• HØGREEKSTREMISME: Anders Behring Breivik: Ikkje berre ein einsam ulv. Han er eit resultat av ein sjuk, nasjonalistisk ideologi som me har late utvikla seg, skriv innsendaren.

Ingen einsam ulv

Utøyaterroristen er ikkje berre ein einsam fanatikar. 
Han er eit resultat av eit ideologisk bakteppe, noko hans eige manifest avslører.

22. juli 2011 vart datoen då eit av dei største terroråtaka – i talet på drepne – vart gjennomført. I vesle Noreg. Først var det mange av oss som trudde det var islamistar som stod bak. Men det var ikkje det, det var ein høgreekstremist som skulle ta livet av dei han oppfatta som «svikarar». Difor sprengde han ei bombe midt i Oslo sentrum. Difor reiste han til Utøya for å drepe ungdomar på politisk sommarleir.

Som ved tidlegare døme på høgreekstrem terror – og i Europa er det mange – vert gjerningsmannen av nokon oppfatta som ein einsam ulv, som ein galen mann som har tørna heilt åleine. Samstundes har nokre journalistar festa seg ved at han sjølv omtaler seg som både «kristen» og «konservativ». Ein del har frå ordet «høgreekstremist» konkludert med at Anders Behring Breivik er nynazist. Det har også vore ein del fokus rundt det faktum at mannen tidlegare har vore medlem i Framstegspartiet og han var medlem av ei frimurarlosje. Det siste har neppe nokon særleg relevans. Det var neppe i Framstegspartiet at Breivik vart radikalisert. Det var neppe i frimurarlosjen heller.

No er det på tide å retta sterke lykter mot nokre heller mørke og slimete stader

Men å sjå på Breivik som ein einsam ulv er likevel misforstått. Rett nok tyder det meste på at han gjennomførde terroråtaket åleine, og snakket om ein organisasjon av «tempelriddarar» i det forvirra 1500-siders manifestet Breivik sytte for å gjera tilgjengeleg før han la ut på massedrap, verkar ikkje særleg truverdig. Men manifestet – og Breivik sine kommentarar på ulike nettsider – syner også at han var inspirert av eit internettmiljø som kallar seg «counterjihadist». Dette er eit miljø som forfektar ein ideologi som knappast kan kallast nynazistisk, men som definitivt kan kallast høgreekstrem. Det er eit miljø som har koplingar til europeisk nyfascisme. Og det er eit miljø der ein konspirasjonsteori rår grunnen: Europa er i ferd med å verta Arabia – islamisert og arabisert. Dette er bevisst politikk, ein politikk sentrale politikarar, mediefolk og akademikarar Europa over er med på. Nokre kallar dei «liberale elitar». Breivik kallar dei «kulturmarxistar», ein definisjon han ikkje har problem med å putta også Høgre-folk inn under.

Denne teorien kan ein lesa om ei rekkje ulike bøker, samt i ei mengd bloggar frå ulike land. Ein av dei prominente talsmennene for teorien er ein anonym nettskribent som kallar seg Fjordman. Han kjem angiveleg frå Trøndelag. I manifestet til Breivik vert Fjordman framheva som ein sentral ideolog for tenkinga Breivik sjølv baserer seg på, med berre ein skilnad, nemleg at Breivik vel «væpna kamp». Store delar av manifestet er faktisk artiklar skrive av nettopp Fjordman. Ein av dei heiter «Ei europeisk uavhengigheitserklæring», noko som påfallande nok også er del av namnet massemordaren på Utøya har vald å gje sitt manifest.

I dette kjem Fjordman fyrst med ei rekkje «krav» – alt frå krav om ekstremt restriktiv innvandringspolitikk til krav om at EU må oppløysast på dagen. I ein artikkel skriv Fjordman blant anna det følgjande:

Dersom desse krava ikkje vert fullt ut følgd opp, dersom den europeiske union ikkje vert oppløyst, multikulturalismen ikkje vert avvist og den muslimske innvandringa ikkje vert stogga så har me, Europas folk, ikkje noko anna val enn å konkludera med at myndigheitene våre har gjeve oss opp, at alle skattane dei samlar inn er urettvise og at lovene som vert vedteke utan vår aksept er illegitime. Me vil slutta å betala skatt og ta dei naudsynte stega for å verna om vår eigen tryggleik og sikra vår nasjonale overlevnad.

Kva desse «naudsynte stega» er meint å vera vert det ikkje sagt noko om. Men i dag – nokre år seinare – bør dei orda få det til å kaldt nedover ryggen på dei fleste av oss.

Dei flestei desse miljøa – truleg inkludert den anonyme Fjordman, om han no er ein eller fleire personar, trøndar eller ikkje – er knappast valdsmenn. Fjordman har – via bloggen Gates of Vienna – teke avstand frå terrorhandlingane og seier at han aldri har oppmoda til vald. Det er på overflata riktig, trass i sitatet over. Men det er om lag like meiningslaust som at Lenin skulle ta avstand frå leninismen. I årevis har skribentar som Fjordman forfekta ideen om at Europa – inklusive Noreg – er i ferd med å bli okkupert av «framande». I årevis har dei forfekta ideane om at dette skjer med aksept frå til dømes norske myndigheiter.

I årevis har dei spreidd ein ideologi som – kort fortalt – er prega av ei dommedagsaktig konspirasjonstenkning. I årevis har dei omtala til dømes Arbeidarparti-politikarar som «svikarar», som «landsforrædarar», som «quislingar». At nokon tyr til vald når dei har vorte selde eit slikt verdsbilete, er knappast noko overrasking. At Arbeiderpartiet vert sett ut som mål er knappast tilfeldig. Det som sjokkerer er skalaen. Ikkje at det skjer. Dette er ikkje den fyrste valdshandlinga motivert av denne sjuke, konspiratoriske ideologien.

Mange har fått med seg at Breivik har publisert bloggkommentarar på nettstaden document.no. Document.no har fått litt av eit køyr mot seg. Det er ikkje heilt urimeleg, sidan dei har ei rimeleg hard innvandringskritisk line frå redaksjonelt hald. Men det er lettkjøpt. Om ein ser attende på Breivik sin bloggkommentarar er det ein ting som er meir skremmande enn noko anna: Dei skil seg ikkje ut. Dei er av ein type ein dei siste åra har kunna sett mange av på debattsidene til langt større media enn document.no.

Anders Behring Breivik er ikkje berre ein einsam ulv. Han er eit resultat av ein sjuk, nasjonalistisk ideologi som me har late utvikla seg. No er det på tide å retta sterke lykter mot nokre heller mørke og slimete stader.

Diskuter saka under:

Følg BTmeninger på  Facebook og Twitter!
 

Les også

Slik kan du debattere i BT

Hvor skal jeg sende innlegg?



Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.

Velkommen til debatt i Bergens Tidende. Vi setter pris på sterke meninger. I våre kommentarfelt er det høyt under taket, men vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis respekt for andre debattanters meninger, etnisitet, religion og legning. Husk at mange leser dine ytringer her på bt.no. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå. Du må skrive under fullt navn.

Vennlig hilsen Gard Steiro, sjefredaktør.

Siste fra Kronikk

fakta om Anders Behring Breivik

  • Fødd 13. februar 1979 
i Oslo
  • Gjekk på Oslo Handelsgymnasium. Har sidan ikkje tatt formell utdanning, men hevdar å ha studert mykje
  • Beskriv seg sjølv som konser-vativ kristen
  • Arrestert for å ha gjennomført angrepa på Regjeringskvartalet og AUF sin sommarleir på Utøya.

Bilder

«COUNTERJIHADIST»: Manifestet - og Breivik sine kommentarar på ulike nettsider - syner også at han var inspirert av eit internettmiljø som kallar seg «counterjihadist», skriver Øyvind Strømmen i denne kronikken.

BT Meninger på twitter:


Siste saker