Arbeidarens nye vener
Venstresida treng arbeidaren, men treng arbeidaren venstresida? Kultureliten
er ein viktigare alliert.
- Publisert: 14.mai.2007 06:00
- Oppdatert: 14.mai.2007 06:09
Erlend Kaasamedieviter
Magnus Marsdal sin freistnad på å
knekke Frp-koden har reist ei rekke interessante problemstillingar. Ikkje
minst gjeld dette påstanden hans om at kultureliten sin kritikk av Frp
triggar ein protestrefleks hjå arbeidarklassa som jagar store veljargrupper
rett inn i armane til Siv Jensen og partifellane hennar. Umiddelbart kan det
synast som om utspelet hans mot kultureliten har mykje for seg. Det bør
ikkje herske nokon tvil om at klasseforakten blømer i det norske samfunnet.
Kultureliten sitt maktgrunnlag aukar proporsjonalt med avstanden til den
gemene hop. Når Frp i aukande grad seglar opp som partiet for denne hopen,
blir kultureliten sin Frp-kritikk ikkje noko anna enn eit logisk
hersketeknisk grep frå ein klasse som byggjer sosial prestisje via ei
systematisk fornekting av det alminnelege og folkelege. Frp er såleis
blitt den politiske ekvivalenten til den folkelege Harrykulturen. Frp og
Harrykulturen er blitt to sider av same sak.
Kultureliten
har med si definisjonsmakt stempla Frp som eit reservoar for politisk
ukorrekte haldningar. Frp er truleg det partiet som best har greidd å fylle
det politiske vakuumet som fragmenteringa av arbeidarklassa har lete etter
seg.
Likeins har den same eliten formsydd det nedsettande
Harryomgrepet etter kurvene til den folkelege kulturen. På denne måten blir
to av landets største folkerørsler umyndiggjorde og marginaliserte av
krefter som har kulturell makt til å gjera nettopp dette. Frp og
Harrykulturen blir interneringsleirar for «folk flest», der
caffelatte-drikkande åndssnobbar med urbane adresser opererer som årvakne
fangevaktarar. I dette tilspissa klimaet er det slett ikkje usannsynleg at
Frp vil kunne appellere til delar av veljarmassane. Partiet framstår som
rambukken som sprenger opp døra til offentlegdomen på vegne av alle dei som
ikkje har den kulturelle nøkkelen som må til for å opne henne. Partiet kilar
seg dermed inn i elitens uniforme maktdiskurs, der det talar folkets røyst
med ein autentisitet som ingen andre parti kan matche. Slik veks det fram
ein antiautoritær aura rundt Frp med brei folkeleg appell.
Mot
denne bakgrunnen er det fullt mogleg å argumentere for at Frp har
profittert på kultureliten sin arroganse og klasseforakt. Men partiet sin
suksess står på fleire bein. Frp har marknadsført politikken sin med ein
«folk flest»-retorikk som nærast har blitt sjølvoppfyllande i sitt
insisterande vesen. Ved å flagge hjartesaker som skatte- og
avgiftsreduksjonar, innvandringsmotstand og eldreomsorg, har partiet på få
år vokse frå å vera ei smal, eksentrisk sekt til å bli ei brei folkerørsle:
«Folk flest» røyster no Frp. Og statistikkane avslører at «folk flest»
refererer til såkalla vanlege arbeidsfolk. Dei har låg utdanning, og jobbar
helst i mannsdominerte yrke, gjerne innan industri, bygg og anlegg. I løpet
av relativ stutt tid har det funne stad ei omfattande veljarvandring, der
store grupper arbeidsfolk har kutta dei tradisjonelle banda til den
politiske venstresida og vandra over til eit parti på ytste høgre fløy.
Dette er ei politisk rørsle som må kunne karakteriserast som
oppsiktsvekkande.
Årsaka til denne veljarvandringa
er samansett. Arbeidarklassa har gjennomgått ein strukturell transformasjon,
frå eit homogent brorskap med samanfallande politiske interesser til å bli
ei fragmentert og svekka rørsle med sprikande, konfliktfylte fokus. Dei
klassiske arbeidarrørsleverdiane som sosial velferd og utjamning, har tapt
relevans og fordampa i ein arbeidsmarknad der vanlege arbeidsfolk i aukande
grad profitterer på marknadsliberalistiske prinsipp om tilbod og
etterspurnad. På denne måten har delar av arbeidarklassa, føretrinnsvis i
mannsdominerte yrke i privat sektor, opparbeidd eit relativt høgt materielt
velstandsnivå.
I den andre enden av skalaen finn ein dei
kvinnedominerte yrka i offentleg sektor, der lønningane er vesentleg lågare.
Konsekvensane av denne utviklinga er umoglege å oversjå: Ein høgtløna
oljearbeidar vil naudsynsvis ha eit ganske anna interessefokus enn
reinhaldsassistenten nedst på lønsstigen. Arbeidsfolket har med andre ord
opphøyrt å eksistere som ei økonomisk klasse. Dette har
sjølvsagt også fått politiske følgjer. Arbeidsfolk finn i stadig mindre grad
saker å einast om i eitt og same partiprogram.
Eitt
har likevel arbeidarklassa til felles: Den relativt låge utdanninga, som
også er ein akilleshæl. Arbeidarar i yrke med låge kompetansetersklar er
ekstremt sårbare i ein marknadsliberalistisk arbeidsmarknad, der
arbeidskraft frå lågkostland flyt fritt over landegrensene. På denne måten
er store delar av den gamle arbeidarklassa framleis sveisa saman i eit
intimt lagnadsfellesskap. Dette aspektet blir imidlertid tilslørt av
økonomiske oppgangstider, der tilgangen til arbeidskraft er knapp og
lønningane stig. I så måte fungerer høgkonjunkturar, slik som den som faldar
seg ut no, som opium for arbeidsfolket - og Viagra for eit parti som Frp.
For
venstresida må det vera tungt å vera vitne til at den gamle arbeidarklassa,
som tidlegare sto støtt som ein av dei fremste garantistane for å
oppretthalde statlege velferdsordningar, no byter ut den sosialdemokratiske
utjamningsideologien med Frp sine individsentrerte modellar. Det går føre
seg ei gradvis avsolidarisering av arbeidarklassa, der sosialt samvit vik
plass for draumar om lågare skattar og avgifter og auka privat forbruk. Dei
klassiske arbeidarklasseverdiane skjelv i grunnvollane. Men denne gongen
kjem ikkje åtaket frå dei gamle fiendestillingane, men innanfrå, frå
arbeidsfolket sine eigne rekker.
Alt dette fører oss
attende til utgangspunktet: Kritikken mot kultureliten si nedlatande
haldning til Frp. Ein må gjerne, som Marsdal, kritisere kultureliten for
arroganse og klasseforakt. Men Marsdal legg uforholdsmessig stor vekt på å
framstille arbeidarklassa si omfamning av Frp som eit legitimt opprør mot
ein undertrykkande elite. Det kan virke som om han vegrar seg mot å
akseptere at arbeidsfolket verkeleg har lese og forstått
Frp sitt partiprogram og faktisk ønskjer ei dreiing av samfunnet
i ei meir marknadsliberalistisk lei. Eit slikt syn går nemleg ikkje i hop
med venstresida si dyrking av den mytiske Arbeidaren, faneberaren for sosial
rettferd og solidaritet. Men venstresida bør snart innsjå, kor smertefullt
det enn må vera, at Arbeidaren har kasta frå seg dei raudmåla fanene sine på
vegen mot grøne marknadsliberalistiske enger.
Når
kultureliteni paternalistisk men empatisk ånd åtvarar arbeidarklassa mot
konsekvensane av Frp sin arbeidarfiendtlege politikk, burde Marsdal og andre
venstreaktivistar applaudere dette. For arbeidsfolket har vist seg å vera
ein upåliteleg alliansepartnar: Venstresida må lære seg å leve med sorga
over at arbeidarklassa ikkje er der lenger når ho treng henne. At Marsdal
sjølv er ein del av den eliten han kritiserer er neppe tilfeldig. Mykje
taler nemleg for at det nettopp er kultureliten som kjem til å
utgjera den ideologiske kjerna i forsvaret av dei tradisjonelle
arbeidarklasseverdiane i tida framover.
Lesetips:
Magnus
E. Marsdal: Frp-koden.
Håvard Nilsen og Chr. Anton Smedshaug
(red.): Folkepartiet.
Søk i skattelistene Topplister
Bilder
3 mest leste artikler »
-
Trafikkulykke på E39
To biler kolliderte på E39 i Os kommune. Speilglatte veier søndag kveld.
-
Forvirret vær også i morgen
Været er ikke til å bli klok på. Forvirringen fortsetter mandag.
-
Skrikende behov for bussjåfører
Norge trenger 2000 bussjåfører hvert år, men i fjor klarte bare 135 å ta lappen. Sjekk hvorfor.
Siste lokalt
-
Fyllingen skuffet
Fyllingen – Runar 23-25: Gikk på sitt tredje tap på rad.
-
Drama for 7.divisjons-spillere
Knut Høibraaten taklet biltyven. Hør spillerne fortelle om dramaet på Møhlenpris i kveld.
-
Trafikkulykke på E39
To biler kolliderte på E39 i Os kommune. Speilglatte veier søndag kveld.
-
Skrikende behov for bussjåfører
Norge trenger 2000 bussjåfører hvert år, men i fjor klarte bare 135 å ta lappen. Sjekk hvorfor. 21
-
Overlevde en time i motoren
Nei, det var ikke bremsene som hylte på bilen. Det var katten Kenny.
På forsiden nå
- 06:28 Tusenvis evakuert på Fiji
- 06:26 Tre ras sperrer riksvei 70 i Sunndal
- 00:17 Dobbelt Fana-gull i junior-VM
- 00:16 Fyllingen skuffet
- 00:15 Beckham alvorlig skadet
- 22:16 Gimle tapte finalen
- 21:24 Se alle rundens mål
- 21:14 Drama for 7.divisjons-spillere
- 19:41 Trafikkulykke på E39
- 18:57 Skrikende behov for bussjåfører
























































