Med døden på vent

Krigen mot døden har vore så vellukka at det kanskje er tid for å vurdere kor langt han skal førast utan at andre verdiar blir truga.

Kronikk
Andreas Skartveit

EIN VOND DEBATT. Tidleg i desember var psykolog Kari Vigeland ufin. den tidlegare generalsekretæren i Human-Etisk Forbund tok ordet for å snakke om det som alle ser og veit, men som få vågar snakka om: At vår stigande levealder, med tilhøyrande helseplager, i møte med eit stendig veksande tilbod frå moderne helseindustri, fører oss inn i prioriteringar, problem og dilemma som blir, og er, såre og vanskelege å handtere, og å snakke om. Sentralverdiar i vår tankeverd, som menneskeverd og pengar, kolliderer og kjem i strid med kvarandre. Og kolliderande og stridande sentralverdiar er av det tyngste eit samfunn kan oppleve.

Hennar innspel er at vi må prioritere ned delar av tilbodet til dei eldste, som har hatt eit langt og godt liv, då først og fremst kurativ og livsopphaldande behandling. I staden bør ressursane gå til dei yngre generasjonane. Generasjonskonflikten om ressursane, eldreomsorg mot barnehagar og utdanning, er tydeleg i Japan, som er inne i ein tung forgubbingsprossess, og han er under utvikling hos oss også.

Motinnlegga kom straks. «Inhumant», sa Laila Dåvøy. «En fatal feilkopling», sa Inge Lønning, som meiner at diskusjonen om ressursbruk i helsevesenet ikkje må koplast saman med korleis vi møter behova til dei eldre.

Så var vi i gang igjen. I denne debatten er det synspunkt som er ulovlege og som skal stemplast og stengjast ute. Denne stemplinga er til fånyttes. Dei problema Kari Vigeland reiser, med tilhøyrande debatt, driv mot oss som eit lågtrykk i Nordsjøen. Uveret kan varslast, men ikkje stoppast. Og det er økonomien, som styrer det meste på våre kantar, som sender dette uveret inn over oss. «läkekonsten har sprängt sina ekonomiska ramar. Man står inför ett dilemma av väldiga dimensioner», slår den svenske idéhistorikaren Sven-Eric Liedman fast i boka Ett oändligt äventyr.

UTVIKLINGA I MEDISINEN er av vår tids store under. Men utgiftene veks, køane veks, både på sjukehus og aldersheimar. Direktørar og styreformenn går og går, og problema blir ikkje borte. Media held oss dagleg oppdaterte på problemkatalogen. Ein nyleg avgått helseminister slo alarm og meinte at det låg eit samanbrot og venta på oss om ingenting vart endra.

Det er i dag inga øvre grense for det tilbodet medisinen kan gje. På fjernsyn kan vi sjå operasjonar der 10-12 personar står rundt pasienten og operasjonsbordet i like mange timar. Det blir heider og stort oppstyr. Då Franco og Tito døydde, hadde dei omtrent eit sjukehus kvar. Vi kan lese om medisinar som kostar hundre tusen i året for ein pasient.

SÅ STREKK IKKJE PENGANE TIL. Og her møter gode intensjonar og høge ideal ein brutal realøkonomi. Under budsjettsalderinga blir både Florence Nightingale og Albert Schweitzer sende på gangen. No skal også dei andre ha sitt.

Den prosenten av budsjetta som går til helse og omsorg, kan ikkje vekse i det uendelege. Denne prosenten må konkurrere med forsvar, skule og forsking, politi og alt det andre fellesskapen har ansvaret for. Og prosent er ein naturressurs, i den forstand at han er strengt avgrensa. Det finst berre hundre av dei å fordele.

Så er vi så rike, kanskje det rikaste landet i verda. Vi må kunne ha råd til eit fullverdig helse- og omsorgstell. Akkurat her er denne rikdommen langt på veg ein illusjon. I eit velstyrt samfunn som vårt stig lønnene når rikdommen veks. Det tyngjer industriar som er avhengige av mykje folk, som helse- og omsorgsindustrien. Tinga våre blir billegare, av dei kan vi skaffe oss stendig fleire. Hjelpande hender blir derimot dyrare. Det er rikdommens konsekvens og forbanning når han er kombinert med ei anstendig fordeling.

VI HAR SVÆRT MANGE gode år bak oss for norsk økonomi. Akkurat no er framtida usikker både for oss og landa rundt oss. Ingen veit om finanskrisa er over. Det er lenge sidan store oljefunn. Oljeinvesteringane går ned. Shipping, og dermed bankane, har det ugreitt, og Stortinget har gått laus på Oljefondet. Det er ikkje gitt at vi vil ha det like romsleg i komande som i farne år.

Og då vil prioriteringskravet melde seg med styrke. Og prioriteringskravet kjem alltid i følgje med sin utrivelege språktvilling: Diskrimineringa. Skal nokon få meir, må andre få mindre. Å prioritere utan å diskriminere, er meiningslaust. Og det er meir moro å prioritere enn å diskriminere. Det er ein slik prioriteringsdebatt Kari Vigeland legg opp til, og som Inge Lønning ikkje vil høyre noko om.

Om vi let denne debatten liggje sovande, utan å gjere dei nødvendige og utrivelege avklaringane i ansvarlege organ, kan vi ikkje unngå å prioritere og diskriminere likevel. Det vil bli dørvaktene som må gjere det, dei som ordnar køane til alders- og sjukeheimar, og til sjukehusa og operasjonsbordet. Dette er eit tungt ansvar som burde liggje høgare oppe i samfunnet, på høgt politisk nivå, slik andre viktige verdispørsmål gjer. Og då bør vi ha ein open og ærleg debatt først, utan stempling, og der også realøkonomiens brutale realitet må telje med. Han har, også her, siste ordet.

DET ER FUNDAMENTALE saker det handlar om, livet og livets utgang, døden. I slike saker kan ofte gamle mytar kaste eit forklarande lys over emnet. Folk har tenkt før oss, dei var ikkje dummare enn oss, og dei tenkte ofte i mytar.

I Edens hage fekk Adam vite at han kunne ete av alle trea i hagen, unnateke det treet som gav vit på godt og vondt. Om han gjorde det, skulle det gå han ille. Så kom slangen og lova dei at dei skulle bli som Gud og skjøna godt og vondt om dei åt av akkurat det treet. Det gjorde dei, og resten er historie.

Sidan den tid har vi støtt og stendig ete av kunnskapens tre og trengt inn på det området der naturen, eller Gud, rådde åleine. No kan vi stå ved livets inngang og hjelpe små menneske inn i livet, eller ut av livet, alt etter som. Vi kan overprøve naturen når det passar oss.

Og vi kan stå ved livets utgang og regjere med døden. Meiner vi at han må vente, så må han finne seg i det. Meiner vi at tida er inne til at han kan hente sitt, kan vi hjelpe han med det.

Dette er kunnskapens frukter, frå treet i Edens hage. Det tok lang tid å nå hit, men no er vi her. Vi skulle bli liksom Gud, lova slangen. No råder vi, langt på veg, over liv og død, slik naturen, eller Gud, eingong gjorde åleine.

Å HANDTERE DØDEN, slik vi no gjer, er eit tungt ansvar, med ei kostnadsside. Men det er også eit ansvar å sjå til at denne handteringa ikkje er slik at livet blir øydelagt før det er slutt. Eller at ho blir så dyr at ho legg svart rundt seg.

Krigen mot døden har vore så vellukka at det kanskje er tid for å vurdere kor langt han skal førast utan at andre verdiar blir truga.

Slangen lova innsikt og makt om dei åt av kunnskapens tre. Det medfølgjande ansvaret sa han ingenting om. Men det var kanskje det Gud hadde i tanken med sitt forbod. Han visste nok at ansvar kan bli tungt å bere og vanskeleg å leggje frå seg.

Korleis bør politikarar og helsevesen prioritere? Bruk kommentarfeltet.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Kronikk

Landminer dreper elefanter

Stort møte i Bergen om trusselen mot trekkdyrene..

Jeg har ansvar for 28 barn

Kan jeg følge opp og gi tilpasset opplæring til hver enkelt av syv/åtteåringerne mine?

NRKs glade krigsbudskap

Vi fikk se unge, etter hvert mer og mer tungt bevæpnede menn, som så glade ut og skjøt i luften eller mot bygninger.

Hvem er etnisk norsk?

Nordmenn er en like lite ensartet gruppe som pakistanere.

Hva blir registrert om våre barn?

Vi foreldre vet ikke hvilke små bagateller eller problematiske opplysninger som registreres om våre barn, og hva de kan bli brukt til siden.

Vender seg direkte til folket

Cristina Fernández de Kirchner ligg an til attval i dagens presidentval i Argentina. Som Evita Perón er ho hata av overklassen og elska av dei fattige.

Relaterte bilder