Språkbyen Bergen
Ein spasertur frå den blå steinen finn vi svar på korleis norsk kan sikrast eit langt liv som samfunnsberande språk i Noreg.
Kronikk av styreleiar Ida Berntsen og direktør Sylfest Lomheim i Språkrådet
Framtida til språket vårt føreset at institusjonar på alle samfunnsområde brukar norsk. I Bergen finn vi gode døme på dette. Her tek tunge aktørar i høgre utdanning, media og forvaltning språkpolitisk ansvar på ein måte som andre burde lære av. Språkrådet held i dag (2.6.) styremøte i Bergen og møter samtidig viktige språkmiljø.
Opptur på høgda
Då UiB i vår oppretta ei eiga språkteneste, vart universitetet det einaste i landet som så langt har følgt opp den nye språkpolitikken. Universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken seier til universitetsavisa På høyden at språktenesta blant anna skal arbeide med språkvask av akademiske og administrative tekstar på både på norsk og engelsk. Slik tenesta blir utforma no, ser ho ut til å hente inspirasjon frå prosjektet Klart språk i staten og stortingsmeldinga Mål og meining frå 2008, som tilrådde universitet og høgskular å organisere særskilde språktenester, med tilbod om språkvask av manuskript på engelsk og andre internasjonale språk. Dette handlar om parallellspråksprinsippet: Det er ikkje nokon motsetnad mellom det å fremje norsk fagspråk og kunnskapsformidling og samstundes å setje norske akademikarar i stand til å delta i den internasjonale kunnskapsutviklinga.
Språk- og studentpolitikk
Regjeringa har gjeve universitetet og høgskular lovfesta ansvar for å halde ved like og utvikle norsk fagspråk. At universiteta ikkje berre møter dette som ei forventning ovanfrå, men òg innanfrå, vitnar eit utspel frå studentmållaget i Bergen om. Leiaren Odin Hørthe Omdal krev at dei samanslegne institusjonane Norsk studentunion og Studentenes landsforbund må setje språkpolitikk på dagsordenen: «Dei aller fleste studentar skal i all hovudsak bruka utdanninga si i Noreg og i norskspråklege miljø. Då er det avgjerande at utdanninga deira er i samsvar med dette. Den nye studentorganisasjonen må vera ein pådrivar for at norske universitet og høgskular hugsar sitt samfunnsansvar og syt for at studentane får læra norsk fagterminologi, lesa norsk pensum og kunne formidla faget sitt til alle ikring.» Omdal set fingeren på eit viktig punkt: Når høgskulane og universiteta no har fått eit spesielt språkpolitisk ansvar for å bruke norsk, er det ikkje minst for å gjere studentane skikka til å kommunisere fagkunnskapen sin når dei skal ut i arbeidslivet.
Terminologibyen Bergen
Norske termar er eit vilkår for å kommunisere fagstoff med autoritet i eit velfungerande demokrati. Bergen har betre fagmiljø i terminologi enn nokon annan by i landet. Universitetet i Bergen og NHH har som dei einaste høgre utdanningsinstitusjonane nokre kurs der fagspråk inngår, men har likevel inga heilskapleg fagspråksutdanning. Frå hausten 2009 er NHH, med støtte frå Språkrådet, dessutan med i eit nordisk, fjernundervisningsopplegg, «Termdist», som etter planen skal kunne føre fram til ein mastergrad i terminologi. I tillegg forvaltar Noregs handelshøgskole ei autorisasjonsordning for statsautoriserte translatørar. Godt fagspråk og gode termar er grunnlaget for norskspråkleg fagformidling. Mange fagord i vårt spesialiserte samfunn skal nemleg òg bli ein del av allmennspråket.
Inkluderande avisspråk
Bergens Tidende er den einaste av dei største avisene våre som slepper begge målformer til på redaksjonell plass. Vi veit at nynorsk, som alle språk, blir lett å lære dersom ein møter det ofte. Fordi Noreg er eit land av avislesarar, er nettopp avisene viktige for språklæring. Men dei tre største avisene, med base i Oslo, gjev framleis ikkje journalistane lov til å velje målform. Stortingsfleirtalet har sagt kva det meiner om dette, når det har slutta seg til stortingsmeldinga Mål og meining. Der står det at ein«ventar at riksdekkjande aviser i større grad gjev høve til å nytta nynorsk på redaksjonell plass».Dette er sjølvsagt ikkje påbod, men det uttrykkjer ei forventning om at den eine av dei to formelt likestilte målformene ikkje blir ekskludert frå redaksjonell plass. BT har bidrege til reell likestilling av målformene i mange år.
Skip og språk, ikkje noko bråk
Fiskeridirektoratet, Skipsregistra, Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen er blant dei landsdekkjande statsorgana som er flinke til å bruke både nynorsk og bokmål, slik dei skal. Institusjonane er mellom dei som skal rapportere til Språkrådet om korleis dei følgjer mållova. Universitetet i Bergen marknadsfører seg som eit nynorskuniversitet. I det ligg det blant anna at universitetet skal bruke og synleggjere nynorsk meir enn minstekrava i mållova seier. Det er interessant at Fiskeridirektoratet og Skipsregistra, der det truleg arbeider færre «språkfolk» enn ved ein lærestad, ikkje står tilbake for prestasjonane til HiB og UiB. Kanskje syner dette at det gir språkleg kvalitet å leggje landsdekkjande statsorgan til Bergen?
Vil du handle på «sale»?
Finn Bergesen jr., bergensar og tidlegare NHO-direktør, gav i samarbeid med Språkrådet «fem språkråd til næringslivet». Råda er å finne på nettsidene til NHO. «Jeg har sagt det før at man skal bruke engelsk når man må og norsk når man kan. Det er ingen korreks, men en bevisstgjøring», sa Bergesen jr. til Dagbladet. Eitt råd var også å lage reklame på norsk når ein vender seg til eit norsk publikum. Ei undersøking som Språkrådet har gjort, viser faktisk at mange bedriftsleiarar ikkje trur engelsk i reklame er salsfremjande.
Er alt vel i Bergen?
Nei. I eit språksamfunn som det norske, som er under press frå engelsk, er det enno ikkje mogeleg å ta mastergrad i omsetjing - heller ikkje i Bergen. Og det ser ut til at dei landsdekkjande statsorgana som ligg i Bergen, arbeider språkleg betre enn nokre av dei regionale statsorgana. Hordaland politidistrikt, som femner om 28 nynorskkommunar og 3 nøytrale og er det største politidistriktet etter Oslo, har i skrivande stund ingen nettnyheitsartiklar på nynorsk. Sogn og Fjordane politidistrikt har alle på nynorsk, slik det skal. Søk på Google gjev 99700 treff på «Vestlandets hovudstad». Vi må tru uttrykket gjeld Bergen. Dersom Bergen skal bli regionhovudstad i gagnet, ikkje berre i namnet, må byen gje større rom for begge målformene enn tilfellet er i dag. Samfunnsinstitusjonane i Bergen har framleis uutnytta potensial. Vestlandshovudstaden er enno ikkje realitet.
Korleis skal vi ta vare på norsk i Noreg?
KOMMENTARER Våre regler