Overlever læreboka?
kronikk
Hordaland fylke har gjort vedtak om berbar datamaskin til alle Vg1-elevar frå hausten; den digitale læringsplattforma It´s learning vert obligatorisk.
Steinar I. Bergolektor
Tidlegare kunnskapsminister Trond Giske ville i si tid gje elevane i vidaregåande skule gratis lærebøker.Skulane skulle kjøpa inn klassesett av ein del lærebøker i allmennfag. Det er positivt at ein prøver å hjelpa elevane økonomisk, men Giske gjorde minst tre feilslutningar: For det første: Dersom ein skal bruka lærebøker, er det pedagogisk og læringsmessig naudsynt at ein får streka under og notera i bøkene. Eit aktivt tilhøve til stoffet er ein føresetnad for læring og eit grunnleggjande prinsipp i ein god studieteknikk. Lærebøker ein ikkje kan skriva og notera i, har avgrensa læringsverdi. For det andre bør elevane ikkje kvitta seg med gode fagbøker etter at studiet er slutt. Aktivt lesne og grundig gjennomarbeidde bøker er lettare å slå opp att i seinare i yrkeslivet. For det tredje er det kanskje grunn til å stilla spørsmål med læreboka som læringsinstrument i det heile. Ein kunne føra til ein fjerde minus i rekneskapen; det at lærarane fekk ein stor jobb med å samla inn bøker, og skulane må krevja kompensasjon for bortkomne bøker. Vidare kunne ein nemna at dette er ei ordning bokhandlarane er lite glade for, og grunnen er lett å tenkja seg! Diskusjonen er på nytt aktuell når det gjeld Vg1 frå hausten 2007.
Bak tiltaket med gratis lærebøker ligg liten tvil om at læreboka framleis skal vera det viktigaste instrumentet i læringa! Men i overgangen til ei meir og meir teknologisert læring, vil læreboka i alle fall få ein annan funksjon, og ho må kanskje gå gjennom ei omfattande endring for å overleva.
I tidlegare tider då det var dårlegare tilgang både på bøker og annan informasjon, var nok læreboka ei svært viktig kjelde til kunnskap. Utviklinga gjekk og seinare, slik at kunnskapen på ein måte ”varde” lenger. Det som stod i lærebøkene var langt på veg lov og sikker vitskap, sjølv om denne kunnskapen og i ettertid kan ha synt seg å ikkje halda stikk. Eg kan t.d. hugsa at det i helselæra vår i realskulen midt på 1960-talet heitte om tobakk: ”På vaksne friske menneske gjer han knappast nokon skade....” Kven ville hevda det om sigarettane i dag!
Det er difor endå større grunn til å hevda at lærebøkene vert fort forelda i dag. Den mest oppdaterte kunnskapen finn ein i fagblad, tidsskrift og ikkje minst på internett. Dette gjeld særleg for skular og fag som formidlar dynamisk vitskap, t.d. ein gartnarskule eller ein teknisk skule. Når det gjeld språk og historie, så seier det seg sjølv at ein del kunnskap ligg meir fast. Men i slike fag er det og ein dynamikk som krev at ein følgjer med både i korleis språket endrar seg og lagar innovasjonar, og korleis samtida utviklar seg. Historia må og på mange måtar skrivast om for nye generasjonar.
Det seier seg sjølv at læreboka må presentera gårsdagens kunnskap. Men når det gjeld metodar og arbeidsmåtar kan læreboka ha ein funksjon. Eller kanskje ein burde ha ei bok som hjelpte elevane i å ta seg fram i ulike media, lærde dei å arbeida presist og vera kritiske til ulike informasjonskjelder, ei slags lærebok i å læra. Det ”å læra å læra”, og verta i stand til å oppdaga verda sjølv, er vel det viktigaste dugleiken ein treng for å skapa ei aktiv læring.
Kunnskapstilfanget er så stort i dag at læreboka berre blir ein meir eller mindre subjektiv seleksjon av den kunnskapen som finst. Merkeleg nok finst det både elevar, foreldre og lærarar som trur at dersom du puggar læreboka, så skal du ha toppkarakter. Slik viser dei ein gammal tenkjemåte om kva det vil seia å ha kunnskap, og manglande innsikt i kor stor tilgangen på kunnskap er i dag.
På internett ligg all verdas kunnskap tilgjengeleg. Men alt som ligg der er ikkje sant. Det er ikkje slik lenger at ein kan seia som han gjorde i skriftspråket sin barndom: ”Eg veit det er sant, for eg har sett det på trykk.” Tidlegare nemnde døme viser at lærebøkene og kunne ta feil. Dette er i mykje større grad tilfellet med internett. Læraren si hovudoppgåve i dag blir å rettleia elevane i å bruka ulike media, og ikkje minst: Læra elevane til å vera kritiske til informasjonen dei får, og samanlikna med kva andre meiner og veit. Kjeldekritikk blir eit nøkkelord.
Ei anna viktig oppgåve er å hjelpa elevane til å sjå samanhengar i kunnskapane, samfunnslivet og i livet generelt. Læreboka gav ein slags tråd og ein heilskap. Når ein veit lite, har ein ei større kjensle av å ha oversyn. Men slik kunnskapssamfunnet er i dag, er det ofte vanskeleg å sjå ein samanheng, for kunnskapane flimrar forbi og er ofte fragmentariske og motstridande. Det er dei som hevdar at vi i dag ikkje har noko kunnskapssamfunn, men eit informasjonssamfunn. Kunnskap og danning er noko djupare og meir omfemnande enn informasjon. Her har skulen og læraren si store oppgåve!
Men læreboka, har vi bruk for henne? Det er greitt for lærarane å ha læreboka under armen. Ho skaper liksom ein tråd i den faglege kvardagen. Det er godt å ha nok å støtta seg på. Men spaden har stort sett utspela rolla si på landevegen, og eg trur at læreboka og har hatt si tid i skulen og. Vi treng gjerne mange og ulike fagbøker, tidsskrift og aviser på biblioteka. I tillegg treng vi oppdaterte datamaskinar, og lærarar som kan bruka dei. Men vi må koma endå vidare: Det må utviklast nye strategiar og eit større medvit om korleis ein skal bruka den nye teknologien. I byrjinga var skulane mest oppteken av å få utstyret og program til å verka. I dag er skulane i Hordaland, særleg dei vidaregåande, i ferd med å få eit godt utbygd nettverk som fungerer. Det er bestemt at elevane på Vg1 skal bruka datamaskin og læringsplattforma «It´s learning» frå hausten 2007.
Hordaland fylkeskommune har vedteke å yta eit tilskott på 5000 kroner til kvar elev. Bruken av PC og læringsplattformer er ei stor utfordring og ei stor mogelegheit for ”grenselaus” læring. Elevane likar å sitja og surfa på internett, men finn ofte lite, fordi dei søkjer i blinde. Ein treng å utvikla både metodikk og pedagogikk for å kunna utnytta dette verktøyet til læring som ikkje er avhengig av skuleklokka eller at ein går på skule i det heile.
Om læreboka overlever i den tekniske læringssituasjonen, står vel att å sjå. Nyheitene melde for ei tid sidan om ein professor i Bergen som spår at læreboka har om lag ti år igjen å leva. Læreboka si rolle blir truleg mindre viktig, men livet til læreboka avheng vel av læreboka si evne til å tilpassa seg den nye tida. Elevane treng hjelp til å bruka nettet i ulike fag, og læreboka kan vel gje ein viss grunnkunnskap og metodekunnskap. Men på eitt eller anna vis må ho koplast mot teknologien og den endra måten elevar lærer på i dag. Det ser ut som om moderne elevar kan læra ved å høyra musikk, lesa tekstmeldingar, surfa på internett og lesa litt i læreboka samstundes. For ein del lesesvake elevar vil truleg arbeid på datamaskin, gjerne med både lyd, tekst og bilete, vera mykje betre enn læreboka.
I framtida må vi integrera bibliotekbøker, tidsskrift og datateknologi i ein lærande organisasjon, der elevane er autonome og aktive kunnskapssøkjarar.
Les også
Siste fra Kronikk
Relaterte bilder
LÆREBOKEN OVERLEVER: Undersøkelser viser at læreboken står sterkere i norsk skole enn noensinne, skriver innsenderen.
KOMMENTARER Våre regler