• FOTO: Apneseth Oddleiv

Staten må spele på lag med landskapet

Korleis kan møtet mellom Nasjonal turistveg og kraftlinjene løysast?

Vi er bekymra for korleis kraftlinjene rører ved det vestnorske fjordlandskapet. Delar av landskapet har fått sin rettmessige plass på verdsarvlista. Berre det å vite at landskapa er der og at dei blir godt teke hand om, framstår som særleg viktig.

Norge har godkjent og forplikta seg til å følgje opp Den europeiske landskapskonvensjonen:

«... konvensjonen krever tverrfaglighet. Ingen enkeltprofesjon eier landskapet; det er nødvendig å samarbeide (...) mellom forvaltningsnivåene; lokal og regional politikk (...)» og «bevisstgjøre folk i det sivile samfunnet, private organisasjoner og offentlege etater».

Vi er i tvil om dette er teke hand om.

Rammar turistvegen
Frå brua over Likholefossen ved Rv 13 over Gaularfjellet, vil du få førsteklasses utsikt til den nye 420-kV kraftlinja som Statnett no har fått løyve til å byggje. I Hardanger er Rv 7, 13 og 550 viktige ledd i turistvegprosjektet. Desse prosjekta iscenesett dei dramatiske landskapa nett for å vise korleis vi som nasjon forvaltar dette viktige landskapet.

I august 2009 presenterte regjeringa Arkitektur NÅ, som viser til Den europeiske landskapskonvensjonen og korleis denne «bygger bro mellom natur og kulturarv, (...) ikke bare landskap som anses som vakre eller spesielt verdifulle, men også hverdagsomgivelser». Åminimalisere negative inngrep i landskapet, blir sett opp som eit mål. Ved behandling av konsesjonssøknader etter bl.a. energilova blir traséval, kamuflasje, landskapstilpassa leidningsdesign nemnt som verkemiddel.

Synleg norsk arkitektur
Møtet mellom desse kraftlinjesakene og Nasjonal turistveg viser at Arkitektur NÅ ikkje drøftar dette godt nok. Regjeringa seier at norsk arkitektur også skal vere synleg internasjonalt. Den skal forankrast i «verdier og områder der Norge er et foregangsland, knyttet til blant anna (...) demokratiske prosesser, ansvarlig forvaltning av naturressursar, bærekraft og teknologi». Norsk Form presenterer i vinter Nasjonal turistveg med vandreutstillinga «Detour»i New York, Strasbourg og Lyon . Neste år skal utstillinga til Japan.

NVE har berre forholdt seg til Statens vegvesen som høyringspart. Statens vegvesen skriv i brev 2. juli 2007 at nasjonal turistveg skal vurderast kvart femte år:

«med utgangspunkt i attraksjonens kvalitetsmål og særpreg. Uheldige reduksjoner av naturkvalitetane langs turistvegstrekninger kan føre til tap av tildelt turistvegstatus. Kraftlinjer er ett eksempel på [ett enkelt inngrep som] kan føre til et slikt resultat».

Staten motseier seg sjølv
Vi er ikkje kjent med om Statens vegvesen har gitt liknande uttalar til konsesjonssakene i Hardanger, men veit at dei internt vurderte turistvegstatusen der som vanskeleg i lys av Hardangerbruprosjektet. Konflikten med Nasjonal turistveg møter difor same problemstillingar også der. Liknande forhold gjeld konfliktane med verdsarvområda i Geiranger og Nærøyfjorden. Sjølv om desse kraftlinjene ikkje kjem i direkte konflikt, kan det bli lagt vekt på korleis linjene møter inngangen til desse landskapsområda.

Nyleg varsla Fylkesmannen i Sogn og Fjordane motsegn mot Code arkitektur sitt vinnarforslag for utsiktspunktet på Gaularfjellet. Dei viser også til den europeiske landskapskonvensjonen og ønskjer eit «utsiktspunkt (...) der naturen og landskapet åleine er hovudattraksjonen» og tilrår «løysingar og materialar (t.d. naturstein)». Med dette utspelet har det dårlege samarbeidet internt mellom desse statlege forvaltingssektorane og -nivåa utvikla seg til det parodiske.

Verkemidla fins
NLA meiner at den sektorovergripande plan- og bygningslova rommar dei verkemidla energilova manglar for å nå måla i Arkitektur NÅ. Tar departementet denne lova i bruk, blir det mogleg å stille vesentleg høgare kvalitetskrav i desse sakene enn i konsesjonssaker generelt. Det vil dessutan gi betre rammer for styrkja samarbeid internt i staten på arkitekturfeltet, enn desse sakene viser. God landskapsplanlegging handlar om samarbeid, samarbeid, samarbeid!

Møtet mellom kraftlinjeprosjekta og nasjonal turistveg krev arkitektfagleg spisskompetanse i bestillarrolla hos dei statlege etatane. Statens vegvesen har god tilgang på slik kompetanse. Vi kan derimot ikkje sjå at verken NVE eller Statnett har hatt tilsett landskapsarkitekt i perioden desse linjene har vore utgreidd.

Fagfolk trengst
Vi skal ikkje påta oss eigarskap til landskapet. Denne mangelen gjer likevel utgreiingane Statnett har bestilt og NVE si konsesjonsbehandlinga sårbare for landskapsfaglege vurderingar av overordna prinsipp, som omsynet til nasjonal turistveg.

Vår kritikk rettar seg dermed ikkje mot konsulentmiljøa, dei har gjort som dei blei bedne om. Både NVE og Statnett har også følgt lovverket slik det ligg føre, bortsett frå at dei ikkje har god nok landskapsfagleg kompetanse. Vegdirektoratet har for eksempel slik kompetanse på direktørnivå.

Departementet må svare
NLA meiner derimot at regjering og storting med Nasjonal turistveg og Arkitektur NÅ, har utforma eit nytt politikkområde gjennom desse prosjekta. Vi rosar dei for det. Difor ventar vi også at det politiske miljøet viser vilje og evne til å opne dette politikkområdet i konfliktane som kraftlinjeprosjekta skaper!

Skal departementet stå inne for dei tilrådde linjetraséane, må det kunne svare på følgjande spørsmål:

Korleis vil Norge løyse møtet mellom Nasjonal turistveg og dei aktuelle kraftlinjene, slik at dei framstår som det fremste av norsk arkitektur og samtidig ivaretekomsyna i den europeiske landskapskonvensjonen?

Ikkje berre mastedesign
NLA utfordrar difor Olje- og energidepartementet til å leggje fram dei aktuelle sakene for Nasjonal turistveg.

Anten skal ikkje kraftlinjene samlokaliserast med Nasjonal turistveg, eller så meiner vi at problemet skal presenterast i ein internasjonal plan- og designkonkurranse. Dette handlar ikkje berre om mastedesign. Vi må få svar på i kva for landskap luftspenn bør erstattast av ny kablingsteknologi, og korleis utforming av anlegga og tilstøytande terreng kan løyse konfliktane der luftlinje blir valt.

Synspunkter? Del dem med leserne her.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Kronikk

Landminer dreper elefanter

Stort møte i Bergen om trusselen mot trekkdyrene..

Jeg har ansvar for 28 barn

Kan jeg følge opp og gi tilpasset opplæring til hver enkelt av syv/åtteåringerne mine?

NRKs glade krigsbudskap

Vi fikk se unge, etter hvert mer og mer tungt bevæpnede menn, som så glade ut og skjøt i luften eller mot bygninger.

Hvem er etnisk norsk?

Nordmenn er en like lite ensartet gruppe som pakistanere.

Hva blir registrert om våre barn?

Vi foreldre vet ikke hvilke små bagateller eller problematiske opplysninger som registreres om våre barn, og hva de kan bli brukt til siden.

Vender seg direkte til folket

Cristina Fernández de Kirchner ligg an til attval i dagens presidentval i Argentina. Som Evita Perón er ho hata av overklassen og elska av dei fattige.

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet