Kvar er redaktørane?
Samfunnsdebatten i Sogn og Fjordane skrik etter analyse og kompetanse medan lokalavisene overlet dei viktigaste nyhendene til BT og riksavisene.
- Publisert: 23.jul.2008 06:00
- Oppdatert: 23.jul.2008 09:52
Av Anne Viken, journalist og fri skrivande, Bygstad/Oslo
Eg
køyrer av stad i eit attgrodd landskap, gjennom smale mørke tunnelar og
møter ein ordførar frå Sogn og Fjordane. Ho er oppgitt. Det er for så vidt
kjekt for ho at ho kan operere som ho vil langt unna medias kritiske
søkjelys, men på den andre sida hadde det og vore behov for kritisk og
avslørande journalistikk også her ute, meiner ho.
- Kvar
er journalistane, spør ho oppgitt.
Journalistane er her. Men
dei bryr seg ikkje om slikt.
Vest Tank-skandalen i Gulen er eit
eksempel på ei av dei største skandalesakene i Sogn og Fjordane siste åra.
Kvar var lokalmedia? Firdas dekning av Vest Tank-skandalen er i stor grad
siteringssaker frå Bergens Tidende. (sjekk firda.no)
Også Sogn
Avis baserer seg på siteringssaker og gjer lite arbeid sjølv for å dekke
Vest Tank. Siteringssakene ligg, som på firda.no, på bokmål på nynorskavisas
nettsider. Lokalavisene ser med andre ord ikkje ut til å ville vie ressursar
til dei verkeleg viktige sakene i fylket, men overlet jobben til nasjonale
medium eller Bergens Tidende.
Les også: Redaktørane
slår tilbake
Kome her og kome her
- Kva er
det med Sogn og Fjordane? Kvifor er redaktørane der meir bakstreverske og
gnitne enn elles i landet? Er det fordi dei sjølve ikkje har røynsle med å
drive god undersøkjande journalistikk, og ikkje ser verdien i å la
journalistane sine bli gode på det, spurde SKUP-leiar Håkon Haugsbø
(«SKUP-leiar skuffa over Sogn og Fjordane», www.nj.no 1. april 2008), då NRK
Sogn og Fjordane berre ville betale SKUP-seminaret i Tønsberg i 2008 for ein
einaste journalist. (SKUP er forkorting av Stiftelsen for en Kritisk og
Uavhengig Presse.)
- Haugsbø har alltid hatt eit godt og tydeleg
sjølvbilete. No har han i tillegg budd fleire år i hovudstaden, og då kan vi
ikkje forvente at han skal ha respekt for kollegaer i mindre redaksjonar i
Utkant-Noreg, svarte redaksjonssjefen i NRK Sogn og Fjordane, Rolf
Sanne-Gundersen.
Ein skal med andre ord ikkje kome her og kome her.
Haugsbø kjem sjølv frå Sogn og Fjordane. Og han har eit poeng: Det er ingen
kultur for gravejournalistikk i Sogn og Fjordane.
Journalistikken
påverkar i sin tur debatten.
Underhaldningskaninar
Debatten
i Sogn og Fjordane no er i stor grad prega av tre aktørar som alle frontar
sine saker innanfor sine område både i form av saker og lesarbrev. Vi har
filmskapar Randi Førsund som vil ha hundre millionar kroner til vikingfilmen
«Hemnen», teatersjef Terje Lyngstad som kranglar med politiet om kor vidt
han kan få lov til å burne med bil i teateroppsettet av «Burn baby burn», og
kunstnar Stig Eikaas som heile tida snakkar om at han har sett opp nye
statuar av stein.
Både film, teater og kunst er interessante tema i
den allmenne samfunnsdebatten, men slik som desse tre og deira saker vert
framstilt i fjordfylket, framstår dei nesten utan unntak som
underhaldningskaninar: Førsund vil svømme Sognefjorden på langs om ho får
pengar til filmatiseringa av Hemnen, Lyngstads mann i bil misser lappen når
han burnar for BTs fotograf, og Eikaas vil gi mange tusen kroner til den som
spraya statuen av Gjest Baardsen i Sogndal rød.
Uinteressante
kulturaktørar
Det heile minner meir om såpeopera enn debatt,
underhaldande men ikkje djupt. Eikås kjem på trykk med tallause lesarbrev i
Firda, og firda.no lagar sak på Førsunds lesarbrev om fjordsvømming.
Desse
tre kulturaktørane framstår som flate og uinteressante, og kven sin feil er
dette?
Eg er einig med fylkesdirektør for kultur i Sogn og
Fjordane, Ingebjørg Erikstad. Ho sa nyleg til Firda at journalistane ikkje
alltid ser ut til å vere så godt skolerte. Når journalistens kompetanse
sviktar, går det som kjent ut over intervjuobjektet, og i andre omgang
lesaren. Eg trur nok Lyngstad har greie på teater sjølv om det ikkje kjem
fram, Førsund kan sikkert mykje om historie og film sjølv om ein får
inntrykk av det motsette gjennom media, og Eikås har sannsynlegvis også
greie på kunst, men dei tre framstår i lokalmedia som overflatiske og
tabloide.
Debatten sporar av
Men dette går ikkje berre
på kunnskap om film og steinkunst hos journalisten, det går også på evna til
å utføre research og grave fram kunnskap som set sakene i eit vidare
perspektiv. No er det svømming heller enn filmprosjektet, og spraymåling
heller enn om Eikås faktisk er ein dugande kunstnar. No er kunsten hans målt
i talet på arge lesarbrev. Debatten har spora av for lenge sidan.
For
å forhindre denne avsporinga i tilfellet Førsund, kunne ein eksempelvis ha
ringt opp historikarane Førsund hevdar å ha i ryggen og spørje dei om
filmmanuset hennar held vatn. Kva med å snakke med Nils Gaup om filmen? Han
er med på Førsunds lass. Eg lurer framleis på kva det er slags historiske
kvalitetar dette manuset har som får Nils Gaup til å tenne på prosjektet.
Stormannsgalne?
Forskar
Georg Arnestad meinte i ein kommentar i lørdagens Sogn Avis at den
stormannsgalne filmskaparen Randi Førsund har brukt opp taletida si.
Firda-journalist Katrine Sele skreiv i ein kommentar i Firda 3. mai at ho
ser det som eit symptom på noko ufriskt i Sogn og Fjordane at dei
stormannsgalne kulturaktørane Eikås og Førsund får så mykje plass i media i
fylket.
Eg vil ikkje bruke ordet stormannsgalne, men eg er einig
med Sele i at det er teikn på noko ufriskt. Det ser ikkje ut til å spire og
gro verken i den kritiske journalistikken, eller blant potensielle
samfunnsdebattantar. Samfunns- og mediedebatten i Sogn og Fjordane skrik
etter analyse og kompetanse. Den skrik også etter fleire stemmer.
Something
is rotten...
Gode skribentar må også framelskast i eit gunstig klima
som oppfordrar til kompetent debatt, ikkje i eit klima som lause kanonar på
dekk. Debatten og journalistikken heng unekteleg saman, og ein treng ikkje
operere nasjonalt for å halde nivå. Det handlar om grep og strategiar for
kva ein vil ha på trykk i det offentlege rom. Ein må ta medvitne val for
korleis debattnivået kan hevast, og desse grepa kan takast redaksjonelt.
Dei
siste åra har Bergens Tidende satsa meir på debatt- og kronikksidene fordi
avishuset ser den opne og informerte debatten som noko av det viktigaste
huset kan halde på med, skreiv debattredaktør i Bergens Tidende (BT), Hilde
Sandvik, på kommentarplass i april. Godt poeng.
Også
redaktørane i lokalavisene har eit ansvar for å ta regi, og også for å
framskaffe nye stemmer. Det bør vere ei økonomisk prioritering som også kan
gi avkastning på andre samfunnsfrontar enn i medias spalter: Eit heva
debattnivå i media kan vere med å heve nivået i lokalpolitikken. Her kan ein
gi honnør til kanalsjef Arild Nybø og Fjordaglimt i Firda der sakleg debatt
foregår på nett under fullt namn.
Om redaktørane hevar
krava til saklegheit og analytisk debatt i media, kan det smitte over på
analysen og kravet til kompetanse lokalpolitikken, noko Sogn og Fjordane
sårt kunne trenge i kampen om gode og ressursar. Men lokalmedia her har, og
vil truleg, dessverre, ha monopol i lang tid framover.
Gjer
lokalavisene ein god nok jobb? Sei di meining her.
Kommentarer
Kva er det avisa skal skrive om?
Debattane i BT skriv Viken. Ja er det nokon som kan hugse kva dei debatterte for to veker sidan? Debatt for debatten si skuld. Ein eller annan professor som tykte det hadde gått lang tid sidan han var sitert i avisa byrja å snakke om separatistisk parti på Vestlande. Ein tanke dei visstnok hadde hitta på i ei lokalavis for Chr. Michelsensgate.
Takk til lokalavisene som ikkje absolutt skal utøve "gravande journalistikk". " Gravande journaistikk" er noko som kom på moten etter Watergate. Spør du meg vil desse osloavisene og truleg BT óg ha gått i grava lenge før lokalavisene.
enig med deg Anne..
Interessant!
Ja, du seier noko;)
Uansett, når det gjeld kva feks Firda vel å skrive om, så trur eg det vil vere relevant å avklare kvifor stoffet er som det er.
Begynner borgarane å interessere seg for det som avisene trykker? Eller begynner avisene å skrive om det dei oppfattar at borgarane interesser seg for?
Når det gjeld lokalaviser, så kan ein jo stille spm til om desse skal ha same funksjon som landsdekkande aviser? Skal dei vere gravande, og framstå som den fjerde statsmakt, sjølv om det er det medias opprinnelege rolle er? Eller er ei lokalavis i dag noko som borgarane anser som "koseleg lesing" ? Bryr borgarane seg eigentleg om feks kommunalt ansatte er innhabile i sine saker, dersom ei avis hadde skreve om det?
Eg vil kanskje tru at størrelsen på staden kan ha ei viss effekt på den journalistikken som vert ført. Dersom ein ser på journalisten som person, så har vedkommande ofte eit ønske om å bli lagt merke til. Å vere den som får saker på trykk, å vere den som skriv gode saker. Eg vil tru at i Bergen så er journalistane meir anonyme, og at dei difor må lage betre saker, store saker for å bli lagt merke til, og å få komme på trykk. På mindre stader veit gjerne dei lokale borgarane kven ein er uansett.
I tillegg så er det kanskje ikkje så kulturelt akseptert å grave under underflata og røske opp upassande saker på mindre stader. Synlegheita vert større, og ringverknadane kan bli store. Dette kan det sjølvsagt i Bergen også, men...bygdenoreg har ofte ein litt spesiell kultur, og denne skal ein ikkje undervurdere.
Dessutan...kvifor gidde som journalist å streve så hardt for å lage gode saker, når folk kjøper lokalavisa uansett? Det er fleire som leser lokalavisa enn større regionale aviser, i feks sogn og fjordane, så kvifor gidde som journalist å skrive dei mest krevande sakene?
Uansett. Ei lokalavisa treffer kanskje ikkje fult så tenkande lesarar, og verken sak eller språk må vere for komplisert. I ei større regionavis som BT kan dei kjøre på med hardare og meir kompliserte saker fordi det er fleire kunnskapsrike lesarar, fordi dei med utdanning ofte trekkast mot større byar, og næringslivet generelt held eit høgare nivå.
Ein kan spekulere i så mangt om kva grunnane er. Men det er nok ein grunn. Og ein kan kanskje sjå paralellar til andre områder? I valgdeltakelsen når det kjem til kommune og fylkesvalg så dalar deltakinga nedover. Borgarane viser passivitet, likegyldighet. Dei same borgarane gjer kanskej det ovanfor lokalavisa når det kjem til kvaliteten på journalistikken. Så lenge dei har noko greit å lese, så er det heilt greit nok. Og dei gidd ikkje stresse....Når ingen seier noko, er det heller ingen som endrar noko.
Stå på Anne - du har faktisk eit poeng !
Diskuter: Kvar er redaktørane?
Oft e er det kun negativt det du skriver om hjemfylket ditt. Det må være veldig trist å ha det slik. Var det SÅ oppbyggen for deg å flytte fra Bygstad.
Er selv oppvokst der og flyttet til Oslo for mange år siden som du. Men til forskjell fra deg ser jeg ikke bare positive egenskaper med denne byen.
Ro deg litt ned, Anne. Noen ganger blir det du skriver nesten litt pinlig. Husk det er flere som har flyttet ut i "verden" enn du, og noen avoss har til og med noen verdier med oss hjemmefra. Fikk ikke du det?
Håper du snart vil skrive noe posetivt og bra om fylket ditt. Det er bare å grave opp historiene:)
Din kommentar
Søk i skattelistene Topplister
Bilder
-
UNDERHALDNINGSKANINAR: Randi Førsund vil svømme Sognefjorden på langs. Terje Lyngstad vil burne. Stig Eikaas vil gi mange tusen kroner til den som spraya statuen av Gjest Baardsen i Sogndal rød. Der stoppar kulturdebatten i Sogn og Fjordane, meiner Anne Viken. NN (Foto)
-
KRITISK: Anne Viken.
-
SAMLAR: Teatersjef Terje Lyngstad har truleg ein av dei største private samlingane av Ludvig Eikaas-kunst. No vurderer han søksmål mot Stig Eikaas. Bergens Tidende (Foto)
-
LOKAL KULTURDEBATT: Stig Eikaas. HÅVARD BJELLAND (Foto)
-
BURN, BABY: Sogn og Fjordane Teater trassar politiets nei, og vil produsere teateroppsetjinga «Burn,Baby, Burn».Dette biletet er arrangert.Men Arild Reiakvam, som skal medverke i stykket saman med sin fleirfaldige hundre hestekrefters Ford Sierra, fekk førarkortet beslaglagt av politiet seinare under denne fotoseansen. HEIDI HATTESTEIN (Foto)
3 mest leste artikler »
-
Ble sendt hjem til søppelhaug
Alvorlig syk mann ble sendt hjem til dette huset. Sykehuset tar ikke selvkritikk.
-
Vestlandet på Google-kartet
Vestlandet er for alvor satt på Google-kartet. Se bildene her.
Siste lokalt
-
Hvem jager Google med lystergaffel?
Hvem er mennene som løper etter bilen fra Google Street View i Bergen?
-
Slo samboer med jernstang
Kvinnen ble grovt mishandlet i fem år.
-
Politiet tar frem pisken
Bot for tomgangskjøring og bruk av sambruksfelt uten lov. 0
-
Økt volum, lavere gevinst
Men Sparebanken Sogn og Fjordane er fornøyd med fjoråret.
-
Full utrykning til handleveskebrann
Kvinnen i 60-årene fikk selv slukket flammene fra trillevesken på Nordås.
På forsiden nå
- 19:13 Hvem jager Google med lystergaffel?
- 18:36 Slo samboer med jernstang
- 18:14 Politiet tar frem pisken
- 18:08 Økt volum, lavere gevinst
- 17:24 Full utrykning til handleveskebrann
- 17:07 Krasj på Minde
- 16:44 Innbrudd i Griegpark
- 16:17 Branns sesongkortsvikt
- 16:16 - Hvem satte fyr på seilbåten?
- 15:14 30 døde i snøskred i Afghanistan





























































Siste Kommentarer
Interessant!
Stå på Anne - du har faktisk eit poeng !
Diskuter: Kvar er redaktørane?
Se alle innlegg