BISTAND TIL HAMAS?

kronikk

Bistand er eit politisk maktmiddel som har vore sentralt i Oslo-prosessen. Boikotten av Hamas kan få farlege og høgst uønska konsekvensar.

Kjersti G. Berg!
Doktorgradsstipendiat ved Historisk Institutt ved UiB. Arbeider med ei avhandling om bistand til palestinske flyktningar gjennom UNRWA (United Nations Relief and Works Agency).

Store delar av den vestlege bistanden til dei palestinske styresmaktene (PA) har blitt stoppa etter at Hamas overtok regjeringsmakta i dei okkuperte områda. Kravet er at Hamas skal anerkjenne Israel, gje avkall på vald og halde seg til tidlegare avtalar. Etter at Hamas vann valet har Israel stansa dei månadlege overføringane av skatt- og tollinntekter som Israel krev inn på vegner av PA (omlag $ 55 millionar pr. månad).

Konsekvensane av frysinga av bistandsmidla og skatt-/tollinntektene er alvorlege. Omlag 150.000 tilsette i PA-administrasjonen har ikkje fått mars-lønna si. FN varslar sosial og økonomisk krise i eit samfunn som frå før var hardt ramma av okkupasjonens strukturar. Vil dei ulike tryggleiksstyrkene (på omlag 40.000 menn) ta lova i eigne hender? Gaza er som vanleg hardast ramma. Maktkampen mellom Fatah, taparen av valet, og Hamas vert også fyrt opp av bistandspolitikken.

BISTAND OG FREDSPROSSSEN
Då Oslo-avtalen vart underteikna i 1993, vart bistand sett på som det viktigaste verkemidlet for å bygge fred. Ein palestinsk administrasjon (PA) skulle etablerast frå grunnen med bistandsmidlar. Målet med bistanden var å styrke statsbygginga og å skape støtte til forhandlingane, og ambisjonane var høge. Tanken var at den palestinske befolkninga ville støtte forhandlingane når dei erfarte at levekåra vart betra. Vidare vart bistand sett på som viktig for å etablere ein front mot militant islam.

Budsjetta til PA har sidan starten vore prega av store underskot. Dette var årsaka til at Holst-fondet vart oppretta. Gjennom dette fondet kanaliserte gjevarar bistand som PA mellom anna kunne bruke til å betale lønn til sine mange tilsette. ”Krig til fred-bistand” er ofte meir diffus, ad-hoc-prega og politisk lada enn tradisjonell bistand. For at fredsprosssen skulle leve vidare, var det ein føresetnad at PA haldt seg på beina.

Kvifor vart det ikkje fred? Rammene for økonomisk utvikling var vanskelege. Tapet i den palestinske økonomien grunna israelske grensestengingar utgjorde det dobbelte av den samla internasjonale bistanden til dei palestinske områda sidan 1994. Levestandarden gjekk faktisk ned, og ein kan vurdere delar av denne bistanden som ein måte å reparere verknadene av Israels politikk. Erfaringane har også vist at palestinarane vurderte ein rettvis fred som viktigare enn levekår. Men Israel trakk seg ikkje ut av okkupert territorium, okkupasjonen heldt fram.

INTEGRERING AV HAMAS I PALESTINSK POLITIKK
Det var PLO som hadde eigarskap til Oslo-forhandlingane og som endte opp i klemme mellom heimebane og Washington. Hamas anerkjende ikkje PLOs monopol over palestinsk representasjon og politiske avgjerder. Det er likevel viktig å merke seg at Hamas hevda at lokale styresmakter var service-institusjonar som hadde eksistert før Oslo-avtalen. Medan Hamas ofte kravde at det skulle haldast lokalval, utsette Arafat stadig dette. Dei fleste analytikarane vurderer Arafats avgjerd om å halde lokalval i desember 2004 som ein strategi for å kontrollere Hamas. Men dette tok ei heilt anna vending. I november same året døydde Arafat. Medan Hamas raskt reiste seg etter at deira historiske leiar sheikh Ahmed Yassin vart drepen av Israel same året, har Fatah vore prega av store problem internt.

Arafats etterfølgjar, Mahmoud Abbas, har sett alt inn på å stoppe intifadaen, reparere palestinaranes rykte internasjonalt, forholdet til USA og på å få Israel tilbake til forhandlingsbordet. Men desse måla ville vere uoppnåelege sålenge Hamas sprengde bussar og skaut rakettar over den grøne linja. Parlamentsvalet skulle vere eit tilbakeslag for sunnisk islamisme i regionen, noko også Washington kunne like. Men Hamas vart bare sterkare.

PRAGMATIKK OG AMBIVALENS I HAMAS
Våpenkvila som vart inngått i mars i fjor var ei ”ro” (hudna) på vilkår. Det vart åpna for å integrere Hamas i den politiske prosessen og i PLO mot at Hamas garanterte ro. Eit mål var å ikkje gje Israel påskudd til å angripe. Så langt har Hamas halde avtalen.

Men kvifor ville Hamas la seg integrere i den politiske prosessen? Om Hamas vart ståande utanfor dei formelle politiske institusjonane kunne dei bevare sin revolusjonære eim, si uformelle makt og stå utan formelt ansvar. Integreringa kom på eit tidspunkt Hamas var sterkt, og mange vurderer det som eit vendepunkt i Hamas. For andre islamistar er integreringa meint til å utfylle væpna kamp, ikkje erstatte den.

I charteret til Hamas frå 1988 står det at målet er å etablere ein islamsk stat på det historiske Palestina. Men Hamas sitt forhold til Israel er ikkje statisk og utan ambivalens. Det er mulig at Hamas er villig til å akseptere ei forhandla to-statsløysing, men under strengare vilkår enn PLO. Hamas-leiarar snakkar ofte om ei våpenkvile med grunnlag i full tilbaketrekking til grensene i 1967, og om ein langvarig fredeleg sameksistens. PLO anerkjende Israel før forhandlingane starta, og gav med dette frå seg sitt trumfkort. Dei internasjonale gjevarane vil nå presse Hamas i same retning.

HAMAS OG BISTAND
Frå debuten i lokalvalet i 2004 og fram til valsigeren i januar i år, har Hamas etablert seg som eit profesjonelt og disiplinert alternativ til Fatah. I første runde fekk Hamas sju av 26 kommunestyre på Vestbredda, og sju av ni i Gaza. I dei seinare omgangane vann Hamas fleire Fatah-bastionar. Forholdet mellom desse ”Hamas-kommunane” og Israel har vore prega av noko teknisk samarbeid. Hamas har fått gode skussmål i lokal administrasjon.

Men sidan lokalvala har USA stort sett nekta bistand til Hamas-styrte by- og kommunestyre. Bodskapen har vore at dette er prisen å betale for å røyste på Hamas. Difor har Hamas heller ikkje klart å skape fleire arbeidsplassar. Dei mange brotne løfta er noko Fatah medvite har spelt på i rivaliseringa med Hamas lokalt. Det å skru bistand av og på er sjølvsagt lite berekraftig på prosjektnivå, og det har alvorlege samfunnsmessige og humanitære konsekvensar. Ulike FN-organisasjonar har blitt nytta aktivt som kanal for å omdirigere bistandspengar. Dette er mulig fordi FN ikkje har svartelista Hamas, og kan implementere prosjekt med Hamas.

Frå meiningsmålingar er det tydeleg at Hamas vann parlamentsvalet på sin sosiale agenda, på å rydde opp i eige hus, ikkje på forholdet til Israel. Gaza er prioritert område for bistand, og det er kjernelandet til Hamas. Det er viktig å merke seg at sosial solidaritet er ein sentral del i Hamas sin ideologi. Velferdssystemet til Hamas har fylt eit kritisk holrom. Hamas har vore ein sentral organisator og leverandør av sosial velferd i det palestinske samfunnet dei siste 15 åra, og er kjende som effektive og profesjonelle i dette arbeidet.

I dag har ein frose bistanden til eit system som vart bygd opp nesten utelukkande på bistand. Er det lurt å gjere dei demokratisk valde styresmaktene impotente? Trusselen mot Hamas burde heller vere at bistand blir stoppa om Hamas faktisk tyr til vald. Hamas bør ikkje straffast for at dei nå deltek i politikk. PLO gjekk gjennom ei liknande endring, frå frigjeringsrørsle til politisk parti. Det er mulig at eit politisk integrert Hamas med ansvar for styring vil moderere politikken sin og få eit ønske om stabilitet. Dagens boikott av Hamas kan tvert om radikalisere Hamas: dess meir isolert, dess meir radikalt.

Det er truleg Israels okkupasjonspolitikk som vil avgjere om våpenkvila held. Israel konfiskerer stadig land og bygger busetnader og mur på palestinsk territorium. Israel har omfattande militær kontroll som krenkar og hindrar normalitet og økonomisk utvikling. Israels politikk er tydeleg i strid med Folkeretten og med resolusjonar vedtekne av FN, og det internasjonale samfunnet burde sette atskilleg sterkare politiske krefter inn på å få okkupasjonsmakta til å etterleve desse internasjonalt anerkjende rettane.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Kronikk

Landminer dreper elefanter

Stort møte i Bergen om trusselen mot trekkdyrene..

Jeg har ansvar for 28 barn

Kan jeg følge opp og gi tilpasset opplæring til hver enkelt av syv/åtteåringerne mine?

NRKs glade krigsbudskap

Vi fikk se unge, etter hvert mer og mer tungt bevæpnede menn, som så glade ut og skjøt i luften eller mot bygninger.

Hvem er etnisk norsk?

Nordmenn er en like lite ensartet gruppe som pakistanere.

Hva blir registrert om våre barn?

Vi foreldre vet ikke hvilke små bagateller eller problematiske opplysninger som registreres om våre barn, og hva de kan bli brukt til siden.

Vender seg direkte til folket

Cristina Fernández de Kirchner ligg an til attval i dagens presidentval i Argentina. Som Evita Perón er ho hata av overklassen og elska av dei fattige.