• MINDRE FRIDOM: Auka straffenivå kan undergrave det vi sjølve freistar å verne om. Det kan skape eit hardare samfunn, kriminaliseringar tek av fridomssfæren og fridomsrettane våre, skriv Jørn Jacobsen.FOTO: BTS ARKIV

Staten pregar sitt samfunn

Jørn Jacobsen får Nils Klim-prisen i dag for si forsking innan strafferett og rettsteori. Han syner mellom anna at dagens strafferett utviklar seg i retning mot meir kontroll av borgarane.

Strafferetten har i løpet av si lange historie vore gjenstand for stadige endringar. Kvar tid har si straffelov, sa Hegel treffande. Gjeve dei omfattande endringsprosessane som er undervegs, så har vi i dag særlege utfordringar med tanke på kva bidrag vår epoke skal gje til strafferetten si historie.

Store sosiale endringar finn for tida stad, og desse ber med seg mykje godt, men òg nye utfordringar. Globalisering skaper kontakt mellom menneske, kulturar og religionar – frå eit perspektiv, eit stort konfliktpotensial. Terrorismen er eit alvorleg og ytterleggåande døme. Handlingar som menneskehandel, narkotikasmugling og organisert kriminalitet får òg eit vidare spelerom enn tidlegare. Samstundes skjer det teknologiske endringar som kan nyttast til kommunikasjon – og til å krenkje andre menneske. Internett er eit av mange døme; på skuggesida handlar det til dømes om spreiing av barnepornografi, grooming og krenkjande ytringar.

Individa må vernast

Individa i samfunnet har krav på eit vern mot slike nye eller forverra former for krenkingar av deira fridom. Her må òg strafferetten spele ei av rollene: Det handlar om nykriminaliseringar, om eit styrkja internasjonalt strafferettsleg samarbeid og framveksten av ein internasjonal strafferett som grunnlag for eit trygt og stabilt globalt samfunn. Og om ei meir effektiv strafferettspleie, om innhenting av kunnskap om utviklinga i dei ulike samfunnsområda og deira kompleksitet for å forstå problema og korleis dei kan handterast.

Utviklinga av strafferetten er samstundes ein kompleks prosess som involverer politikk, rett og strafferettsvitskap, gjennomgåande og internasjonale dimensjonar. Frå dette perspektivet er det vanskeleg å endre strafferetten raskt nok til å vere à jour med dei utviklingstrekka som finn stad.

Får eit hardare samfunn

Men det handlar òg om noko meir som i det rådande politiske og mediale klimaet er mindre synleg; om å unngå overforbruk av strafferetten. Straff er både eit vonde i seg sjølv og eit særs ressurskrevjande fenomen. Strafferetten, til dømes med auka represjonsnivå, nivå av undertrykking, er generelt òg eit mindre effektivt middel til å løyse slike sosiale utfordringar.

Snarare er det slik at om ein aukar straffenivået får ein ikkje berre fleire fengselsdøgn, men kanskje òg eit "hardare" samfunn: Samfunn som scorar høgt på det eine, scorar gjerne høgt òg på det andre. Det handlar i alle fall delvis om det openberre at staten sjølv pregar sitt samfunn. Strafferetten handlar samstundes òg om bruk av straffetrugslar – og dei rettar seg mot oss alle. Kriminaliseringar tek av fridomssfæren og fridomsrettane som vi alle vert tilskrive.

Forventningane avgjer

Om staten på ulike vis tek for mykje av fridomssfærene og til sist ser oss som uansvarlege og upålitelege, så fell òg grunnlaget for å ansvarleggjere oss for det vi gjer vekk. Faktisk er det jo slik at vi ofte vert ofte det vi er forventa å vere. Og om denne personstatusen vår vert undergravd, då undergravast òg det normative grunnlaget for den demokratiske rettsstaten som er legitimasjonskjelda òg til strafferetten sjølv.

Vi er ulike individ, men for retten er vi alle personar. Grunnleggjande for personstatusen er vår kapasitet til moralsk sjølvstyre, vår evne, som Kant formulerer den, til sjølve å sette grunnleggjande moralske normer og styre oss sjølve i tråd med desse normene. Denne kapasiteten gjev oss både fridom og plikter, og er såleis òg utspringet til den demokratiske rettsstaten (fridomsrettar har inga meining i ei samling av djevlar). Her ligg òg kjelda til strafferetten sin konstitutive klanderdimensjon.

Kan undergrave oss sjølve

Særleg i omfattande og urolege endringstider er faren at vi undergrev det vi sjølve freistar å verne om. Terrorismeproblematikken er igjen eit døme, med eit driv mot vidtgåande kriminalisering av førebuingshandlingar og tilhøyrande etterforskings- og kontrollverkemiddel. Og det er til dømes denne balansen som den i nyare tid framtredande uroa for personvernet djupare sett synest å handle om.

Sjølv om løysingar som Datalagringsdirektivet ikkje måtte ha større konkrete implikasjonar for den einskilde av oss ("ingenting å skjule, ingenting å frykte") så uttømmer det ikkje problematikken: Allmenne inngrepsheimlar til innsyn og overvaking har potensialet til å endre ved bilete av oss som personar som får vere i fred frå strafferetten så lenge det ikkje er konkret grunnlag for anna, og såleis skape ubalanse i relasjonen mellom stat og samfunnsdeltakar. Med tanke på korleis løysingar i ein samanheng lett verkar til å legitimere nye og meir vidtgåande løysingar i neste runde, er det ikkje noko uproblematisk fenomen.

Vern om demokratiet

Det er ei stor utfordring å finne det strafferettslege bidraget til desse samtidige utfordringane som respekterer denne kompleksiteten og såleis ikkje berre handterer utfordringane men òg gjer det i tråd med den demokratiske rettsstaten sine grunnprinsipp.

Her har strafferettsvitskapen ei særskilt oppgåve: Den får ikkje berre vere eit funksjonsledd i strafferettssystemet, men bør òg sjå si rolle som det viktigaste koplingspunktet mellom på den eine sida strafferetten og på den andre sida den demokratiske rettsstaten si idehistorie og den offentlegheita som har det endelege ansvaret for denne politiske ordninga: Strafferetten er ikkje primært ein juridisk teknikk, men snarare ein grunnleggjande del av den forma som den demokratiske rettsstaten stadig må støypast i. Og denne forma hentar i siste instans sin næring ikkje frå jussen, men frå eit vitalt politisk samfunn.

Den nordiske modellen

I den nordiske strafferetten har ein òg allereie ein modell som tradisjonelt har adekvat balansert dei ulike argumenta som fordrar og set skrankar for strafferetten. Vi har hatt eit relativt lågt represjonsnivå og eit moderat syn på kva ein kan oppnå med bruk av strafferetten i parspel med erkjenningar av det avgjerande i til dømes likskap og sosial integrasjon og deltaking.

Det har delvis samanheng med både velferdsnivå og sosiale ressursar som desse statane har, ikkje minst den høge graden av sosial tillit som ein finn både mellom borgarane og mellom borgarane og staten. Det er lett å sjå denne strafferetten som naiv og eit "smutthol" i den hardare internasjonale konteksten – men det kan vere at det er denne nordiske vegen som ein òg internasjonalt må tre inn på for å få eit velordna globalt samfunn med eit lågt kriminalitetsnivå.

Det er ei massiv oppgåve, men den løysast i alle fall ikkje av at dei nordiske landa forlet og enno verre gløymer sin modell. Snarare får vi sjå det som ei oppgåve å halde fast ved denne i den grad vi kan og samstundes synleggjere den internasjonalt.

Enig med kronikkforfattaren? Si din mening.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Kronikk

Landminer dreper elefanter

Stort møte i Bergen om trusselen mot trekkdyrene..

Jeg har ansvar for 28 barn

Kan jeg følge opp og gi tilpasset opplæring til hver enkelt av syv/åtteåringerne mine?

NRKs glade krigsbudskap

Vi fikk se unge, etter hvert mer og mer tungt bevæpnede menn, som så glade ut og skjøt i luften eller mot bygninger.

Hvem er etnisk norsk?

Nordmenn er en like lite ensartet gruppe som pakistanere.

Hva blir registrert om våre barn?

Vi foreldre vet ikke hvilke små bagateller eller problematiske opplysninger som registreres om våre barn, og hva de kan bli brukt til siden.

Vender seg direkte til folket

Cristina Fernández de Kirchner ligg an til attval i dagens presidentval i Argentina. Som Evita Perón er ho hata av overklassen og elska av dei fattige.

vert delt ut årleg til ein yngre nordisk forskar.

Nils Klim er helten i Ludvig Holbergs "Nils Klims reise til den underjordiske verden" frå 1741.

Frå 2009 har Jørn Jacobsen leia forskingsprosjektet "Criminal Law Theory – A New Norwegian Approach" og frå i år det nye prosjektet: "Theory i Practice: Risk and Responses in the Modern Criminal Law". Både er internasjonale samarbeidsprosjekt.