• FOLKEKJÆR: Cristina Fernández de Kirchner (biletet) sine sosiale program med løyvingar til mellom anna husvære og skulegang, har skaffa henne popularitet mellom dei fattige. ARKIVFOTO: Enrique Marcarian, Reuters

Vender seg direkte til folket

Cristina Fernández de Kirchner ligg an til attval i dagens presidentval i Argentina. Som Evita Perón er ho hata av overklassen og elska av dei fattige.

Les ein konservative argentinske aviser som Clarín og La Nación, skulle ein ikkje tru at dagens president, Cristina Fernández de Kirchner, ligg an til attval alt i første valomgang, med rundt halvparten av røystene i ryggen. Valet i Argentina i dag reproduserer kjende politiske, økonomiske og sosiale konfliktar i argentinsk samtidshistorie.

Mange er dei som jamfører Cristina med den mytiske Evita (1919-1952). Hata av overklassen og elska av dei fattige, har dei fleire ting sams: ein altomfemnande energi kombinert med manglande disiplin.

Vender seg til folket

Retorikken til Cristina fører også tankane inn på Evita, ikkje berre ved at ho tidvis legg an ein setningsrytme som til forveksling liknar på Evita sin. Som Evita blir Cristina oppfatta som ærleg og likefram.

I talane sine – som regel utan manus − pakkar ho ikkje ideane inn i svulstig retorikk, slik vanen er mellom mannlege kollegaer, men vender seg til folket i eit språk som er lett forståeleg.

Antiperonistisk overklasse

Somme har peika på at ein i Argentina framleis kan registrera ei sterk antiperonistisk haldning i overklassen og i dei øvre delane av middelklassen. Statsvitaren Eduardo Rinesi meiner at den overklassebaserte antiperonismen er prov på inngrodd forakt og fordommar andsynes folket, i dag som på Evita og Juan Perón si tid.

Dei seinaste åra har denne forakta kome tydeleg til uttrykk spesielt i to tilfelle: då Cristina si regjering la på eksporttollen på soyaprodukt, og då den nye medielova blei innført.

Soyatollen

For nokre år sidan gjekk prisane på soyaprodukt monaleg opp på verdsmarknaden, noko som førte til at argentinske bønder en masse gjekk over til å produsera soyabønner. Denne produksjonen blei etter kvart så omfattande at det fekk konsekvensar for det tradisjonelle landbruket i Argentina, som er basert på kjøtt og korn.

Ein naturleg konsekvens blei mindre av desse to produkta, som utgjer særs viktige ingrediensar i det argentinske kjøkenet, og såleis høgare prisar på den innanlandske marknaden.

Populær mellom dei fattige

Men sjølv ikkje høgare prisar på viktige matvarer kunne ta frå Cristina den støtta og den populariteten ho hadde mellom dei fattigaste, som naut godt av Cristina sine sosiale program gjennom løyvingar til mellom anna husvære og skulegang.

Ein del av desse sosiale programma blei finansiert med pengar som den argentinske staten fekk inn gjennom tollen på soyaeksport.

Pressa køyrde kampanjar

Pressekampanjane mot denne eksporttollen var til tider formidable og hatske, og alternativ presse hadde vanskeleg for å komma til orde på grunn av den dominerande rolla som Clarín-konsernet har opparbeidd seg i Argentina.

Grupo Clarín har i dag store interesser innan aviser, kabelfjernsyn, internett, trykking og publisering av vekeblad og bøker, og i tillegg eig konsernet ei rekkje fjernsynskanalar og radiostasjonar.

Media må oppsøkje ho

Det var for å spreia mediemakta, redusera tendensar til meiningsmonopol og få eit mangfald av presseorgan, også innanfor eigarstrukturen, at lova om massemedium blei sendt til debatt i Kongressen i 2009. Då hadde lova vore under utarbeiding i om lag seks år, og med stadige klagemål om at den tidlegare presidenten, Néstor Kirchner, ville knebla pressefridomen.

Cristina har utfordra massemedia også på deira eiga heimebane. Det er ein tendens i våre dagar til at den politiske dagsordenen blir sett opp av pressa og i første rekkje fjernsynet. Politikarar søkjer medvite kontakt med media for å koma med utspel. Cristina bryt med denne praksisen, slik forgjengaren og ektemaken hennar, Néstor Kirchner, også gjorde det. Ho går ikkje til media, i staden har Cristina ordna det slik at media må oppsøkja henne. Ho har såleis teke tilbake den politiske arenaen for utøving av politikk. Eduardo Rinesi hevdar at mange mediefolk ser på denne strategien som ei fornærming av deira eiga rolle og at dette langt på veg forklarer dei sterke reaksjonane mot Cristina.

Vil ikkje lata media styre

Cristina sin strategi liknar på den Evita hadde: Ho vender seg direkte til folket, med hovudvekt på kvinnene, dei fattige og fagrørsla, dei gruppene som også Evita hadde forkjærleik for. Ein må difor følgja med på heilt andre arenaer i dagspressa for å fanga opp den støtta som Cristina har i folkedjupet, langt unna dagens mediestyrde samfunn.

Til ein viss grad er det grupper som tradisjonelt sett nærer djup mistru til politikarar og såleis ikkje har for vane å røysta, sjølv i eit land med røysteplikt. Men så sant Cristina sine sosiale program når ut til fattigfolk og desse tek eit steg vekk frå den verste marginaliseringa, nyttar også slike grupper retten sin og plikta si til å påverka den politiske dagsordenen.

Integrasjon i Latinamerika

Gjennom sine sosiale program for å få folk ut or fattigdomen, har Cristina teke brodden ut or ein annan kritikk media kom med då ho vann sin første valsiger i 2007. Det blei framstilt som at ho ikkje synte interesse for heimlege problem.

Ho la for stor vekt på utanrikspolitikken, heitte det, til meins for viktige innanrikspolitiske saker. Dei mange utanlandsreisene til Cristina har hatt som føremål å presentera henne som ein politikar med ambisjonar på den utanrikspolitiske arenaen, som ein faneberar for den latinamerikanske integrasjonstanken.

Kritisk sensasjonspresse

Som tilfellet var med Evita, har Cristina funne sine viktigaste kritikarar mellom den heimlege overklassen og utanlandske interesser målborne av ei sensasjonspresse som, syner det seg ofte i ettertid, ikkje er å lita på. Sensasjonsorganet New York Post hevda at Cristina på ein tur til New York i september i år hadde kjøpt sko for US§ 110 000.

I kva grad det er sant, er uråd å vita. Cristina sin familieformue skal òg ha auka monaleg, og det har vore korrupsjonsskandalar mellom rådgjevarar i regjeringsapparatet. Som om dette skulle vera noko nytt i våre dagar!

Evita øydsla

Dei som var imot Evita, slutta aldri med å kritisera henne for å ha øydsla statlege pengar – til klede, til sko og til eigen luksus. Dei fattige nekta ikkje for at ho hadde øydsla, men takka henne i sitt stille sinn for alt ho hadde øydsla på dei.

Og så unnte dei henne litt luksus til seg sjølv òg, denne dama som kom frå deira eigne rekkjer, som kjende deira eigne kår, og som representerte dei på ein måte ingen andre kunne måla seg med. Langt på veg ser det ut til at Cristina også blir oppfatta slik mellom dei fattige og marginaliserte i dagens Argentina, sjølv om ho kjem frå ei heilt anna sosial gruppe enn dei.

Kjempar for diktaturofra

Held ein seg til politikken, er det ingen tvil om at først Néstor Kirchner og no Cristina Fernández kan visa til solid økonomisk vekst etter dei økonomiske kriseåra 2001-2002, kombinert med ein sosial fordelingspolitikk, auka privat forbruk og politisk kamp for offera etter militærdiktatura.

Desse identitetsmerka har skaffa Cristina ein sosial basis som ganske sikkert vil sikra henne attval 23. oktober.

Les også

Siste fra Kronikk

- Jeg oppfordrer homofile fotballspillere til å stå frem

«Norsk toppfotball er mer lukket enn kirken,» skriver den homofile Brann-supporteren Gjert Moldestad.

«Få Haukelibanen
på skinner igjen»

Kronikk: Eirik Glambek Bøe, Anders Waage Nilsen og Endre Tvinnereim lister opp gode argumenter.

«Urinen testes med
mobilen hjemme»

Kronikk: Digitale gjerder passer pasienter. Personen må vernes når omsorg møter teknologi.

Krasjkurs i sexkjøp

Kronikk: Mangelfull kunnskap punkterer debatten om prostitusjon. Her er fem grunnleggende fakta.

- Kalde gufs fra Gro Nylander

Debatt: Nå kan du godt legge ned øksen, Gro.

Meningsløs tallbruk om KK

Debatt: Tidligere klinikkoverlege slår tilbake.

Cristina Fernandez de Kirchner

  • Utdanna jurist, fødd 1953 i La Plata. Gift med forgjengaren som president, Néstor Kirchner.
     
  • Melde seg inn i Peronispartiet på syttitalet.
     
  • Valt som medlem av parlamentet, deretter representanthuset og til sist senatet 1989–2005. Aktiv i kampanjen for å få valt Néstor Kircner som president i 2003, for partiet "Frente par la Victoria".
     
  • blei valt til president i Argentina i 2007, satsar på gjenval i presidentvalet i dag, 23. oktober.

Wikipedia

BT Meninger på twitter:


Dette deler våre lesere på Facebook:


Siste saker