Ekstremnedbør på Vestlandet

kronikk

Global oppvarming vil gje meir nedbør, men auken blir truleg ikkje dramatisk.

Av Sigbjørn Grønås og Jan Asle Olseth,
Geofysisk institutt, UiB

Meir nedbør i framtida og erfaringar med ekstremnedbør i haust tilseier at tida er moden for å prioritere tiltak for betre lokalvarsling av ekstremt vêr, ras og flaum og betre kartlegging av fareområda for ras og flaum.

To gongar i haust - 14. september og 14. november - har vi hatt ekstremt mykje nedbør på Vestlandet, vêr som gav mange skader på grunn av intens nedbør, ras og flaum. Folk spør seg om det blir verre i framtida, og det er debatt om rassikring. Vi vurderer her den nedbørauken som er venta og foreslår tiltak for å gje meir detaljert varsling av nedbør og betre kunnskap om lokale klimavariasjonar. Slik kunnskap er nødvendig for betre sikring mot ras og flaum.

Når luft stig, vert den avkjølt. Er lufta fuktig, medfører dette kondensasjon; det vert danna skyer og ofte nedbør. Det er såleis oppstigning av luft og innhaldet av fuktighet nær jordoverflata som bestemmer nedbørmengdene. Vind inn mot eit fjell forsterkar vertikalvinden, mest der det er brattast opp mot vinden. Slik får vi forsterka nedbør på losida av fjell med ein litt stor utstrekning. I eit kystklima som vårt aukar fuktigheten med temperaturen. Derfor er det - noko forenkla - vindstyrke opp mot fjella og temperatur ved jordoverflata som bestemmer nedbørmengdene. Temperaturen blir for ein stor del bestemt av sjøtemperaturane oppstraums. Vindstyrkane aukar utover hausten til ut januar, medan sjøtemperaturen minkar. Dette gjev reelle sjansar for ekstrem nedbør gjennom heile hausten og dels i januar. Det som skal til er eit kraftig lågtrykk - men ikkje nødvendigvis ekstremt - som tek med seg varme, fuktige luftmassar frå relativt varme områder i Nord-Atlanteren og som gjev sterk vind mellom sør og vest over Vestlandet. Poenget er at den fuktige luftstraumen må få stå på tilstrekkeleg lenge frå vest eller sørvest.

Begge gonger
i haust kom dei største nedbørsmengdene - rundt 200 mm på 24 timar - litt inn frå kysten, i det vi kallar midtre strøk, der fjella stig brattast opp mot vinden. No i november var vinden meir vestleg og litt sterkare enn i september. Dette resulterte i at nedbøren trakk noko lengre inn i landet enn i september. Her er gjerne fjella brattare og nedslagsfelta for flaum større. Derfor fekk vi svært mange ras i midtre og indre strok.

Ekstremnedbør hos oss er typisk mykje nedbør over 12 timar eller meir. Meteorologisk institutt (met.no) måler nedbør kvar 12. eller 24. time på stasjonane sine. Met.no har i dag nesten ingen stasjonar som måler nedbørintensitet, dvs. målingar langt tettare i tid, men hadde ei tid tilbake slike målingar for ein del stasjonar i landet. Frå desse målingane har vi ulike rekordar for ekstrem nedbør, til dømes 60 mm på ein halv time på Jørpeland og 106 mm over seks timar i Tvedestrand. Rekorden over 24 timar er 229 mm frå Matre i Sunnhordland (225 mm no siste gongen i haust). Der har dei også observert 495 mm på fem døgn. Samnanger har rekorden over ein månad med 1148 mm.

I stor grad tilpassar samfunnet seg vêret, men ikkje heilt til dei mest sjeldne og ekstreme hendingane. Skader ved ekstrem nedbør over Vestlandet avheng sjølvsagt av korleis samfunnet har sikra seg. For å vurdere faren for ras og flaum, er det alltid om å gjere å varsle kor store nedbørmengdene blir og korleis dei vil fordele seg i landskapet og i tid. I tillegg vil temperatur og vind spele ei rolle. Det kan være viktig å vite korleis vêret er i dagane før ei ekstrem hending. Når jordsmonnet er metta med vatn, vil ny nedbør lettare renna bort og gje flaum. Eit spøkelse er store snømengder i fjellet tidleg på hausten - gjerne med tele - før mildvêr set inn med smelting av snøen og mykje regn. Det var dette som hende i Storeflaumen på Vestlandet i desember 1743, truleg den verste katastrofen knytt til nedbør i våre områder. I Etne blei kyrkja skylt på sjøen, på Voss sto vatnet 2,5 meter opp på kyrkjeveggen og i Kinsarvik blei den gamle steinkyrkja nesten teken av flaumen. Det vart alvorleg skade på cirka 500 gardsbruk og skatteskyld blei sett ned med 25 % for nokre år (Lars Roald, NVE).

Sjansane for
store mengder snø i fjellet om hausten er minkande i eit forventa varmare klima. Scenarier for klimaendringar i dette hundreåret er nett publisert frå Forskningsrådets prosjekt RegClim (sjå brosjyre regclim.met.no). Resultata viser at vi kan vente meir nedbør på Vestlandet, mest om hausten med cirka 20 % auke på 100 år (2071-2100 i forhold til 1961-1990). Det er verdt å merke seg at dei nye overslaga er mindre enn tidlegare overslag på 20 % fram til 2050 og mindre enn auken i nedbøren vi har observert på Vestlandet sidan 1960. For månedane november, desember og januar er denne auken heile 35 % (Grønås, Kvamme og Teigen, Cicerone 01/2005).

Nedbøren varierer frå år til år, frå tiår til tiår av naturlege årsaker og det fins nesten ingen varslingsevne for slike variasjonar. Global menneskeskapt oppvarming gjev ein langsam auke på lengre tidsskala og kjem i tillegg. Auken i haustnedbør dei siste tiåra er slik delvis eit resultat av naturlege klimavariasjonar og i nokon grad global oppvarming. Dei naturlege variasjonane over eit og fleire tiår skuldast truleg mest naturlege variasjonar. Dei vil vi alltid ha og kjem i tillegg til den langsiktige og meir moderate auken frå global oppvarming.

Det er naturleg
å tru at ein auke i nedbøren gjev ein auke i situasjonar med ekstremnedbør. RegClim seier at situasjonar med ekstremnedbør over 24 timar, som i gjennomsnitt kom ein gong i året i perioden 1961-1990, kan ventast cirka to gonger i året ved slutten av hundreåret. Dette antyder at det vil bli dobbelt så mange ekstremsituasjonar. Det er også grunn til å tru at dei verste situasjonane kan bli verre enn dei i haust. Om scenariene til RegClim slår til, er endringane alvorlege, men ikkje dramatiske.

Dei to hendingane i haust blei godt varsla av meteorologane, serleg no siste gongen då met.no tidleg kom ut med eit såkalla ekstremvarsel. Vi meiner tida er moden for å setje inn tiltak for å oppnå langt fleire detaljar i varslinga. Til det trengs varslingsmodellar som simulerer atmosfæren med mykje betre oppløysing av fjella enn dagens modellar. Dette tyder at vi treng modellar som varslar korleis lufta strøymer over terrenget til ei kvar tid, korleis skyene blir danna og korleis nedbør blir utløyst og fell til bakken. I dag er det typisk 20 km mellom målestasjonane. Det er heilt nødvendig med eit tettare observasjonsnett for å få fram dei store lokale skilnadane som vi veit fins.

Spesielt viktig
blir det å få målingar i fjellstrok og målingar som gjev god oppløysing i tid. Når ein har utvikla slike modellar, kan ein kombinere modellering og observasjonar både til å varsle i detalj for kvar fjord og dal, på fjellet og kysten og til å kartlegge lokalklima. Det fins gode teoretiske argument for at dette er mogeleg. Dessutan har vi no den reknekapasiteten på superdatamaskiner som skal til.

Nedbørmålingar og varsling av nedbør og temperatur er heilt nødvendig for å kunne varsle ulike typar ras og flaum i vassdrag. Kartlegging av nedbørsklima gjev på same måte viktige data for all arealplanlegging og sikring av bygningar og vegar. Betre lokalvarsling og betre oversikt over lokalklima vil derfor bety betre inngangsdata for å varsle og vurdere rasfare og fare for flaum. Vi har tidlegare tatt til orde for ei offentleg utgreiing om tiltak for å sikre oss mot ekstrem nedbør (Cicerone 05/2005). Ei slik utgreiing bør omfatte målingar, utvikling av modellar, varsling av flaum og ras og rutiner for formidling av slik informasjon. I ei slik utgreiing bør ein ta opp det spesielle problemet vi har i Noreg ved at vêrvarsling, hydrologi og rasvarsling er skilt mellom ulike institusjonar som soknar til ulike departement.

Varslingsmodellar for lokalt vêr vil kunne nyttast for all vêrvasling i heile landet, til dømes for detaljvarsling av vind og bølgjer på kysten. Slik vil samfunnet få mykje igjen frå svært moderate investeringar. Det er viktig at Forskningsrådet støttar slik forsking, til dømes ved å opprette eit såkalla senter for forskingsdriven innovasjon for lokalvarsling og lokalklima.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Kronikk

Landminer dreper elefanter

Stort møte i Bergen om trusselen mot trekkdyrene..

Jeg har ansvar for 28 barn

Kan jeg følge opp og gi tilpasset opplæring til hver enkelt av syv/åtteåringerne mine?

NRKs glade krigsbudskap

Vi fikk se unge, etter hvert mer og mer tungt bevæpnede menn, som så glade ut og skjøt i luften eller mot bygninger.

Hvem er etnisk norsk?

Nordmenn er en like lite ensartet gruppe som pakistanere.

Hva blir registrert om våre barn?

Vi foreldre vet ikke hvilke små bagateller eller problematiske opplysninger som registreres om våre barn, og hva de kan bli brukt til siden.

Vender seg direkte til folket

Cristina Fernández de Kirchner ligg an til attval i dagens presidentval i Argentina. Som Evita Perón er ho hata av overklassen og elska av dei fattige.