1300 års byhistorie
Enkelte byar har lenge hatt eigne historieverk. Men ei samla framstilling av byen som fenomen og byutviklinga som prosess har mangla, skriv førsteamanuensis Arne Solli.
ARNE SOLLI
Bok/byhistorie
Knut Helle (red.):Norsk byhistorie - urbanisering gjennom 1300 år
Pax Forlag
Denne mangelen var utgangspunkt for eit historikarseminar i 1999 med tittelen «Norsk byhistorie – tid for syntese?» Syntesen har fått tittelen «Norsk byhistorie – urbanisering gjennom 1300 år». Boka er på nesten 600 sider og dekkjer ein periode på 1300 år. Forlaget omtalar boka som det første standardverket om norske byar. Den teoretiske innleiinga, det fyldige noteapparatet, litteraturlista og register viser at verket er retta mot lærarar i skuleverket, studentar og forskarar.
Boka har fire deler. Den første er skriven av Knut Helle og han legg vekt på at framveksten av konge- og kyrkjemakt saman med handelen, la grunnlag for dei få norske mellomalderbyane. I del to tar Finn-Einar Eliassen for seg perioden 1500 – 1800, «småbyenes storhetstid». Eksport av norske råvarer og sjøfart skapte grunnlag for ei rad nye småbyar, særleg frå agderkysten til svenskegrensa. I den tredjedelen, 1830 - 1920, konsentrerer Jan E. Myhre seg om industrialisering og framvekst av ein dominerande sentralstad for offentlege institusjonar, private verksemder organisasjonar. Her ligg forklaringa til at Christiania blei den største byen, og dei første reine industribyane vaks fram. I 1920 bur halve befolkninga i byar mot berre 1/8 hundre år tidlegare.
Den aukande urbaniseringa på kostnad av landsbygda er overordna tema i del fire, 1920 - 2000, skriven av Ola Svein Stugu. Stugu viser at det tidlegare så klare skiljet mellom by og land er i ferd med å bli viska bort. Kvar sluttar byen og kvar tek landsbygda til? Fysisk, kulturelt og økonomisk er ikkje desse lenger lette å få auge på. Internett og globalisering bryt ned det funksjonelle, symbiotiske forholdet mellom by og omland. Nasjonal integrasjon viskar ut skilnaden mellom by- og bygdekultur.
Innleiingsvis presenterer Knut Helle to modellar som gir perspektiv til den norske byutviklinga. Sentralitetsmodellen legg vekt på at byane tener omlandet politisk-administrativt, økonomisk, kulturelt og kultisk. Ta Bergen som eksempel. Bergens økonomiske betydning både for Vestlandet og Nord-Noreg sidan 1000-talet er udiskutabel. Byen er styringssentrum for eit omland, med tidlegare lensherrar på Bergenhus til fylkesmann i Statens Hus. Her er eit religiøst sentrum, med bispesete og eit kulturelt sentrum. Den andre modellen er basert på omgrepet nettverk, og han utfyller sentralitetsmodellen. Byane står ikkje berre i eit funksjonelt forhold til omlandet, men er også bundne saman i nettverk. Gjennom Det hanseatiske forbundet var Bergen knytt til Lübeck og ei rad andre nordtyske byar. Trelastbyane på austlandet var gjennom eksport knytt til m.a. London. I dei to første delane av boka (Helle og Eliassen) fungerer denne modellen godt.
I del tre presenterer Myhre fem nye omgrep som skal hjelpe oss til å få grep på «Den eksplosive byveksten» frå 1830 til 1920. Dette er konsentrasjon/sentralisering, kommunikasjon, industrialisering, offentlighet og drøm/mareritt. Brotet med omgrepsbruken frå del ein og to kan virke forvirrande, men skilnaden er mest i ord. Myhre viser at det er nettopp i denne perioden at tydelege styringshierarki blir etablerte. Oslo på toppen, Bergen og Trondheim som landsdelshovudstader, og mindre byar som regionale sentra og under desse ligg bygdebyane. Industrialiseringa førde med seg endringar i byens økonomisk funksjon. Bergen var på 1900-talet eit betydeleg produksjonssentrum, med skipsverft og mekaniske verkstader. Myhre viser korleis byane sin sentrumfunksjonar blei styrka med nye kommunikasjonsmåtar. Dampskip og jernbane knytte byane tettare til omlandet enn før. Sterk politisk vilje låg bak desse prosessane.
Det siste omgrepsparet drøm/mareritt tek for seg byens sosiale sider. Drøm handlar om korleis byen lokka. Industrialiseringa skapte også ein klart klassedelt by. I Oslo finn vi dei store herskaplege villaene frå slutten av 1800-talet vest for Slottet, i Homannsbyen og Uranienborg. Bergen har også flotte villastrøk frå denne perioden. På marerittsida finn vi bydelane der levekåra for arbeidarklassa var dårlege. Folk budde tett, trongt og usanitært. Byen gav negativ klang, og delar av borgarskapet tok til å dyrke norsk natur og livet på landsbygda. Landsbygda og bonden blei det nasjonale idealet, medan byen blei det unasjonale og framande. Kristiania blei vår avførings digre dike i augene til Olav Aukrust.
I del fire blir det teoretiske grunnlaget frå innleiinga gjennomhola. Modellane for sentrumsfunksjonar og nettverk fungerer ikkje like godt lenger. Sidan kring 1980 har skilnadane mellom by og landsbygd i stor grad blitt borte. Lovverket hindrar ikkje bygdesentra i å søkje og få bystatus, slik Nærøy i Ytre Namdalen gjorde i 2003. Byen og det urbane kan ikkje lenger definerast ved folkemengd per kvadratmeter og del av dei yrkesaktive med arbeid innan industri- eller tenesteytande sektor. Levevis og økonomi på landsbygda er blitt urbanisert.
Helle innrømmer innleiingsvis at struktur-funksjonsperspektivet fangar mindre godt det urbane som livsform og opplevinga av å bu i by. Menneska i byen kan forsvinne i framstillinga. Helle er den som i minst grad kjem ned på gateplanet. Men han har også den klart vanskelegaste oppgåva. Kjeldene frå mellomalderen teier om folk flest. På 1600-talet aukar kjeldemengda og i «Patrisiat og allmue – bysamfunn og bykultur» fører Eliassen oss inn i kjøkken og stove, til fest og kvardag i småbyane. Musikk, underhaldning, teater og identitet er andre stikkord som viser at Eliassen har teke utfordringa. I dei to siste delane (etter 1830) er det gjennom kjeldematerialet mulig å få «nærkontakt» med mannen i gata. Organisasjonsliv, skule, fritid og arbeidsliv er godt illustrert av Stugu og Myhre. I boka møter vi mange byfolk i tekst og bilete, men berre i den offentlege sfæren. I korkje tekst eller bilete får vi særleg innblikk i det private.
Myhre og Stugu prøver å løysa teoretiske problem med nye omgrep som skal beskrive endringane i bysamfunna: Kommunikasjon, globalisering, integrasjon. Stugu har likevel få direkte referansar til nyare urban teori, men bak teksten hans skimtar vi Manuel Castells (Nettverkssamfunnet) og Saskia Sassen (The Global City). Kvifor er ikkje desse teoretiske referansane eksplisitte i diskusjonen? Og kvifor ventar forfattarane til siste side – 500 sider for seint - med nye definisjonar på det urbane?
Urbanitet blir til slutt definert som «stor tetthet av heterogene, mangfoldige livsformer og kulturelle ytringer av en type som fortrinnsvis finnes i de større byene.» Byen opnar for «mangfold, variasjon, selvutfoldelse og opplevelse». Definisjonen gjev assosiasjonar til Ole Paus og visa «Bergen, Bergen» - «Bergen er ikke en by, men en tilstand i min sjel.» Snur vi om på sitatet finn vi eplekjekt kjernen i den nye urbaniteten «Bergen er en by fordi den er en tilstand i min sjel» Mest av alt viser siste del av byhistoria kor vanskeleg det er å gripe dei endringane som føregår no mellom det urbaniserte landet og dei nyurbane byane.
KOMMENTARER Våre regler