Mindre «løk» enn dei fleste
Hauge var truleg mindre «løk» enn dei fleste av oss. Til det hadde han sett djupare inn i livets mysterier og sjela sine irrgangar enn dei fleste.
Kronikk av Steinar I. Bergo, medforfattar av boka «Olav H. Hauge og bygda»
Kronikken «En løk i Ulvik» i BT fredag 24.10.08 var ein dårleg start på helga. Etter å ha snakka med Hauge-kjennar og jubileumsbokforfattar Arne Skjerven seinare på kvelden, vart opplevinga mi av kronikken yttarlegare forsterka. Men då eg vart oppringd av ein av dei få attlevande venene av Hauge sin generasjon, Gunnar Raunsgard på Grimo, fekk eg behov for å gjera noko konkret. Hauge vert i nemnde kronikk framstilt som ein løk, men i sjølve sitatet går det tydeleg fram at Hauge meiner oss alle, ikkje spesifikt seg sjølv. Uttrykket gjeld folk generelt, og såleis at me alle har noko Peer Gyntsk i oss, også Glenn Erik Haugland! Hauge var rett nok noko ambivalent i synet på seg sjølv. Han pendla mellom «den andre mannen» og mindreverdskjensla. Men stort sett visste han inst inne kva han var verd!
Tilhøvet til faren
Når det gjeld tilhøvet til faren som er det andre punktet i kronikken, medgjev Haugland at han byggjer på eit tynt grunnlag. Og det skal vera visst! Håkon Hauge var ein klok mann som m.a. let Olav få lov til å halda på med den «unyttige» lesinga! Og faren, arbeidsmannen og bonden står høgt i Olav sine tankar. For Olav var målet å skriva eit dikt som faren og Per Stedje tykte mon i, to av dei som han sette høgast her i verda! «Å gjera noko, det vil segja dikta, slik at far og Per Stedje var nøgde, so eg såg smilet deira, var det eg prøvde». (Dagboka Bind 2. s. 534. Per Stedje var styrar på Njøs forsøksgard i Leikanger, og ein særleg god støtte og ven.) Faren døyr i 1954 etter å ha lege på sjukehus i 9 månader. 25. februar det året skriv Olav i dagboka om faren medan han ligg på sjukehuset på Voss: «Livet hans har vore arbeid, skapande, byggjande frå fyrst til sist. Han rekna aldri, han far. Det er langt dit å kunna arbeida so sjølvgløymande som han». Det er lite som tyder på eit problematisk farstilhøve i det Olav H. Hauge skriv!
Einstøingen
Ein treng ikkje dikta opp nye mytar om Olav H. Hauge. Dei er det nok av, og eg vil gjerne kommentera nokre av dei, og samstundes korrigera litt av det biletet mange har prøvd å skapa av lyrikaren.
Bygdefolket kjende han som ein einstøing som dyrka litt frukt, las i staden for å arbeida og dikta enkle eller rare vers. Og så vart han «galen» av og til og måtte «takast» og sendast på Valen. Sjølv om han var sjuk og innlagd i fleire år, så viser dagbøkene at desse åra ikkje berre var vonde. Han fekk gode og verdfulle vener mellom pasientane, og ikkje minst god og verdfull vart venskapen med overlækjar Lunde. Trass i vanskane skriv han seinare at han ikkje ville vore desse opplevingane forutan.
«Den andre mannen»
Hauge fekk gjerne gjerne ein sjukdomsperiode kring utgjevingane av nye diktsamlingar, men innleggingane vart stadig kortare. Han pendla mellom redsla for det å eksponera seg og «den andre mannen» som han skriv. «Den andre mannen» var uttrykk for ein slags stormannsgalskap. Denne måtte tøylast gjennom det han kalla «kaldsmiing» i diktinga, eller kaldt vatn. Han vart friskare med åra. I tida rundt utgjevinga av Dropar i austavind i 1966 røynte det på, men han klara seg utan innlegging.
Litteraturforståsegpåarane meinte no at Hauge med denne tittelen hadde vendt seg mot austens tenking og filosofi, slik mange gjorde i 1960-åra. Hauge sjølv kunne fortelja at han tenkte på eit lokalt fenomen: Når veret kjem frå aust ligg Ulvik i regnskuggen!
Ein litterær evnukk
Det var ungdommane i Profilkretsen med Jan Erik Vold i spissen som tok til å interessera seg for den 30-40 år eldre Hauge. Profilkretsen har fått æra for å gjera Hauge kjend, men han hadde alt i 1961 fått kritikarprisen for «På ørnetuva»!
Einsam og med lita kontakt med omverda, så framstod Hauge for bygdefolket til langt uti 1960-åra om ein slags litterær evnukk, og folk flest trur nok at Bodil Cappelen var eit slags himmelens under. Rett nok sa Jan Erik Vold under lanseringa av brevsamlinga si Under Hauges ord i 1994 at «Da sendte gudene ham en kvinne». Men det er og langt på veg ein myte at ikkje Hauge tenkte på kvinner og hadde tilbod frå kvinner lenge før den tid. Tidlege kjærleiksdikt understrekar dette, og når ein les dagbøkene, så er her jammen kvinner som vekkjer poeten si interesse, og kvinner som «tilbyr seg».
«Ikkje lang pina»
Den høgreiste mannen som og hadde sett inn i andre røyndomar, pirra nok fantasien på meir enn ein måte. Men det vart ikkje noko av desse kjennskapane, anten kjenslene var einsidige eller Hauge sjølv var for reservert. Det måtte ei sterk kvinne som Bodil Cappelen til for å få has på den gamle ungkaren, jamvel då stritta poeten imot med at han var for gammal og sær. Men som han skriv til venen Jan Erik Vold: «Ho seier ho vil vera her», og Bodil vart verande. Hauge tilpassa seg utruleg greitt det nye livet. Dei gifta seg hjå sorenskrivaren på Voss den 27. januar 1978. I dagboka skriv han om giftarmålet: «Det var ikkje lang pina».
Det er utan tvil slik at Hauge hadde si beste tid menneskeleg og sosialt etter at han fekk kvinneselskap på Rossvoll. Han held fram med å skriva i dagbøkene heilt til nokre dagar før han døydde den 23. mai 1994.
Lesebok mot EU
Etter Jangelstrå i 1981 kom det som nemnt ikkje fleire diktsamlingar. Ein kan lura på om han var tom eller om ekteskapet øydela poeten. Kanskje vart han meir oppteken av slike sosiale aktivitetar som folk flest. Kanskje det nye tilværet «tok livet av poeten»? «Berre gode dagar skaper ikkje god dikting», sa han sjølv ein gong.
Sjølvsagt reiste han meir enn før både for å sjå seg om og for å lesa opp dikta sine. Bodil er biletkunstnar og saman laga dei rett nok ei ABC. Det er ei slags lesebok der Bodil laga ein teikning til kvar bokstav og Hauge skreiv eit rim. Teikningane heng utstilte på Brakanes skule i Ulvik. Hauge var og ihuga EU-motstandar og var jamvel med på å skriva lesebok mot EU.
Sjelelege irrgangar
Både på sine eldre dagar og etter sin død har Hauge sitt ry som diktar gått stadig vidare. I Ulvik lever han vidare i festivalar, filmar og mange andre samanhengar. Rundt omkring i landet er det framføringar i ulike kunstarter. I sentrum på Brakanes har han nyleg fått sitt eige hus. Haugesenteret tilsette leiar i jubileumsåret, og huset er under innreiing og utvikling.
Olav H. Hauge er vorten alle i bygda sin eigendom og ein del av Ulvik sin identitet. Du finn dikta hans på vegger, i artiklar og brukte i ulike samanhengar. Og når du skal ut i verda, så finn du jamvel dikta i ulike språkdrakter på golvet når du går til ein eller annan gate på Gardermoen! Mange har sett musikk til dikta hans, slik Glenn Egil Haugland har gjort. Men Hauge var truleg mindre «løk» enn dei fleste av oss. Til det hadde han sett djupare inn i livets mysterier og sjela sine irrgangar enn dei fleste. Han var ein jordnær mann som sette sjølve livet og tilværet på dagsordenen utan snurrepiperier og underlege tolkingar.
Les også
Siste fra Kronikk
Relaterte bilder
KOMMENTARER Våre regler