Staten må spele på lag med landskapet
Korleis kan møtet mellom Nasjonal turistveg og kraftlinjene løysast?
Bilder
- Publisert: 08.feb.2010 06:00
- Oppdatert: 08.feb.2010 06:10
Vi er bekymra for korleis kraftlinjene rører ved det vestnorske
fjordlandskapet. Delar av landskapet har fått sin rettmessige plass på
verdsarvlista. Berre det å vite at landskapa er der og at dei blir godt teke
hand om, framstår som særleg viktig.
Norge har godkjent og forplikta seg til å følgje opp Den europeiske
landskapskonvensjonen:
«... konvensjonen krever tverrfaglighet. Ingen enkeltprofesjon eier
landskapet; det er nødvendig å samarbeide (...) mellom forvaltningsnivåene;
lokal og regional politikk (...)» og «bevisstgjøre folk i det sivile
samfunnet, private organisasjoner og offentlege etater».
Vi er i tvil om dette er teke hand om.
Rammar turistvegen
Frå brua over Likholefossen ved Rv 13 over Gaularfjellet, vil du få
førsteklasses utsikt til den nye 420-kV kraftlinja som Statnett no har fått
løyve til å byggje. I Hardanger er Rv 7, 13 og 550 viktige ledd i
turistvegprosjektet. Desse prosjekta iscenesett dei dramatiske landskapa
nett for å vise korleis vi som nasjon forvaltar dette viktige landskapet.
I august 2009 presenterte regjeringa Arkitektur NÅ, som viser til Den
europeiske landskapskonvensjonen og korleis denne «bygger bro mellom
natur og kulturarv, (...) ikke bare landskap som anses som vakre eller
spesielt verdifulle, men også hverdagsomgivelser». Åminimalisere
negative inngrep i landskapet, blir sett opp som eit mål. Ved behandling av
konsesjonssøknader etter bl.a. energilova blir traséval, kamuflasje,
landskapstilpassa leidningsdesign nemnt som verkemiddel.
Synleg norsk arkitektur
Møtet mellom desse kraftlinjesakene og Nasjonal turistveg viser at Arkitektur
NÅ ikkje drøftar dette godt nok. Regjeringa seier at norsk arkitektur også
skal vere synleg internasjonalt. Den skal forankrast i «verdier og områder
der Norge er et foregangsland, knyttet til blant anna (...) demokratiske
prosesser, ansvarlig forvaltning av naturressursar, bærekraft og teknologi».
Norsk Form presenterer i vinter Nasjonal turistveg med vandreutstillinga «Detour»i
New York, Strasbourg og Lyon. Neste år skal utstillinga til Japan.
NVE har berre forholdt seg til Statens vegvesen som høyringspart. Statens
vegvesen skriv i brev 2. juli 2007 at nasjonal turistveg skal vurderast
kvart femte år:
«med utgangspunkt i attraksjonens kvalitetsmål og særpreg. Uheldige
reduksjoner av naturkvalitetane langs turistvegstrekninger kan føre til tap
av tildelt turistvegstatus. Kraftlinjer er ett eksempel på [ett enkelt
inngrep som] kan føre til et slikt resultat».
Staten motseier seg sjølv
Vi er ikkje kjent med om Statens vegvesen har gitt liknande uttalar til
konsesjonssakene i Hardanger, men veit at dei internt vurderte
turistvegstatusen der som vanskeleg i lys av Hardangerbruprosjektet.
Konflikten med Nasjonal turistveg møter difor same problemstillingar også
der. Liknande forhold gjeld konfliktane med verdsarvområda i Geiranger og
Nærøyfjorden. Sjølv om desse kraftlinjene ikkje kjem i direkte konflikt, kan
det bli lagt vekt på korleis linjene møter inngangen til desse
landskapsområda.
Nyleg varsla Fylkesmannen i Sogn og Fjordane motsegn mot Code arkitektur sitt
vinnarforslag for utsiktspunktet på Gaularfjellet. Dei viser også til
den europeiske landskapskonvensjonen og ønskjer eit «utsiktspunkt (...) der
naturen og landskapet åleine er hovudattraksjonen» og tilrår
«løysingar og materialar (t.d. naturstein)». Med dette utspelet har det
dårlege samarbeidet internt mellom desse statlege forvaltingssektorane og
-nivåa utvikla seg til det parodiske.
Verkemidla fins
NLA meiner at den sektorovergripande plan- og bygningslova rommar dei
verkemidla energilova manglar for å nå måla i Arkitektur NÅ. Tar
departementet denne lova i bruk, blir det mogleg å stille vesentleg høgare
kvalitetskrav i desse sakene enn i konsesjonssaker generelt. Det vil
dessutan gi betre rammer for styrkja samarbeid internt i staten på
arkitekturfeltet, enn desse sakene viser. God landskapsplanlegging handlar
om samarbeid, samarbeid, samarbeid!
Møtet mellom kraftlinjeprosjekta og nasjonal turistveg krev arkitektfagleg
spisskompetanse i bestillarrolla hos dei statlege etatane. Statens
vegvesen har god tilgang på slik kompetanse. Vi kan derimot ikkje sjå at
verken NVE eller Statnett har hatt tilsett landskapsarkitekt i perioden
desse linjene har vore utgreidd.
Fagfolk trengst
Vi skal ikkje påta oss eigarskap til landskapet. Denne mangelen gjer likevel
utgreiingane Statnett har bestilt og NVE si konsesjonsbehandlinga sårbare
for landskapsfaglege vurderingar av overordna prinsipp, som omsynet til
nasjonal turistveg.
Vår kritikk rettar seg dermed ikkje mot konsulentmiljøa, dei har gjort som dei
blei bedne om. Både NVE og Statnett har også følgt lovverket slik det ligg
føre, bortsett frå at dei ikkje har god nok landskapsfagleg kompetanse.
Vegdirektoratet har for eksempel slik kompetanse på direktørnivå.
Departementet må svare
NLA meiner derimot at regjering og storting med Nasjonal turistveg og
Arkitektur NÅ, har utforma eit nytt politikkområde gjennom
desse prosjekta. Vi rosar dei for det. Difor ventar vi også at det politiske
miljøet viser vilje og evne til å opne dette politikkområdet i konfliktane
som kraftlinjeprosjekta skaper!
Skal departementet stå inne for dei tilrådde linjetraséane, må det kunne
svare på følgjande spørsmål:
Korleis vil Norge løyse møtet mellom Nasjonal turistveg og dei
aktuelle kraftlinjene, slik at dei framstår som det fremste av norsk
arkitektur og samtidig ivaretekomsyna i den europeiske landskapskonvensjonen?
Ikkje berre mastedesign
NLA utfordrar difor Olje- og energidepartementet til å leggje fram dei
aktuelle sakene for Nasjonal turistveg.
Anten skal ikkje kraftlinjene samlokaliserast med Nasjonal turistveg, eller
så meiner vi at problemet skal presenterast i ein internasjonal plan- og
designkonkurranse. Dette handlar ikkje berre om mastedesign. Vi må få svar
på i kva for landskap luftspenn bør erstattast av ny kablingsteknologi, og
korleis utforming av anlegga og tilstøytande terreng kan løyse konfliktane
der luftlinje blir valt.
Synspunkter? Del dem med leserne her.
Kommentarer
Søk i skattelistene Topplister
3 mest leste artikler »
-
- Møtte en vegg av stein og vann
Bil truffet av ras i Lindås. 200 meter av veien er borte.
-
Her har 50 Cent oppholdt seg
I kveld gjester rapperen NHH, men han har allerede vært tre dager i Bergen.
-
Fyllekjørte med to barn i bilen
Mannen hadde drukket en halv liter vodka da han puttet barna i bilen og kjørte.
Siste lokalt
-
Sier nei til Eikåstunnel
Hele prosjektet kan bli skrotet. Si din mening.
-
Fryktar lakselus på flyttefot
Lakseoppdrettarane i Sogn og Fjordane vil stenge Hordaland ute.
-
Årets beste nettsted
Heder og ære til BKK sine nettsider i kveld.
-
Traktorulykke i Olden
Mannen i 40-åra kom frå det med lettare skader.
-
Fyllekjørte med to barn i bilen
Mannen hadde drukket en halv liter vodka da han puttet barna i bilen og kjørte.
På forsiden nå
- 06:57 Sier nei til Eikåstunnel
- 06:00 Fryktar lakselus på flyttefot
- 06:00 - Helt molboaktig
- 06:00 Gikk rett i studio
- 05:00 Salomos Høysang har fått ny musikk
- 05:00 Ta tiden til hjelp, statsråd
- 23:44 Gir bort Nobelprisen
- 23:38 Årets beste nettsted
- 22:31 - Viser at han virkelig bryr seg om klubben
- 21:56 Vil ha superbredbånd med ny avgift


























































Siste Kommentarer
BRA
Se alle innlegg