-
UNNGÅ KATASTROFE: Situasjonen krev at me må skapa samfunn omtrent utan bruk av fossilt drivstoff. I filmen «Istid 2» strever ulike klimaflyktningar med å berge livet.
Regjeringa grønvaskar oljeutvinninga
Tiltaka frå styresmaktene er i dag som å senka farten til ein bil mot stupet frå 100 til 90 km i timen.
AV: sigbjørn grønås, prof. em. meteorologi, uib
Det er ikkje enkelt for ein oljenasjon som Noreg å utføra ein truverdig klimapolitikk. I prinsippet vil me redusera klimautsleppa for å stabilisera klimaendringane. Samstundes ønskjer me å leva innan ein røyndom som sikrar maksimal økonomisk vekst, noko som automatisk fører til større forbruk og utslepp.
Handlar ute
Det er viktig for styresmaktene at landet står fram som ein leiande klimanasjon. Dette får dei lettast til ved å prioritera klimatiltak i utviklingsland. Det gjeld å hjelpa fattige land til ei grøn utvikling. Me får internasjonal ros for tiltak med regnskog, og miljøminister Erik Solheim meiner at innsatsen ute vil føra til større kutt enn alle utslepp i Noreg.
Nyleg la han fram stortingsmeldinga Mot ei grønare utvikling – om samanhengen i miljø- og utviklingspolitikken. Ho viser i detalj korleis norsk utviklingshjelp kan kombinera grøn utvikling med kamp mot fattigdom. Den imponerande meldinga vil bidra til at Noreg held fram som vegvisar i moderne utviklingshjelp. Og godt er det.
Nøler heime
Samstundes utvidar regjeringa petroleumsverksemda i nordområda, ho let Statoil halda fram med oljesandprosjektet sitt i Canada og nøler med å setja i verk klimatiltak heime. Slik handlar regjeringa lik foreldre som med røyk i munnen åtvarar borna sine – utviklingsland – om trugsmåla ved røyking.
På den måten vert hjelpa til utviklingsland lett ei moderne form for avlat eller glasperlepolitikk. Mangel på samsvar mellom liv og lære skapar eit forklaringsproblem.
Statoils nyspråk
Her kjem Statoil regjeringa til hjelp for å grønvaska politikken. Dei har ein dyktig stab av informasjonsmedarbeidarar som veit korleis dei kan få norsk oljeverksemd til å sjå ut som miljø- og klimavennleg. Dei har stor trening med nyspråk, for å bruka eit omgrep i George Orwells vidgjetne roman 1984.
I det språket er norsk oljeproduksjon klimavennleg, mellom anna fordi utsleppa av CO2 ved produksjon er mindre enn for andre produsentar. Statoil sitt oljesandprosjekt er eit miljøprosjekt fordi Statoil utviklar ein produksjon som på sikt ikkje vil sleppa ut meir enn ved vanleg oljeutvinning. Produksjonsutsleppa har litt å seia for kor mykje energi ein får ut or brenselet, men for klima har det lite å seia om dei kjem ved produksjon eller bruk.
Framtida
Brenning av gass gir noko mindre klimautslepp enn brenning av olje for å oppnå same mengde energi, og brenning av olje noko mindre enn brenning av kol (cirka 40 % meir for olje enn gass og cirka 27 % meir for kol enn olje). Om ein erstattar brenning av kol med brenning av olje og gass, gir dette derfor utsleppskutt.
Då gjeld det at Noreg tek opp så mykje olje og gass som mogeleg for å erstatta bruk av kol, heiter det. Regjeringa uttalar frå tid til annan at norsk petroleumsverksemd er ein del av løysinga på klimaproblemet. Framtida ligger i å bore og hente opp mer hydrokarbonar, uttalte nyleg energiminister Borten Moe.
Propagandaen er så vellykka at mange trur på Statoil og regjeringa. Sjølv leiande politikarar i Sosialistisk Venstreparti er overtydd om at Noreg er Europas leiande klimanasjon. Teknologiutvikling er vårt svar for framtida, seier statsminister Stoltenberg. Men sanninga er at Noregs klimapolitikk, som ikkje set grenser for petroleumsutvinning, har klimakatastrofen som ein sikker konsekvens.
Vitskapen veit
Vitskapen veit kva som skal til for å stabilisera klimaet og har informert styresmaktene om dette. Men svært få politikarar har det mot som skal til for å sjå sanninga i auga. Landsmøta til dei største politiske partia er gjennomførde utan at klimapolitikk vart debattert.
Kanskje enkelte parti tek saka litt meir alvorleg enn Framstegspartiet og Arbeidarpartiet, men ingen brenn for å redda jorda vår. Domstolane må no sjå plikta si for velferda til dei unge og ufødde. Dei må krevja at regjeringa set i verk tiltak som samsvarar med det vitskapen meiner trengst for å stabilisera klimaendringane.
Lat olja liggje
For å unngå farlege klimaendringar må mesteparten av kjeldene for fossilt drivstoff verta verande att i jorda. Til no har me brukt konvensjonelle kjelder: kol, olje og gass. Det finst i tillegg enorme ukonvensjonelle kjelder slik som oljesand, som til no omtrent ikkje er brukte, fordi utvinning ikkje har lønt seg.
Men no som skort på olje gjer seg gjeldande, ser oljeselskapa profitt også i ukonvensjonelle kjelder. Dei ønskjer å forlengja oljealderen, noko som tyder større totalutslepp til atmosfæren. Dersom me vinn ut og brukar denne ressursen, vert det inga berekraftig framtid for dagsens unge menneske, skreiv den verdsleiande klimaforskaren James Hansen til statsminister Stoltenberg i mai 2010 om Statoils oljesandprosjekt.
Set opp prisane
Stabilisering av klimaet krev ikkje mindre enn forbod mot bruk av ukonvensjonelle kjelder, utfasing av bruk av kol og forbod mot leiting etter nye kjelder for petroleum. Sjølv delar av kjende petroleumskjelder kan ikkje vinnast ut. Situasjonen krev med andre ord at me må skapa samfunn omtrent utan bruk av fossilt drivstoff.
Dette kan berre skje ved at prisen på fossilt drivstoff vert tilstrekkeleg opptrappa slik at utvikling av alternativ energi kan løna seg. Økonomar finn at ei slik utviklinga er fullt mogeleg og økonomisk ønskjeleg.
I Storbritannia har parlamentarikarar frå alle parti føreslått eit nasjonalt kvotesystem (TEQs) som set tak på utsleppa og der det trengst kvotar ved all omsetjing av fossilt drivstoff og energi produsert av fossilt drivstoff. Andre føreslår ein kraftig opptrapping av CO2-avgift over mange år (fee and dividend), ei ordning der alle pengane vert delt ut til innbyggjarane for at dei kan førebu seg på ein overgang til eit «fossilfritt» samfunn. Klimaengasjementet til eit land kan indikerast ved prisen på utslepp.
Me treng aksjonistar
Tiltaka frå styresmaktene er i dag som å senka farten til ein bil mot stupet frå 100 til 90 km i timen. Det hindrar ikkje katastrofen. Klimapolitikken vår held derfor etterkomarane våre for narr. Kor hardt dei vil dømma oss veit me ikkje. Eg anar at misgjerningane til dei rike i denne samanhengen kan overstiga dei verste brota mot menneske og natur til no.
I ein ny vitskapeleg artikkel til styresmakter, der dei forklarar kva slags klimatiltak som må til, skriv James Hansen med fleire: Det viktigaste er det moralske – rettferd mellom generasjonane. Om me mislykkast i å reisa oss og krevja ein kursendring, vil skulda tilhøyra dagsens generasjon av vaksne.
Våre foreldre visste ikkje at handlingane deira kunne skada kommande generasjonar. Me, dagsens generasjon, kan berre lata som om me ikkje veit. Korleis skal folk reisa seg mot dei enorme kreftene som vil øydeleggja jorda vår, krefter som vert utøvd av trivelege menneske som deg og meg? Dette er spørsmålet.
KOMMENTARER Våre regler