-
VERDIAR I KULTURLANDSKAPET: Verdien av eit intakt jordbrukslandskap med sin karakteristiske bygningsmasse har også reiselivet oppdaga. Dette biletet er frå Hanøy i Fitjar, som fekk kulturlandskapsprisen i 2007. ARKIVFOTO: JAN RABBEN
Kva kan vi bruke dei gamle husa til?
Kulturminneåret 2009 er på hell og det er viktig å dra i gang både ein diskusjon om – og ei tiltakskjede for å berge viktige delar av bygningsarven som dei springande endringane i landbrukssektoren medfører.
OLE BAKKEBØ
er landsbruksdirektør i Hordaland og leiar for arbeidet med «Ledige landbruksbygg og ny bruk».
DET NORSKE LANDBRUKET har gjennomgått omfattande endringar og strukturrasjonalisering siste 20-30 åra gjennom bruksnedlegging og brukssamanslåing på den eine sida og intensivering og ekstensivering av driftsopplegget på attverande bruk. I denne prosessen har det over tid bygd seg opp eit «overskott» av bygningsmasse av ulikt slag; fjøsbygg, låvar, stølshus, sjøbuer, våningshus, og andre driftsbygg av ymse slag. Sett på spissen så har tida har løpt forbi dei. Spørsmålet blir: Skal vi la desse flotte og tidstypiske bygningane i landbrukslandskapet atter bli til jord i det stille – eller er det mogleg å slå eit slag for denne kulturarven? Vi har 180.000 landbrukseigdomar i landet, knapt 50.000 er «registrert» drift og til saman dreier dette seg om mange hundre tusen bygningar av ulik kvalitet og tilstand.
Bygningar som misser sin næringsmessige funksjon, betener ikkje sitt eige vedlikehald og går forfallet raskt i møte og vert eit økonomisk tapsobjekt. Riksantikvaren har gjennom åra freda det viktigaste, sjeldne og representative – og desse går inn i ein museal tilvære og gjev eit autentisk bilete av tidsperiodar, byggjeskikk etc. Men summen av det freda utgjer ein drope i havet i høvet til den andre bygningsmassen i næringa.
ALLE DESSE SOM ER TIL «OVERS» – er det ikkje verdt å ta vare på dei for ettertida i ei eller anna form? Det ligg samla sett minst like interessant kulturhistorie, handverks- og bygningsteknikkar i den ståande bygningsmassen som den freda, og som pryder det norske kvardagslandsskapet. Hovudutfordringa dreier seg om å få i gang fornuftig kommersiell gjenbruk av bygningsmassen. Dette er bygningar som set sitt preg på det lokale kulturlandskapet – og denne arkitekturen og materialbruken avspeglar landet sine ulike natur- og landskapsregionar og er i seg sjølv ei reise verd!
Dei siste 15 åra har landbrukets kulturlandskap kome på den offentlege dagsorden. Kulturlandskapet avspeglar sjølve jordbruksproduksjonen og dei driftsmåtar og den teknologi som der måtte rå grunnen etter som tida skrid. Det paradoksale no er at landskapet i seg sjølv – kulturlandskapet med sine bygningar og kulturelement, stundom framstår som viktigare samfunnsgodeproduksjon enn sjølve primærproduksjonen, og eldre bønder synest tilværet vert snudd opp ned. National Geograpics sine gjentekne kåringar av vestlandsfjordane dreiar seg mindre om fjordane og fjella og meir og meir om bøndene og kulturlandskapet.
VERDIEN AV EIT INTAKT JORDBRUKSLANDSKAP med sin karakteristiske bygningsmasse har også reiselivet oppdaga: Denne grøne stripa med liv, røre og kultur inneklemt mellom fjordane og fjella – det er jo nettopp dette som er spektakulært i fjellandet Noreg.
I kjølvatnet av kulturlandskapsfokuset kjem interessa for kortreist mat, nisjemat, økomat, gamle mattradisjonar etc – rørsler som i seg sjølv forsterkar interessa for det lokale landbruket og kvardagslandskapet. Uheldige sider ved den internasjonale og industrielle matindustrien bidreg gjerne også til å heve interessa for våre eigen lokale matproduksjon.
Kulturminneåret 2009 er på hell og det er viktig å dra i gang både ein diskusjon om – og ei tiltakskjede for å berge viktige delar av bygningsarven som dei springande endringane i landbrukssektoren medfører. Verneformålet kan innfriast gjennom ny bruk eller funksjonsområde samstundes som arkitektoniske tilhøve eller konstruksjonsmessige særtrekk ved bygningen blir ivareteke. Altså i den grad tradisjonelt landbruk ikkje ser seg nytte i desse bygningane lenger, så er utfordringa å finne nye kommersielle bruksmåtar. Desse bruksmåtane bør i hovudsak elles vere i samsvar med dei kvalitetar som ligg i bygnings- og tunmiljøet, og elles harmonere med andre aktivitetar i kringliggjande omgjevnader. Litt av vitsen bør vel vere at bygningens eksteriør er mogleg å gjenkjenne etter ei omvøle – og at bygningen sin kulturhistoriske status kvalifiserer for eit nytt liv?
DEN MEST UTFORDRANDE OPPGÅVA er evna til å utvikle nye forretningskonsept produkt/tenester knytt til desse bygningane som står seg i marknaden – utan å titte over skuldra til nærmaste nabo for å kopiere hans idear. Idear, kreativitet, og marknadsteft er nok meir mangelvare enn sjølve restaueringskompetansen i næringa. I samband med kulturminneåret vert det difor viktig å utvikle til ein nasjonal database over kva gamle driftsbygg kan nyttast til og skape eit nettverk for slik former for prosjektutvikling. Det er vilje til å ta fatt i denne utfordringa i landbruksnæringa og det er sett av midlar i jordbruksoppgjeret til å setje desse problemstillingane på bordet.
Men dette er ikkje ei utfordring for iderikdom, marknadsteft og gjennomføringsevne på det einskilde bruk – men i like stor grad eit utfordring for kommunar og statlege sektorstyresmakter. Korleis skal søknader om gjenbruk handterast i pressområde – i intensive jordbruksmiljø, fråflyttingsområde, i fjell- og stølsregionen etc. Bør det vere rom for ulik policy i aksen sentrum-periferi eller mellom pressområde og utglisningssamfunn i ein kommune og innan eit fylke? Korleis skal kommunane møte ynskjemål om å berge kulturhistoriske bygningsmasse når det skal takast standpunkt til bygningsmessige endringar, bruksendring, tilkomst, avkøyrsle etc – som samstundes er i samsvar med rimeleg krav likehandsaming innanfor eit bestemt geografisk område.
DET NORSKE LANDBRUKET er i omstilling: Den store og effektive matproduksjonen vert teken hand om av stendig færre, men større einingar som drifter moderne og rasjonelt. Samstundes har marknaden for tenesteproduksjon ifrå landbruket teke av – i alle fall i relative termer. Det bør kunne vere eit alternativt handlingsrom for dei som er offer for denne avskalllinga i tradisjonelt jordbruk: Omsorgsfunksjonar, agriturissimo, oppleving/aktivitets-baserte gardsbruk etc i tillegg til nisjeproduksjonar. Cideren er på veg «tilbake» – men rammeverket omkring omsetningsformene oppfattar mange som ei utfordring. Det ligg elles ei stor utfordring i at også det moderne landbruket gjennom god planlegging og fleksible haldinger på alle nivå – kan få utløyst sine bygningsbehov gjennom endra bruk av eksisterande bygningingar.
ALLE DEI GAMLE BYGNINGANE i næringa bør ikkje overleve, men om vi i kulturminneåret 2009 makta å setje i gang ein prosess for å berga noko av det beste og mest representative gjennom kløktige tiltak, så vil absolutt landet framstå som ein rikare nasjon for ettertida.
Diskuter kronikken her!
KOMMENTARER Våre regler