Mediene har alltid vore udemokratiske
Massemediene i Norge er akkurat så mektige som du mistenker, og journalistane brukar makta si akkurat så udemokratisk som dei alltid har gjort.
- Publisert: 12.apr.2008 06:00
- Oppdatert: 12.apr.2008 08:53
Kronikk
Lars Nyre
Førsteamanuensis ved Institutt for
Informasjons- og medievitenskap, UiB
Makta til å setja dagsorden for offentleg debatt har vore i massemediene sine hender i fleire hundre år. Journalistar og redaktørar fekk etterkvart så stor innflytelse at dei blei oppfatta som ei fjerde statsmakt. Dei overvåkar liksom dei tre statsmaktene regjering, storting og domstolar på vegne av sivilsamfunnet.
På ein måte er det bra at mediene har dette privilegiet. Samfunnet nyt jo godt av deira kritiske journalistikk fordi den førebygger maktmisbruk i alle sektorar av samfunnet, og jevnleg vert det renska ut moralsk svake menneske frå statsapparatet. Likevel er ikkje dette ein tilstrekkeleg kompensasjon for det systematisk skeive forholdet mellom massemediene og folk flest si dagsordenmakt.
For stor kontroll
Min påstand er altså at mediene har for stor
kontroll over samfunnet si offentlege verksemd. I 2008 står massemedier som
NRK, TV2, VG og Dagens Næringsliv på linje med regjeringa, Stortinget og
domstolane når det gjeld reell makt i Norge, utan at borgarane har formelle
muligheitar til å påverka måten dei vert styrt på.
Det største demokratiske problemet består i at mediene ikkje er viljuge til å skapa eit jambyrdig forhold mellom seg sjølve og sine millionvis av lesarar, sjåarar og lyttarar. Dersom borgarane si dagsordenmakt skulle auka, ville dei dominerande massemediene si dagsordenmakt minka, og her ligg problemet.
Gjennom fleire hundre år har me blitt opplært til å tru at mediene si dagsordenmakt er noko naturleg og sjølvsagt, og me har stor respekt for den. Eg vart letta då kronikkavdelinga i Bergens Tidende ville trykka denne teksten. For den som blir refusert er det ei mager trøyst at det finst bloggar, debattfora og nettverkssider på internett.
Fornying i framtida
Dei nye digitale arenaene har ikkje på langt
nær den same dagsordenmakta som for eksempel BT, og er ikkje tilstrekkeleg
etablerte til at det går an å stola på dei skapar genuin fornying i
framtida. Same kor verdifulle dei er i liten skala så er dei (enno) ikkje
truverdige som arenaer for nasjonal politisk debatt.
Bergens Tidende er ikkje ein blogg. Vanlege folk får i minimal grad delta i dei arenaene som verkeleg gjeld, og det er fordi mediebedriftene ikkje tenkjer på sine offentlege arenaer som eit allment gode, men som ein kunnskapsarena der berre dei spesielt kvalifiserte får delta (journalistar og andre maktelitar). Dei beskyttar sitt historiske privilegium mot ei utjamning som er fullt mogleg å gjennomføra både teknisk og sosialt, men som altså ville ha vore sjølvmord for dei tradisjonelle massemediene.
Månelandinga
Samanlikna med månelandinga og andre vellukka
storsatsingar er det utvilsomt mogeleg for demokratiske samfunn å organisera
massemediene slik at hundre- og tusenvis av menneske kan delta. I så fall
ville samfunnets sine mange motstridande interesser ha blitt reflektert på
ein mykje meir realistisk måte i offentlegheita. Men det ville altså gått på
bekostning av slagkrafta til dei store mediene både når det gjeld
reklameprisar og opplagstal, og difor skjer det ikkje.
Ein eksklusiv krets av folk har kontrollen over kva som vert sett på dagsorden, og dei beskyttar sine maktmidlar med nebb og klør, pluss at dei stadig forsøker å utvida basen sin. Også dei nye arenaene på internett og mobiltelefonen er nesten fullstendig dominert av desse kommunikasjonselitane, tenk for eksempel på VG Nett.
Mediene sitt solide grep
Dette dreier seg om medierådgivarar,
spin doctors, journalistar, kjendisar, redaktørar, reklamefolk og PR-folk,
pluss lobbyistar og politikarane sjølve. Alle desse yrkesgruppene er opne
for overgangar seg imellom, slik at karrieren kan byrja på ein stad og
slutta ein heilt annan stad. Det einaste som må vera stabilt er mediene sitt
solide grep om sivilsamfunnet si offentlege merksemd.
Som sagt har mediene alltid vore udemokratiske. Men sidan mediene si dagsordenmakt har auka heile tida, er det demokratiske problemet også blitt større. Den siste store maktkonsolideringa føregjekk med overgangen frå partipresse til ein frittståande og stadig meir industriell journalistikk frå 1970-talet.
Systematisk undertrykking
Marknadslogikken som sakte men sikkert
vart innført i norske medier har styrka dei enormt som samfunnsaktørar.
Ikkje minst er den eit godt verktøy for å ta kontroll over dei veksande
offentlegheitene på internett og mobiltelefonen. Alle marknader fungerer på
ein opportunistisk måte, og samfunnsnytten oppstår når det er opportunt for
mediebedrifta, men ikkje når det er opportunt for det norske samfunnet.
Eg skildrar ei systematisk, men godt skjult undertrykking av vanlege folk. Det er berre to ting folk kan gjera med dette problemet: enten å forsona seg med tilstandane og nyta dei vakre estetiske overflatene, eller organisera ein grasrotmotstand mot den etablerte mediemakta og arbeida svært langsiktig. Det er mest sannsynleg at folk veljer forsoning istadenfor grasrotmotstand.
Kven tar ansvar?
Satirerockarane Black Debbath stiller nokre
viktige spørsmål om borgarane sitt handlingsrom: «Folk føler seg maktesløse,
baby, ovenfor et byråkratisk apparat der kun høytstående hvitsnipper og
snobber får fremme sin sak. Men hvem tar ansvar for å putte ordene i munnen
på det tafatte proletariat? Ja hvem skal skal gi herr Kokko en stemme? Hvem
sparker makttampene bak?» «Den femte statsmakt», 2004).
Kva sterke aktørar finst utanfor den sfæren mediene kontrollerer? Det er minst ein instans som har plikt til å sparka makttampane bak, og det er dei frie forskarane innafor medievitskap og andre samfunnsfag. Skattebetalarane forventar at frie medieforskarar overvåkar mediene si dagsordenmakt og slår ned på deira overgrep mot offentlegheita, men dette er ikkje tilstrekkeleg.
Udemokratisk kommunikasjon
Mitt hovudpoeng er at sivilsamfunnet
treng gode alternativ til dei noverande massemediene. Digitale teknologiar
har særleg stort potensiale for å skapa meir demokratiske og inkluderande
kommunikasjonsformer, men då må deira beste potensiale dyrkast med
tolmodigheit og utan krav om profitt.
Tradisjonelt ville dette vera NRK si rolle, men eg meiner altså at universitet og høgskular må ta på seg dette utviklingsarbeidet. Fagmiljøa kan samarbeida om å utvikla prototypar for betre kommunikasjon, og løysingane kan testast ut i samarbeid med studentar, politikarar og lekfolk. Dersom samarbeidet er vellukka, kan det føra til genuint nye måtar å kommunisera på i den offentlege sfæren.
Uansett korleis det blir gjort må massemediene sin udemokratiske kommunikasjon bli broten, slik at betre offentlege arenaer kan oppstå.
Kommentarer
Kvar er dei kritiske gravarane?
Ikkje ofte å sjå reportasjar og intervju om dei slunkne sidene ved media!
Kvifor er journalistar så hårsåre og berre smell i sjølvforsvar når deira eiga rolle skal drøftast?
Elles takk til artikkelforfattaren for at han trur på grasrotmedia som byggjer på heider og tolmod!
Meget interessante refleksjoner!
Partiavisene var bedre for debatten.
Hvem tør først bryte ut av andedammen?
Hvis mediet bryter ut av andedammen for en periode, for å sette fingeren på slike problemstillinger, og for å prøve å skape en mer allmennhuman meningsdannelse, så kan mediet selvfølgelig få store deler av både folk flest og øvrigheta mot seg, for en periode, inntil nye realistiske fakta, og bedre holdninger, er sunket inn blant offentligheten.
Slikt kan selvfølgelig bli tøft, men etter en slik hestekur, så tror jeg mediet ofte vil få flere lesere, og derigjennom også flere reklameinntekter. Men jeg kan dessverre ikke si å ha lagt merke til at det har forekommet slike hestekurer blant større norske medier (er det noen som har historiske eksempler?), og det nærmeste jeg kommer tror jeg må være Aftenposten, som jeg mener nå på kort tid har gått fra å være svært politisk korrekt, til i større grad å antyde skjevheter i samfunnet, og det bygget opp med gode faktaopplysninger. Så det er tydeligvis svært mange omstendigheter som skal klaffe før et slikt medie ser det mulig å gjennomføre en skikkelig hestekur fra redaksjonens side.
Diskuter: Mediene har alltid vore udemokratiske
Din kommentar
Søk i skattelistene Topplister
Bilder
-
DEI TRADISJONELLE MEDIENE beskyttar sitt historiske privilegium til udemokratisk kommunikasjon mot ei utjamning som er fullt mogleg å gjennomføra både teknisk og sosialt, men som ville ha vore sjølvmord for dei.
-
FORFATTEREN: Lars Nyre er førsteamanuensis ved Institutt for Informasjons- og medievitenskap, UiB
3 mest leste artikler »
-
Ble sendt hjem til søppelhaug
Alvorlig syk mann ble sendt hjem til dette huset. Sykehuset tar ikke selvkritikk.
-
Vestlandet på Google-kartet
Vestlandet er for alvor satt på Google-kartet. Se bildene her.
Siste lokalt
-
Råkøyrde i tunnel
Mannen suste gjennom tunnelen i 141 km/t – med berre parkeringslys på. - Graverande, seier politiet.
-
Hvem jager Google med lystergaffel?
Hvem er mennene som løper etter bilen fra Google Street View i Bergen? 0
-
Slo samboer med jernstang
Kvinnen ble grovt mishandlet i fem år.
-
Politiet tar frem pisken
Bot for tomgangskjøring og bruk av sambruksfelt uten lov. 26
-
Økt volum, lavere gevinst
Men Sparebanken Sogn og Fjordane er fornøyd med fjoråret.
På forsiden nå
- 19:52 Mjeldes igjen
- 19:13 Hvem jager Google med lystergaffel?
- 18:36 Slo samboer med jernstang
- 18:14 Politiet tar frem pisken
- 18:08 Økt volum, lavere gevinst
- 17:24 Full utrykning til handleveskebrann
- 17:07 Krasj på Minde
- 16:44 Innbrudd i Griegpark
- 16:17 Branns sesongkortsvikt
- 16:16 - Hvem satte fyr på seilbåten?


























































Siste Kommentarer
Partiavisene var bedre for debatten.
Hvem tør først bryte ut av andedammen?
Diskuter: Mediene har alltid vore udemokratiske
Se alle innlegg