Brua, byen og regionen

kronikk

Sterke naboar er ein styrke for Bergen, men byen må vende blikket innover i landet, for her ligg framtida og potensialet som kan gjere Bergen til Vestlandets hovudstad. Berre Hardangerbrua manglar, skriv dagleg leiar i Indre Hordaland Miljøverk IKS, Kåre Flatlandsmo frå Voss.

Kåre Flatlandsmo

FOR SNART EIT ÅR SIDAN bad Stortinget om at Regjeringa skulle leggje fram sak om utbygging og finansiering av Hardangerbrua snarast råd. I praksis vil dette seie i vårsesjonen 2005. Gjennom krav om vidare utgreiingar er det kome innspel som kan seinke denne prosessen. Men det er «no eller aldri» for dei som arbeider for realisering av Hardangerbrua. Ei utsetjing vil svekke prosjektet og skyte det langt inn i framtida. Og denne kampen står no.

Hardanger- og vosseregionen er taparane i fylket når det gjeld nærings- og folketalsutvikling. Etter den førre store prosessen med kommunesamanslåingar på 1960-talet var Voss den mest folkerike kommunen i Hordaland etter Bergen. I dag finn du Voss langt nede på lista, og same vegen gjekk det med hardangerkommunane. Det speglar ein periode då dei store prosjekta fór denne regionen forbi. Andre delar av fylket har blomstra opp, me har sett ei positiv utvikling ved kysten og ikkje minst i og omkring Bergen. Naturgitte føresetnader låg til grunn, mogleiken som olje- og gassfunna i Nordsjøen opna opp for vart teke vare på, og verknadene av dette skal enno vare ei stund.

DET HAR LENGE VORE fokus på den langsgåande samferdsla mellom Stavanger og Ålesund som følgje av denne kystnære veksten. Men vekst kan fort skifte forteikn, og mange har hausta den røynsla at konsentrert og rask vekst er bunde opp mot store kostnader. Å dele veksten på fleire har gjeve ringverknader som ingen våga håpe på, også attende til den som først var raus og delte. Bergen gløymer det store landområdet mot aust, Hardanger og Voss. Denne regionen har til alle tider vore ein trufast alliert, men også ein viktig opponent og vaken forsvarar av eigne interesser.

Me ser ein trend mot regionalisering, mellom anna som svar på den aukande sentraliseringa av statsmakt og styring. Vestlandsregionen har fått sitt vestlandsråd, som førebels er på leit etter innhald og identitet. Så rik på naturressursar som Vestlandet er, er det ikkje til å undrast over at slike tankar vinn fram. Vestlandet står m.a. for 60 % av all eksportnæring og fjordane er det viktigaste turistmålet i landet. Kva skal så til for å lykkast for regionen, og kva skal til for at Bergen skal vinne den plassen som naturleg er for byen? Bergen er både størst og mest sentral på Vestlandet, men ikkje sjølvsagd som hovudstad i den vestlandsregionen me anar konturane av.

DEN HOVUDSTADEN har sterke naboar, og slik er det ikkje med Bergen i dag. Det kan nok med ei viss tyngd hevdast at Bergen har sterke naboar både i sør og i nord. Både Sunnhordland og Nordhordland har utvikla sterke næringssentra som har visst å stille krav, og om nødvendig utfordre byen. Slik er det ikkje innover i landet. Dei næringar det naturleg har lege til rette for, har dels streva i motvind, dels er dei strukturert ut over sidelina. Lyspunkt er det sjølvsagt innimellom, men altfor mykje på det jamne. Kva er det så som kan kome til for å gje indre strok den vitamininnsprøytinga som kan blåse liv i dei unike kvalitetane som finst der?

HARDANGERBRUA er eit viktig svar. Brua er eit nasjonalt prosjekt, har sterk lokal forankring og er ikkje eit dyrt prosjekt for samfunnet. Tvert imot er det regionen sjølv som ber største delen av kostnadene, det nasjonale bidraget er nærast marginalt, men likevel prinsipielt viktig.

Konsekvensutgreiinga som låg føre for eit års tid sidan, stiller det ope kva vinst brua vil føre til når det gjeld samarbeid og utvikling i hardanger- og vosseregionen. Dette punktet kan neppe vere særleg utgreidd. Truleg er det nettopp på dette feltet at den største og mest verdfulle vinsten er å finne. Næring bygt på natur og kultur har til alle tider stått sterkt på begge sider av fjorden. Ei bru vil utvide grunnlaget for samarbeid og skape den entusiasmen som vil få hardanger- og vosseregionen på banen att. Så mykje likskap, så mange felles interesser, så mykje kultur og vakker natur. For hopehavet ligg fjorden der som eit stengsel, fysisk og ikkje minst mentalt. Dersom dette mangfaldet av fellesskap får ein betre sjanse til å møtast, vil regionen utvikle seg til ein endå betre stad å bu i - og å invitere folk til.

UTVIKLINGA vil heilt sikkert verte annleis enn den me har sett nord og sør for byen. Premissane er annleis, styrken ligg på andre område. Men den vil kome på område som utfyller byen sine behov. Dersom Bergen maktar å unngå vidare sentraliseringstendensar, kan byen verte ein endå viktigare innfallsport til den naturperla som ligg innanfor. Dette tener alle partar, og difor er dette samarbeidet viktig. Og var det ikkje slik, både sør og nord for byen, at løftet i kommunikasjonane sette fart i næringsutviklinga og at nettopp bruene vart prikken over i'en?

Hardangerbrua vil føre til auka trafikk over Hardangervidda. Det har vore hevda at dette kan kome i konflikt med det ansvaret me har teke på oss for å ta vare på den einaste villreinstamma av noko storleik, som framleis finst att i vår del av verda. Det rike naturgrunnlaget i regionen skal takast vel vare på. Det synest det å vere brei semje om mellom dei som bur og ferdast i dette naturområdet. Det ligg djupt nedarva at fornuftig bruk og hausting av det naturen forsyner oss med, gjev beste ressursforvaltninga over tid.

I det siste har det jamvel vore auka overføring av ansvar for natur- og miljøsaker til lokale styresmakter. Mange har stilt spørsmål ved dette, fordi dei meiner at dei som sit på avstand får betre oversikt, og dermed kan ta betre avgjerd for fellesskapet. Det er ikkje så sikkert. Det er ikkje lenge sidan det stod ein bitter kamp om fellingskvotar for den omtala villreinstamma. Etter lengre tids uklarheit vart storleiken på villreinstamma vurdert til å vere så liten at då sentrale naturforvaltarar likevel foreslo fellingskvotar, var det dei lokale reinjegerane som sa nei!

Dette kunne ikkje vere berekraftig forvaltning, sa dei - og organiserte sjølve full stopp i jakta. Slik vart det, og sidan sat dei sentrale forvaltarane forlegne attende, refsa av sine eigne for lite gjennomtenkte framlegg. Seinare har dialogen mellom partane vore meir konstruktiv.

STERKE NABOAR er ein styrke for Bergen. Styrke er å utfylle kvarandre, det er å erkjenne dei svake sidene og omforme dei til styrke gjennom samarbeid. Men det er den føresetnad at Bergen tåler å ha naboar som ikkje vil tekkjast byen i eitt og alt. Då står Bergen fram som Vestlandets reelle hovudstad.

Hardangerbrua er ei viktig brikke i denne balanserte utviklinga, ein stor bit av prosjektet om ein styrka hardanger-vosseregion og ein litt mindre bit av ein mogeleg vestlandsregion.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Kronikk

Landminer dreper elefanter

Stort møte i Bergen om trusselen mot trekkdyrene..

Jeg har ansvar for 28 barn

Kan jeg følge opp og gi tilpasset opplæring til hver enkelt av syv/åtteåringerne mine?

NRKs glade krigsbudskap

Vi fikk se unge, etter hvert mer og mer tungt bevæpnede menn, som så glade ut og skjøt i luften eller mot bygninger.

Hvem er etnisk norsk?

Nordmenn er en like lite ensartet gruppe som pakistanere.

Hva blir registrert om våre barn?

Vi foreldre vet ikke hvilke små bagateller eller problematiske opplysninger som registreres om våre barn, og hva de kan bli brukt til siden.

Vender seg direkte til folket

Cristina Fernández de Kirchner ligg an til attval i dagens presidentval i Argentina. Som Evita Perón er ho hata av overklassen og elska av dei fattige.

Relaterte bilder

HARDANGERBRUA er eit nasjonalt prosjekt som har sterk lokal forankring og brua blir ikkje dyrt for samfunnet, meiner forfattaren.<p/> FOTO: HARDANGERBRUA A/S

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet