentlege skulpturrommet er besynderlege sett i forhold til skulpturdebatten. I hans bok om Haukeland vert det påpeika at gjennombrotet for abstrakt skulptur i Norge, som var dominert av kroppsetterlikning, har med Haukeland å gjera, og vidare at ti år etter, altså cirka 1970, var stillinga endra for godt. I kraft av det Haaland har bekosta, står han i ein mellomposisjon jamført med dei ulike kunstsyna i debatten. Dei er for så vidt eksemplifisert ved verk av Haukeland og Ung på kvar si side, men elles representert ved henholdsvis Øyvind Pål Farstad, Sigrun Åsebø og Siren Blaauw på ei, og med Henning Warloe og byrådet i dette tilfellet på hi, meir eller mindre mot sin vilje så vidt det er råd å sjå.
Stereotypiar
Farstad meiner vel det er for mange sentimentale bronseskulpturar i Bergen. Det er vel ikkje noko gale med bronse i seg sjølv? Nett kva han meiner er sentimentalt kan ein ikkje godt vita. Når eg går i bykjerna bit eg meg ikkje merke i sentimentale bronseskulpturar, og eg er ingen tilhengjar av Per Ung, utan at eg vil gjera han til syndebukk og påstå at han til dømes set «stillinga» ein del tiår tilbake (heller ikkje Warloe eller Haaland). Åsebø siktar til stereotypiar og seier til denne avisa at figurative uttrykk avgrensar, at meir abstrakte uttrykk kan få fram andre aspekt, meir enn ein eigenskap.
Det er råd å diskutera, og Blaauw gjer på ein måte det i same oppslag. Ho trekkjer betimeleg nok fram krigsminnesmerket «Mor og barn» av Hans Jacob Meyer i Nonnesæter kloster, som eksempel på figurativ kunst som ikkje er stereotyp. Men hennar kommentar til «Krigsmoderen» av Ung: «ein kvinneleg bilethoggar hadde framstilt krigsmødrer på ein annan måte enn det som no kjem», går kan hende an å hevda er stereotyp. La meg her sitera frå heftet «Skulpturvandringer i Bergen», utgitt av kommunen sitt Fond til kunstnarisk utsmykking i Bergen: «I parker, på skoler eller ved kjøpesentre finner vi ofte det som kalles for prydskulptur. [...] Typiske motiver kan være kvinner, barn eller dyr». Setningane taler for seg.
Private aktørar
Dersom ein tar for seg det samme heftet vidare og set i verk ein gjennomgang av kor mange skulpturar som er betalt av kommunen og kor mange av private aktørar, så syner ei rask oppteljing ei klar overvekt av sistnemnde. Verk finansiert av Norsk kulturråd og Statens utsmykkingsfond reduserer talet lite. Sånn må vel og vil vel gjerne vekta vera, og kunstdonasjonar som kjem allmenta til gode er prinsipielt av det gode. Men uterommet er eit mektig rom med plass til så mange «selskap», så mange forteljingar. Kven skal få fortelja og kva?
«Gestapos ofre»
Det er så mange ordlause samanhengar og linjer mellom ulike skulpturar, skulptørar, portretterte og donorar i denne byen, at skulle ein ha trekt desse opp fysisk og visuelt, så trur eg ein hadde fått kjensle av å ikkje kunna bevega seg så fritt. Det er jo så lett å berre passera skulpturane utan å tenkja over dei eller attpåtil sjå dei, men eg har hatt skulpturvandringar for ungar og dei får med seg element i byrommet. «Kva er det der?» spurte ein gut og peika på eit verk utom løypa, det som «berre» er ein stein med nokre ord meisla inn, til dels omgitt av rododendron. Det var krigsminnesmerket «Gestapos ofre» i Veiten.
Kva synes du om skulpturane i Bergen?
Les også
Siste fra Kronikk
Sagt om skulpturer:
- «Byster og statuer av samfunnsbyggende menn og sensuelle og omsorgsfulle kvinner dominerer i skulpturbyen Bergen».
Sigrun Åsebø, kunsthistoriker. (BT 7.3.) - «Det skal ikke være noen privatsak å få anbrakt et monument i det offentlige rom»
Jan H. Landro, kulturredaktør. (BT 7.3.)
Frigjøringsdagen 8. mai 2009 skal skulpturen «Krigsmoderen» avdukes på Fredriksberg. Mannen bak kunstverket er Per Ung.
Relaterte bilder
KOMMENTARER Våre regler