Crowdsourcing!

Det japanske rockebandet Electric Eel Shock (EES) heldt i desse dagar på å førebu innspelinga av sitt neste studioalbum. Det er i seg sjølv ikkje så oppsiktsvekkjande, men finansieringa av albumet er relativt nyskapande og tar i bruk internett på ein smart måte.

Kronikk av Tarjei A Heggernes, heavyrockar og høgskolelektor



I 2006 sendte bandets turmanager/altmogelegmann Bob Slayer ut tilbod til via bandets mailingliste om at ein kunne verte med i «The EES Samurai 100», ein klubb der dei 100 medlemmene for 100 euro får gjestelisteplass på konsertar ut livet, diverse effektar frå bandet og takk på komande utgjevingar. Klubben vart oppretta for å finansiere ein ny turnebuss for bandet, samt å dekka diverse utgifter.

Den fekk raskt 100 medlemmer, og dermed gjekk finansieringa i orden. Allereie her nyttar bandet seg av crowdsourcing.



«Transworld Ultra Rock»
Då EES skulle spele inn plata «Transworld Ultra Rock» hadde ikkje plateselskapet pengar. Selskapet foreslo at dei skulle utsetje innspelinga, men då hadde bandet allereie avtala med produsenten Attie Bauw (som har jobba med Judas Priest, Scorpions og Bootsy Collins) om å produsere plata, dette gjorde han fordi han likte bandet og ikkje fordi dei betalte så mykje.

Dei avgjorde at dei skulle spele inn plata likevel, og skaffe kapital ved å turnere meir, samstundes som dei gav plateselskapet sparken.

Plateselskapet prøvde seinare å krevje retten til albumet dei ikkje kunne betale for. Bandet på si side var svært nøgde med kor mykje enklare det var å promotere platene på eiga hand i forhold til å vente på at plateselskapet skulle gjere det.



Fansen kan bidra
Så er vi framme til poenget: Finansieringa av EES si neste plate. Etter å ha hatt ein god erfaring med å gje ut plate på eiga hand, og god erfaring med å involvera fansen meir i bandet enn det som vanleg er, valde EES å finansiera sitt neste album gjennom www.sellaband.com.

Sellaband (SAB) vart starta i 2006 av Johan Vosmeijer (ex Sony/BMG), Pim Betist (ex Shell), og Dagmar Heijmans (ex Sony/BMG). Visjonen deira er å bryta ned gjerdet som skil dei som er innafor og dei som er utafor musikkindustrien.

Nettsidene er ein infrastruktur der fansen kan bidra med å finansiere platene, det er eit krav at kvar artist samlar inn 50.000 US$. Etter at pengane er samla inn tilbyr dei (det dei meiner er) eit topplag av produsentar, A&R-representantar og teknikarar samt anerkjende studio verda over der artistane kan spele inn platene.

Enkelt forklart fungerer det slik:

Bandet opprettar eit prosjekt, altså ei plateinnspeling.

Fans av bandet, såkalla «believers», gjer bandet pengar ved å kjøpe ein eller fleire delar av det komande albumet.



Dei truande
Plata vert spelt inn, eit eventuelt overskot vert delt på 3 mellom Sellaband (SAB), bandet og dei truande (believers).

Dei 50.000$ vert seld i delar som kostar 10$ pr stk. Ein truande fan kan kjøpe så mange deler han eller ho vil, og står fritt til å trekkje den støtta tilbake fram til målet er nådd, men etter at målet er nådd er pengane låst i prosjektet.

Det vert først trykka opp eit avgrensa opplag på 5000 som går til alle delhavarane i prosjektet, før ein trykkjer opp ein ordinær CD. Både platene vert seld gjennom SAB sine sider, samt at dei kan distribuerast på vanleg måte.

Det vert og seld nedlastingar av låtane på sidene. Og som sagt, overskotet vert delt mellom SAB, artisten og dei 5000 delhavarane.

Artistane oppnår følgjande:



Etterspurnad
Dei får eit realistisk bilete på kor stor etterspurnaden etter dei eigentleg er. Dette kan jo vera tøft, men skal ein drive verksemd er sjølve grunnlaget at det er etterspurnad etter det ein vil selje.

Fansen som investerer får ein eigarskap til bandet. Ulovleg nedlasting er utbreidd, men ved å knytte til seg fansen på denne måten stel dei ikkje berre frå artisten eller eit eller anna stort ansiktslaust plateselskap, men frå seg sjølve, som er medeigarar i produktet. I tillegg får artisten i delhavarane ein liten arme som har mange insentiv til å marknadsføre platene i nettverket sitt.

Er det nok etterspurnad, får dei finansiert plata, og mykje av det administrative arbeidet rundt ei utgjeving vert gjort av erfarne folk. Dette kan skaffe meir merksemd rundt utgjevinga enn artistane sjølve kan klare.



Dediserte delhavarar
Det fins svært dediserte delhavarar. EES oppretta ein profil der den 2 mai i år, pr i 19 mai, hadde dei allereie samla inn 25 000 US$, halvvegs til målet på vel 2 veker! Resten tok litt lenger tid, men etter 8 veker hadde dei samla inn heile summen.

Den mest dediserte delhavaren i det prosjektet, som kallar seg Paul McMaster, har kjøpt heile 276 delar i den komande EES-plata. Ein kikk på profilen hans viser at han har investert i underkant av 150 000 norske kroner i diverse prosjekt på SAB.

Han leste først om konseptet på ei flyreise, og synest at det å kjøpe aksjar i artistar var interessant. Etter å ha vore litt på sidene fann han fleire artistar som han likte betre enn artistar han høyrde på radio og TV.

Han starta varsamt med eit par artistar, no investerer han i artistar han først og fremst likar, og deretter sjekkar han på internett om banda er aktive, om dei har ein høg profil, rett og slett om dei jobbar seriøst med musikken.



Men fungerer det?
Det store spørsmålet er: fungerer dette? Vel, dei juridiske vilkåra er for omfattande å gå inn i, hugs at ein god advokat alltid er gull verd, men sidan SAB vart oppretta i 2006 har 12 artistar gitt ut cd-ar der, samt at ytterlegare 10 artistar har nådd målet om å samle inn 50 000 US$ og er klare eller heldt på å spele inn platene sine.

Ein kan jo og diskutere om produsentane og studioa dei stiller med er gode nok, men dei har sine merittar og dei burde halde i massevis for (relativt) ukjende band.

EES tel medlemmer av mellom andre Judas Priest, Iron Maiden, Turboneger og Mastodon i fanskaren sin, er nok det bandet med høgast profil frå tidlegare som finansierer plata si på denne måten. Avhengig av utfallet for EES er det ikkje umogeleg at fleire og meir etablerte artistar får augene opp for denne forma for finansiering.



Artisten og publikummet
Det har og dukka opp fleire liknande tenester, som www.slicethepie.com og www.bandstocks.com. Crowdsourcing som omgrep er ikkje avgrensa til finansiering og kultur, det fins allereie fleire eksempel på verksemder og plattformer for dette, som til dømes Amazon Mechanical Turk.

Alt i alt er dette ei interessant form for finansiering av kultur- og underhaldningsprodukt, som tar tilbake den viktige knytinga mellom artisten og publikummet.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Kronikk

Landminer dreper elefanter

Stort møte i Bergen om trusselen mot trekkdyrene..

Jeg har ansvar for 28 barn

Kan jeg følge opp og gi tilpasset opplæring til hver enkelt av syv/åtteåringerne mine?

NRKs glade krigsbudskap

Vi fikk se unge, etter hvert mer og mer tungt bevæpnede menn, som så glade ut og skjøt i luften eller mot bygninger.

Hvem er etnisk norsk?

Nordmenn er en like lite ensartet gruppe som pakistanere.

Hva blir registrert om våre barn?

Vi foreldre vet ikke hvilke små bagateller eller problematiske opplysninger som registreres om våre barn, og hva de kan bli brukt til siden.

Vender seg direkte til folket

Cristina Fernández de Kirchner ligg an til attval i dagens presidentval i Argentina. Som Evita Perón er ho hata av overklassen og elska av dei fattige.

Fakta om croudsourcing

  • Crowdsourcing er det å ta ei oppgåve du normalt sett vil sette ut til ein leverandør eller betale eit firma for å gjere, og be ein uidentifisert folkemasse om å ta seg av oppgåva i staden for.
  • Ved hjelp av nettsider som www.sellaband.com kan artistar bruke dette prinsippet for å få finansiert framtidige utgjevingar.

Kjelde: Wikipedia

Relaterte bilder