Studentar i takt

kronikk

Det er oppsiktsvekkjande at leiinga i NSU i Bergen meiner det er utillateleg av ein dekan å gje uttrykk for eit anna syn enn Rektor.

Ernst Nordtveit. Dekan ved Det juridiske fakultet, UiB, medlem av Stjernø-utvalet

Under overskrifta «Dekan i utakt», gjekk leiar i NSU Bergen Ben Shlomi Holan og Christian Bjerke, fagpolitisk ansvarleg i NSU Bergen ut mot dekan Gerd Kvale for hennar støtte til Stjernø-utvalet si tilråding (4. mars). At dei er usamde med henne i sak får så vera. Det oppsiktsvekkjande ved innlegget er at dei meiner det er utillateleg av ein dekan å gje uttrykk for eit anna syn enn Rektor i ei sak som nå er til vurdering ved Universitetet i Bergen, som høyringsinstans for tilrådinga. Åtvaringa mot at i sær dekanar kan gje uttrykk for avvikande synspunkt rettar seg vel også mot meg som medlem av Stjernø-utvalet og dekan ved eit anna fakultet enn Kvale. Eg finn difor grunn til å ta til motmæle mot eit slikt syn på korleis universitetspolitiske spørsmål bør handsamast internt på universitetet.

Skremmande syn
Studentane sine representantar meiner altså at når rektor har sagt kva han meiner om saka, bør ikkje nokon gje uttrykk for avvikande synspunkt. Dei skriv at Kvale «må tenke seg godt om og ha gode grunner for å gå ut mot sin egen rektor».

Det er svært uheldig at Holan og Bjerke med dette gjev uttrykk for at dei ønskjer einsretting av Universitetet sine standpunkt i eit viktig spørsmål. Anten dette er eit uttrykk for ønskje om å undertrykkja meiningar dei ikkje likar, eller om det er uttrykk for NSU si allmenne haldning til diskusjonar, er det uheldig og i strid med langvarig universitets- og særleg studenttradisjon.

Dekanar som går i utakt med leiinga har universiteta alltid levd godt med. Studentar som går i takt er eit langt meir uvanleg og skremmande syn.

Burde vite?
Stjernø-utvalet har gjort framlegg om at institusjonane skal koma med framlegg til samanslåingar og organisering. Dette burde gje grunnlag for ein fordomsfri og kreativ debatt med sikte på å utvikla forsking og utdanning ved Universitetet i Bergen og i regionen. Det vil skje strukturendringar i høgare utdanning og forsking same kva som skjer med framlegga frå Stjernø-utvalet. Det er viktig at UiB og dei andre institusjonane i regionen ikkje stiller seg på sidelina i ei slik utviklinga.

Holan og Bjerke skriv at Kvale «burde vite» kva problem ei omstrukturering av sektoren ville føra til, «etter å ha sett Grønmos presentasjon av skillet mellom universitet og høyskoler på dekanmøte i slutten av januar». Skilnaden i syn mellom rektor og nokre andre av oss, byggjer vel nettopp på ulik oppfatning av kva verknaden av ei samanslåing vil bli.

For lite debatt
Det har heller vore for lite enn for mykje debatt etter at Stjernø-utvalet la fram si tilråding. Diskusjonen så langt viser liten endringsvilje i Universitets- og høgskulesektoren. Det er nesten påfallande at svært få av dei som har delteke i diskusjonen kjem med andre framlegg eller gjev uttrykk for at dei i det heile ser for seg endringar. I denne samanhengen er det etter mitt syn svært positivt at Kvale reiser nye problemstillingar og fører ein god argumentasjon for at ein bør ta seg tid til ei grundig gjennomtenking av situasjonen.

Vil sikre kvaliteten
Holan og Bjerke har rett i at det meste av den vitskaplege aktiviteten i dag foregår ved Universiteta, særleg etter at Stavanger og Agder har blitt universitet, men talet på stipendiatar og professorar ved høgskulane aukar sterkt. Dersom vi held fram med dagens system vil nokon av høgskulane utvikla seg vidare i retning av universitet, medan andre vil sakka akterut og ha vanskar med å oppretthalda kvaliteten i utdanninga.

Stjernø-utvalet presenterer ei løysing for å sikra kvaliteten i norsk høgare utdanning og at vi kan bevega oss bort frå ein situasjon med kvalitetsmessig svake utdanningstilbod i distrikta til eit meir likeverdig utdanningstilbod i alle delar av landet.

Stimulerande forsking
Ei samanslåing av institusjonar vil ikkje innebera at ikkje dei ulike delane av institusjonen skal kunne utvikla sine særdrag og sin eigen profil. Stjernø-utvalet har understreka sterkt at ein må oppretthalda og styrkja forskingsmiljøa. Innanfor dei nye institusjonane må ein også skilja mellom dei miljøa som driv forsking og dei som driv profesjonsutdanning. Dei miljøa som driv profesjonsutdanning, må likevel kunne trekkja på kompetansen i forskingsmiljøa. Det er framlegg om finansieringsordning for å satsa tungt på utvikling av sterke forskingsmiljø og kvalitet både i undervising og forsking.

Varemerket NHH
Det vil også vera mogeleg for ulike avdelingar i eit fleircampusuniversitet å profilera sine fagmiljø både nasjonalt og internasjonalt, på same måte som til dømes geofag eller biologi i dag framstår som internasjonalt tunge forskingsmiljø ved Universitetet i Bergen.

Til dømes har NHH særleg grunngjeve sin motstand mot samanslåing med at dette ville svekkja deira «varemerke» og deira stilling internasjonalt og vist til si akkredittering i EQUIS (European Quality Improvement System, internasjonalt system for kvalitetssikring, forbetring og akkreditering for utdanningsinstitusjonar innan økonomi og administrasjon).

Ved ei rask oppteljing mellom dei 111 handelshøgskulane som er på EQUIS si liste, har eg funne 46 der det går fram av institusjonsnamnet at dei er ein del av eit universitet.

Nokre, som til dømes handelshøgskulane i Århus og Göteborg; er del av eit universitet utan at det står i namnet. Særleg interessant er det at Handelshøgskulen i Mannheim, som eg skjønar er rekna som den fremste handelshøgskulen i Tyskland, er ein del av Universitetet i Mannheim. Skulen framhevar si universitetstilknyting, samstundes som den framstår som Handelshøgskule. Noko tilsvarande ville utan vanskar kunne gjennomførast for NHH. NHH ville kunne halda på alle fordelane dei har ved å framstå som handelshøgskule. Samstundes kunne dei som del av UiB ha oppnådd fordelane av samordning av ressursane og utvikling av forskingsmiljø og studietilbod.

Taktløyse

Stjernø-utvalet si tilråding har overlate initiativet til institusjonane i høgare utdanning. Det krevst kreativitet og vilje og evne til nytenking for å ta denne utfordringa. Institusjonane har no høve til å leggja grunnlaget for ei ny utvikling for norsk høgare utdanning.

Men det krev at ikkje alle går i takt!

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Kronikk

Landminer dreper elefanter

Stort møte i Bergen om trusselen mot trekkdyrene..

Jeg har ansvar for 28 barn

Kan jeg følge opp og gi tilpasset opplæring til hver enkelt av syv/åtteåringerne mine?

NRKs glade krigsbudskap

Vi fikk se unge, etter hvert mer og mer tungt bevæpnede menn, som så glade ut og skjøt i luften eller mot bygninger.

Hvem er etnisk norsk?

Nordmenn er en like lite ensartet gruppe som pakistanere.

Hva blir registrert om våre barn?

Vi foreldre vet ikke hvilke små bagateller eller problematiske opplysninger som registreres om våre barn, og hva de kan bli brukt til siden.

Vender seg direkte til folket

Cristina Fernández de Kirchner ligg an til attval i dagens presidentval i Argentina. Som Evita Perón er ho hata av overklassen og elska av dei fattige.

Fakta Stjernø-debatt i BT

* Olav Øye, leder av Studentenes Landsforbund: Universitetskonservative BT (22.01)

* Ernst Nordtveit, professor ved UiB, medlem av Stjernøutvalet: Ei redning for høgare utdanning (23.01)

* Bjarne Hodne, leder Forskerforbundet: Stjernø med nisse på lasset (25.01)

* Andreas Engeberg, Tekna: Kvalitet, ikkje kaos! (30.01)

* Georg Arnestad, Fou-leiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane: I seng med fienden? (03.02)

* Gerd Kvale, dekana, UiB: Et vestnorsk universitet likevel? (21.02)

* Sigmund Grønmo, rektor ved UiB: Ja til vestnorsk nettverksdebatt (24.02)

* Gerd Kvale: Universitetets fremtid (27.02)

* Ben Shlomi Holan, leder NSU Bergen, Christian Bjerke, fagpolitisk ansvarlig, NSU Bergen: Dekan i utakt (04.03)

* Laszio P Csernai og Jan S. Vaagen, UiB: Stjernø i ukjent terreng? (10.03)

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet