Politisk korrupsjon?

k

Misbrukar Kjell Magne Bondevik sitt utgåtte politiske mandat til eigen fordel?

Torstein Hjellum
er førsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk, UIB.



Først i 2003 kom ordet korrupsjon inn i norsk straffelov. Dette var til dels påskunda av ein internasjonal tendens til å setja fenomenet på den politiske dagsordenen, blant anna ved FN-konvensjonen mot korrupsjon. Tendensen har vore å aktualisera begrepet til ei rekkje forhold eller handlingar som ligg på kanten av prinsippene og prosedyrane for liberalt demokrati: partifinansiering, lobbyisme, nettverks-kammeraderi, favorisering ved tilsettingar, osv. Moderniseringsministeren i den siste Bondevik- regjeringa reiste diskusjonen om karantenereglar for politikarar som gjekk ut av politikken. Ein ville begrensa ein praksis ved at tidligare sentrale politikarar skaffa seg 'utilbørlig fordel' ved å misbruka ein autoritet dei hadde vunne som folkevalgte politikarar. Burde karantenereglane nå vore brukt mot Bondevik? Det er eit spørsmål som melder seg i forbindelse med fredssenteret han nå opprettar.



Då Kjell Magne Bondevik gjekk av som statsminister var det fordi han ved valg hadde misst mandatet til å fortsetja. Han er i dag ikkje ein politikar i offentlige verv. Men han utnyttar nå den politiske autoriteten, den politiske kapitalen, han ein gong vann med folkelig mandat, til å fremja interesser som privat borgar. Bondevik har eit privat politisk fredsprosjekt (Oslo-senteret) som ikkje utan vidare kan påståast å ha eit veljarmandat. «Fred» er alle interessert i, men historia er full av kontroversielle «fredsprosjekt» (som USA si krigføring i Irak). Bondevik lanserte i slutten av januar parolen om økonomisk boykott av militærdiktaturet i Burma. Vel og bra, vil nok mange meina. Men han kjem ganske sikkert ikkje til å lansera ein kampanje for å boikotta Israel, som sit på okkupert land trass i mange FN-resolusjonar. Det viser at det ikkje er gitt at Bondevik sitt fredssenter nødvendigvis har noke breitt, nasjonalt mandat som den norske staten utan vidare bør kunne stilla seg bak.



Men det skjer altså, direkte og indirekte:

- Statsminister Stoltenbergs kontor skal ha lova Bondeviks senter rundt 1 million i driftsstøtte årlig.

- Stortingspresident Jagland, som har den offisielt høgaste posisjonen i Norge, nest etter Kongen, stiller autoriteten til dette offentlige vervet til disposisjon. Jagland skal vera styreledar i Bondevik-senteret.

- Bondevik har, saman med tidligare oljeminister og partifelle Einar Stensnæs, bedt oljeselskapa Statoil og Hydro, selskap der staten har store eigarinteresser, om å støtta senteret økonomisk. Dei har fått tilsagn om 10 millionar.



Ein kan stilla seg spørsmål om motiva til slike bevilgningar. Konserndirektøren i DnB Nor, som også har lova 5 millionar, gir føljande begrunnelse i intervju med Dagens Næringsliv: «Vi er Norges største finansinstitusjon, og gjorde våre vurderinger langsfølgende akse: Hvis dette senteret blir en suksess, ... så vil det styrke navn og rykte både for Norge, Oslo og DnB Nor. I et større, samfunnsmessig perspektiv vil det altså gi oss noe tilbake,...». Ein byttehandel, med andre ord.

I korrupsjonslitteraturen er «kickback» eit begrep: Det er tilbakebetaling for tidligare tjenester. Prinsipielt er dette ein interessant problemstilling: Ein tidligare statsminister og oljeminister får støtte til eit privat prosjekt frå industriselskap som har hatt store interesser knytt til regjeringsbeslutningar. Er det ein takk for sist?



Men det er også andre samanhengar som bør vera interessante frå «eit reinslighet-i-politikken»-perspektiv: økonomisk støtte til Bondevik-senteret kjem også frå Stein Erik Hagen (RIMI), investoren Bjørn Rune Gjelsten, Kjell Inge Røkke (Aker), Stig Olav Jacobsen og Erik Berg (Berg-Jacobsen-gruppen). Dei er alle del av Bondevik sitt «Molde-nettverk» og fleire av dei er mellom dei største bidragsytarane til Kristelig Folkeparti. (Detaljane om dette vil bli offentlige til sommaren når den nye partilova som skal «sikra offentlighetens rett til innsyn og motvirke korrupsjon og uønskede bindinger» når det gjeld partifinansiering blir praktisert). Tre av dei ovannevnte finansfolka har sikra Oslo-senteret eit kontorlokale i Oslo til 25 millionar.



Alle var involvert på ulikt vis i eit samrøre som det blei sett eit offentlig søkjelys på for eit år sidan:

-som stortingsrepresentant hadde Bondevik i 2000 bidratt til å hindra at ei foreslått konjunkturavgift skulle få tilbakeverkande kraft; dette hadde som konsekvens at mellom andre eit stort byggeprosjekt i Molde slapp ei utgift på 30 millionar kroner;

-byggherrane var barndomsvenner, omgangskrets (og ein av dei partifelle) av Bondevik og hadde hatt kontakt med han om saka;

-framføre valgkampen i 2001 ga dei to Molde-entreprenørane og ICA-kjøpesenteret i Molde kr 950.000 til Kristelig Folkeparti sin valgkamp (dette utgjorde rundt 20 prosent av valgkampbudsjettet til partiet);

-dei to Molde-entreprenørane skal i ein seinare konflikt med ICA ha brukt det gode forholdet til Bondevik som pressmiddel;

-som statsminister åpna Bondevik nybygget som hadde sluppe unna konjunkturavgifta og nytta hotellet i nybygget til ei rekkje statsrepresentasjonar med utanlandske gjester;

-statsminister Bondevik deltok i det storslåtte bryllupet til eigaren av ICA-kjøpesenteret i Molde (Hagen).



Det kunne ikkje dokumenterast noken direkte samanheng mellom fritaket frå konjunkturavgifta og dei seinare gavene til Kristelig Folkeparti. Det er heller ikkje unaturlig at Bondevik som folkevalgt frå Møre og Romsdal arbeidde mot ei avgift som ville ha kunna stoppa eit stort byggeprosjekt i Molde. Det uheldige, i forhold til etiske normer mot korrupsjon, er samanblandinga av personlige nettverk, private forretningsinteresser, statsbesøk og partistøtte. Ikkje det at korruptiv praksis kunne påvisast direkte, for eksempel i form av bestikkelsar, men at den politiske integriteten til ein statsminister kunne trekkjast i tvil av forhold som kunne tolkast som indisier på korruptiv praksis. Ikkje alle forhold i sakskomplekset var institusjonaliserte og åpne. Ein NRK-redaktør oppsummerte saka slik: «Vi mener at summen av hendelser som hver for seg kan virke ubetydelige, slett ikke er det når de settes i sammenheng og det åpenbarer seg et mønster. Faktum er altså at Europarådets anbefaling (Europarådets resolusjon om korrupsjon) ville gjort det umulig for Bondevik å motta pengegaver fra Berg og Jacobsen, hvis vedtaket ble lovfestet i Norge».

Kan det vera at Kjell Magne Bondevik ikkje har forstått innhaldet i den strenge korrupsjonslova som blei vedteken i statsministertida hans?

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Kronikk

Landminer dreper elefanter

Stort møte i Bergen om trusselen mot trekkdyrene..

Jeg har ansvar for 28 barn

Kan jeg følge opp og gi tilpasset opplæring til hver enkelt av syv/åtteåringerne mine?

NRKs glade krigsbudskap

Vi fikk se unge, etter hvert mer og mer tungt bevæpnede menn, som så glade ut og skjøt i luften eller mot bygninger.

Hvem er etnisk norsk?

Nordmenn er en like lite ensartet gruppe som pakistanere.

Hva blir registrert om våre barn?

Vi foreldre vet ikke hvilke små bagateller eller problematiske opplysninger som registreres om våre barn, og hva de kan bli brukt til siden.

Vender seg direkte til folket

Cristina Fernández de Kirchner ligg an til attval i dagens presidentval i Argentina. Som Evita Perón er ho hata av overklassen og elska av dei fattige.

Relaterte bilder

MANDAT: Det er ikkje gittat Bondevik sitt fredssenter nødvendigvis har noko breitt,nasjonalt mandat som den norske staten utan vidare bør kunne stilla seg bak.FOTO: SCANPIX

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet