Fridomen til å vere deg sjølv

Debatten om Datalagringsdirektivet stilna før han hadde byrja. Så lett gav vi frå oss personvernet.

KRONIKK
Geirmund Knutsen,
MA European Thought, UCL, London,

I januar held fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys ein tale der ho bad om ein «brei diskusjon om grunnleggjande rettsstatsverdiar som personvern» og at folk «må bry seg». Det ho refererte til er sjølvsagt Datalagringsdirektivet. Men kvar er debatten i dag?

Ser deg
Den 15. mars 2006 offentleggjorde Europaparlamentet og EU-rådet direktiv 2006/24/EF. Det som vert kalla Datalagringsdirektivet inneheld retningslinjer og informasjon om lagring av elektronisk kommunikasjonsdata (fasttelefon, mobiltelefon, internett og e-post). Kommunikasjonsdata kan delast opp i identifiseringsdata, lokaliseringsdata, trafikkdata og innhaldsdata. Datalagringsdirektivet omhandlar dei tre fyrste datatypane og har som mål å svare på kvar sitt spørsmål:

  • Kven kommuniserer med kven?
  • Kva tid og kvar går føre seg kommunikasjonen?
  • Kva type og måte kommunikasjon vert brukt?

Det er spesifisert i direktivet at innhaldet, den siste datatypen i kommunikasjonen vår, skal ikkje lagrast. Formålet med direktivet er å kjempa ned alvorleg kriminalitet ved å harmonisera databehandlingslovane i dei ulike europeiske statane. Lagringstida er opp til kvar enkelt stat, så lenge den er i mellom 6 og 24 månader.

Ropet på ulven
Så langt har den politiske debatten vore steril og generelt avventande. Det som blir tydeleg om ein tek for seg dei 24 dokumenta som nemner Datalagringsdirektivet på regjeringen.no sidan 2006, er at dei forventa aktørane i debatten oppfører seg som forventa. Datatilsynet (som personvernbeskyttar) åtvarar gong på gong mot direktivet; Utenriksdepartementet (som statsbeskyttar) forsvarer direktivet; og alle andre gøymer seg bak moglegheita at direktivet ikkje vert innlemma i EØS-avtalen.

Debatten i media har, som forventa, vore sensasjonsprega og dermed lite konstruktiv. Overskrifter har teke i bruk ord som «Storebror», «Politistat» og «Diktatur» (alle frå Dagbladet), men etter mange rop om ulv har interessa forsvunne. Dette er lett å synleggjera ved å telja artiklar som har skrive om Datalagringsdirektivet det siste året:

Debatten over
Den viriliteten ein finn i avisene i debatten, finn ein og innan nyare media. Den har kanskje engasjert folk meir enn den velkjende pressa. Nettstaden datalagringsdirektivet.no vart sett opp for å informera allmenta om direktivet og har halde fleire møter om temaet. Dette er eit flott initiativ, men det siste møtet var i juni og etter det har ikkje heimesida vorte oppdatert.

Det er vanskeleg å måla verdien av liberaleren.no sin epostkampanje, men dei 192 kommentarane som er på sida gjev eit godt inntrykk. Facebookgruppa «Nei til Datalagringsdirektivet» har så langt 17.531 medlemmar. Det er eit imponerande tal, men den siste eventen (25 oktober) ser ikkje ut til å ha hatt nokon effekt. Bloggaren Vox Populi sitt opprop til Samferdselsdepartementet har no nådd 11 381 underskrifter. Det er det åttande største i landet, men viss ein ser på utviklinga får ein inntrykk av at debatten er over:

Du og valet
Det er nok fleire grunnar til kvifor debatten rundt Datalagringsdirektivet har stilna og meir eller mindre forsvunne sidan førre påske. Ein av dei er mangel på spalteplass sidan finanskrisa byrja for fullt. Folk fryktar fattigdom meir enn noko anna. Ein annan grunn er det avgrensa publikumet som er på internett. Når ein ser på den demografiske fordelinga av dei som er på Facebook forstår ein at mediet har ei innebygd teknofobisk avgrensing. Av dei 1,4 millionar nordmenn som er medlem av Facebook er 70 prosent under 30 år og 90 prosent under 40 år. Men det er også ein annan grunn til at debatten ikkje engasjerer: mytar. Språket vårt inneheld mange mytar og i samtalar rundt Datalagringsdirektivet vedlikeheld me fleire av dei.

Trur det ikkje nyttar
Den teknologiske myten får oss til tru at «kan» er det same som «må». Når me snakkar om teknologisk framgang er det med ei nærreligiøs tru på dette fenomenet. Og det er med ei stemme som godtek at me ikkje kan påverka vår teknologiske lagnad. I politisk samanheng vert denne myten forsterka med eit økonomisk argument som set eit likskapsteikn mellom auka effektivitet og betre velferd. I ei verd der effektivitet er avhengig av statistikk, vert valet du må ta i mellom ein stat som veit mykje eller ein stat som kostar mykje. Men uansett kva perspektiv ein har, at noko er teknologisk mogleg betyr ikkje at det er teknologisk nødvendig.

Myten om tryggleiken
Samfunnsmyten dukka opp igjen nyleg i debatten om skattelistene. Den tvingar oss til å velja i mellom eit samfunn som prioriterer personvern høgast eller eit som set openheit før alt anna. Som regel følgjer svaret oppførselen; viss du ikkje er interessert i kva naboen tener er det lett å halde med personvernaspektet i spørsmålet, mens viss du har vore innom å kikka alt så er det naturleg å forsvara nysgjerrigheita din med å velja openheit. Men dette er ei falsk problemstilling. Sjølvsagt kan du vera for eller imot skattelister på internett, men det betyr ikkje at du automatisk vel side i ein debatt som set «personvern» opp mot «openheit». Du bør faktisk kunne velje begge to!

Fri til å vere deg sjølv
Og her nærmar me oss den myten som ein høyrer oftast i diskusjonar om personvern. Tryggingsmyten forte at om du ikkje har noko å skjula, så har du ikkje noko å frykta. Sjølv om det er eit hav av eksempel på det motsette i moderne historie, er det lett å tru på denne logikken. Problemet er ikkje likninga, men premisset. Personvern er ikkje ein rett til å skjula feil. Personvern er ikkje ein rett til å ha løyndommar. Personvern er fridommen til å vera seg sjølv.

Det er denne fridommen du må vurdera opp mot den effekten ei eventuell innføring av Datalagringsdirektivet har. Og visst du trur at personvernet vert redusert, må du bestemma deg for om det er verdt det, i forhold til den trua du har på at Datalagringsdirektivet kjem til å gjera verda sikrare. Det her kjernen i valet ligg.

Forfattaren studerer også ved MSci Mathematics, Imperial, London og er dugnadsmester på www.dugnad. eu

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Kronikk

Landminer dreper elefanter

Stort møte i Bergen om trusselen mot trekkdyrene..

Jeg har ansvar for 28 barn

Kan jeg følge opp og gi tilpasset opplæring til hver enkelt av syv/åtteåringerne mine?

NRKs glade krigsbudskap

Vi fikk se unge, etter hvert mer og mer tungt bevæpnede menn, som så glade ut og skjøt i luften eller mot bygninger.

Hvem er etnisk norsk?

Nordmenn er en like lite ensartet gruppe som pakistanere.

Hva blir registrert om våre barn?

Vi foreldre vet ikke hvilke små bagateller eller problematiske opplysninger som registreres om våre barn, og hva de kan bli brukt til siden.

Vender seg direkte til folket

Cristina Fernández de Kirchner ligg an til attval i dagens presidentval i Argentina. Som Evita Perón er ho hata av overklassen og elska av dei fattige.

Relaterte bilder

FORFATTAREN: Geirmund Knutsen.

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet