• REIN OG ETTERSPURT: Vindemølleenergi er rein og etterspurt energi. Difor er det paradoksal at såkalte naturvernarar er mot denne forma for energi, når vi veit kva alternativet er, skriv kronikkforfattaren. ARKIVFOTO: TERJE H. T. ANDERSEN SCANPIX

    FOTO: Andersen, Terje H.T.

Nei til kolonivelde

Sogn og Fjordane er i ferd med å bli ei slagmark for nasjonale interesser og såkalla naturvernarar.

SOGN OG FJORDANE ER 69 PROSENT EIGNA FOR ULV, sa Kurt Oddekalv til avisa Firda 1. oktober. Han hadde kasta seg rundt med kalkulator og eit kart. Lite vegar og få folk gjer Sogn og Fjordane til det fylket i landet som passar best til å ha ulv, meinte Miljøvernforbundet.

Ressonnementet var alt anna enn logisk, vi veit alle at ulven ikkje nyttar verken metermål eller kalkulator når den tar seg fram i terrenget, og debatten gjekk høg på firda.no. Det var postmaterialistar og sjølvutnevnte filosofar mot bønder og anna pakk.

I Firda 2. oktober las vi at Naturvernforbundets lokallag i fjordfylket er så blakke at dei vurderer å legge ned. På same tid er 44 vasskraftutbyggingar og 12 planlagde vindkraftverk under behandling.              

Eg tok meg i å tenke at tidspunktet for nedlegging er perfekt, og på twitter gjekk gladmeldinga. «La dei bli blåst vekk av rotorblad med 127 meters diameter!» Ikkje meir bråk frå den kanten mot verdas største vindmøller på Lutelandet i Ytre Fjaler der Vestavind Kraft har søkt Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) om konsesjon på 10 6MW vindmøller, eller 19 2MW-møller.

Og kvifor var vi så glade over at desse naturens vener muligens forsvinn?  

Fordi dei framstår som bremser for naturbasert og rein vekst og utvikling lokalt.

Det er paradoksalt når naturvernarar jobbar mot næringar som lever av naturen, som bønder og vindmølleforkjemparar. Det er paradoksalt når vi veit at bønder i Sogn og Fjordane har unike muligheter i verdssamanheng til å produserer rein mat, og det er paradoksalt all den tid vindenergi er rein og etterspurt energi. Det er også paradoksalt når ein veit at det blant anna er innanfor rein mat og energi at Sogn og Fjordane har sine fortrinn.

Og det størtse paradokset av alle: Kvifor er dei mot dette når vi veit kva som er alternativa til rein mat og rein energi?

EIN KAN SPØRJE SEG: Kvifor slost naturvernar som Oddekalv og Naturvernforbundet mot ei berekraftig utvikling? Trur dei verkeleg at Sogn og Fjordane kan eksistere som ein verna koloni for smale naturvernfilosofisk grunngjevne interesser?

Vil Oddekalv ha import av industrisau frå New Zealand? Er Naturvernforbundet motstandarar av rein kraft? Svaret på begge dei to siste spørsmåla er ja. Å seie ja til ulv i Sogn og Fjordane, eit fylke godt eigna for sauehald og produksjon av naturnær mat, er å seie ja til import av industrialisert sau frå eit alt anna enn naturnært og berekraftig landbruk. Det er å seie ja til auka utslepp i samanheng med transport av kjøt frå den andre sida av kloden, og det er å seie ja til reduksjon i dyrevelferd med, jamfør industrielle produksjon av sauekjøt som kan få einkvar til å grøsse over ribbene. Det er å seie nei til naturnær produksjon av mat. Det er å fjerne seg frå økologiske prinsipp.

Å påstå noko anna, er å sette seg sjølv på sida av røynda, noko som ikkje er praktisk mogeleg all den tid både mat og energi er internasjonale handelsvarer i ein global kontekst ein ikkje utan vidare kan oversjå, for ikkje å snakke om globale, slik som sauekjøt.

Denne konteksten vel ein derimot ofte å sjå bort frå. Fordi natur og mat er noko vi alle konsumerer. Alle har eigarskap til mat og natur og kan ergo meine det dei vil, og desse vakuumbaserte tenkjarane som ikkje bryr seg om større samanhengar, er  på offensiven i fjordfylket. Dei tek ikkje omsyn til av verdas behov for berekraftig utvikling og mat. Problemet oppstår den dagen realitetane bankar på døra.



MEN DET STOPPAR IKKJE HER. Også eksterne krefter vil bremse og konservere Sogn og Fjordane.

  12. mai spurde Åge Starheim (Frp) frå Sogn og Fjordane eit skriftlegskriftlig spørjetimespørsmål om det er Regjeringas intensjon å praktisere ei så restriktiv haldning til bygging i strandsonas hundremetersbelte at det fører til at mange no vurderer å flytte frå fylket. I desse øy- og kystsamfunna har Fylkesmannens haldning stoppa utbygging og vekst, noko som er godt dokumentert gjennom HAFS-Regionrådet.

Erik Solheims (SV) svar inkluderte mellom anna dette: «Strandsonen er av nasjonal betydning, og det er bakgrunnen for at det er et generelt byggeforbud i 100-metersbeltet langs sjøen.»

Her er vi inne på noko anna. Fjordfylket skal fjernstyrast frå andre delar av landet, til vårt alles felles beste. Sogn og Fjordane er i ferd med å bli ein koloni underlagt sentralmakta. Det er betre at folk flyttar enn at folk bygger. Til kven sitt beste? Av nasjonale interesser. Kva med dei lokale?



AV OG TIL SPØR EG MEG kva ein meiner når ein snakkar om at heile landet skal takast i bruk.

Så kvifor blir vi så sinte på alle desse som vil verne ein i ihjel, eller som tar seg tilsynelatande til rette blant fjordane? Enkelt sagt fordi deira påstander om verdas estetiske eigenverdi tel like mykje som praktisk kunnskap og politisk og økonomisk røynd. Fordi deira verdiar blir sett opp mot det praktisk nødvendige om folk skal leve blant i fjordane, og om vi skal ha ei berekraftig utvikling globalt. Ulike verdisett brakar saman. Høgverdige om vern versus lågverdige om bruk.



UT FRÅ DESSE TO TANKESETTA kan ein kome fram til påfallande ulike konklusjonar om kva som er framtidsretta og berekraftig. Ein gløymer at ein kan ha både utvikling, vekst og natur, om ein ser bort frå monsterlinja kraftleidningen Ørskog-Fardal, som kjem til å øydeleggje natur og fjell. Den må i kabel. Årsak: folk vil ikkje ha den, men også i saka om monsterlinja blir folk overkjørt lokalt.

Det er på tide å kreve råderett over eigne naturressursar. Vi kan ikkje stillteiande akseptere at fylket går i ulvane, blir verna i ihjel av nasjonale interesser når det passar dei nasjonale interessene, eller på andre sida bli rasert og øydelagt når dei same nasjonale interessene finn det for godt. Ein kan heller ikkje sitte som dumme apekattar på gjerdet når vindmølletoget går forbi. Det er no det gjeld å kome med.

Det er fullt mulig å ha berekraftig naturutnytting. Men då treng ein vi lokal råderett.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Kronikk

Landminer dreper elefanter

Stort møte i Bergen om trusselen mot trekkdyrene..

Jeg har ansvar for 28 barn

Kan jeg følge opp og gi tilpasset opplæring til hver enkelt av syv/åtteåringerne mine?

NRKs glade krigsbudskap

Vi fikk se unge, etter hvert mer og mer tungt bevæpnede menn, som så glade ut og skjøt i luften eller mot bygninger.

Hvem er etnisk norsk?

Nordmenn er en like lite ensartet gruppe som pakistanere.

Hva blir registrert om våre barn?

Vi foreldre vet ikke hvilke små bagateller eller problematiske opplysninger som registreres om våre barn, og hva de kan bli brukt til siden.

Vender seg direkte til folket

Cristina Fernández de Kirchner ligg an til attval i dagens presidentval i Argentina. Som Evita Perón er ho hata av overklassen og elska av dei fattige.