Gamle dampen må heim!
Det må vere eit mål at fartøyvernet no vert endå betre ved å bli gjort til ein fullverdig del av det øvrige kulturminnevernet og at ein får setje kursen vidare med ei regional hand på skipsrattet.
AV: per morten ekerhovd, fylkeskonservator
Norsk kulturminnevern er i endring og fartøyvernet er ein del av feltet som ikkje har funne si endelege form. For tida arbeider Riksantikvaren på oppdrag frå Miljøverndepartementet med ny nasjonal verneplan for fartøy 2009–2014. Planen vert lagt fram i løpet av november og legg strategiar for vidare organisering og tiltak.
Ein kan håpe at staten nyttar høvet til å sjå forvaltinga av historiske fartøy som ein del av det andre kulturminnevernet. Det vil tene både fartøya og dei gode frivillige kreftene som arbeider med vern av dei.
Representativt mangfald
Fartøy og båtar utgjer ein viktig del av del av det kollektive fellesminnet vårt. I Hordaland kjenner mange att «Oster», «Stord», «Granvin», «Midthordland», «Skånevik», «Loyal», og «Beffen». Alle har på ein eller annan måte prega kvardagslivet langs kysten. Framleis betyr dei mykje for oss, og på dei store dagane vert Vågen i Bergen smykka med eldre fartøy.
I Noreg er det ei målsetjing å sikre eit representativt mangfald av kulturminne. Ein har klart å ta vare på eit breitt utval av historiske referansar av freda bygningar og arkeologiske lokalitetar. I dag er om lag 5950 bygningar freda etter kulturminneloven.
Flytande kulturminne
I fartøyvernet skal ein på same vis oppretthalde eit utval fartøy frå den maritime kulturhistoria med kronologisk, teknisk og funksjonell breidd.
Så langt har ein ikkje sikra meir enn ein liten del av det store historiske mangfaldet av flytande kulturminne. Berre fem fartøy er freda etter kulturminnelova medan 200 har fått status som «verneverdige skip».
At så lite av den historiske tonnasjen er teke vare på har gått verst ut over det samla utvalet av kulturminne i kystfylka. Ein nødvendig føresetnad for busetnad og utvikling av samfunnet kan rett og slett ikkje opplevast lenger.
Gamledampen
Ein kan gjere seg mange tankar om ei slik utvikling. Det er lett å akseptere at supertankarar og oljeriggar vert for store til at det er fornuftig å bruke fellesskapen sine ressursar på halde dei i operativ stand. Det er derimot verre når ein ikkje klarer å byggje betre opp under det gode arbeidet med små og store fartøy: rutebåtar, fiskeskøyter og frakteskuter.
Vern av fartøy og båtar var lenge ikkje-eksisterande som politikkområde i miljøforvaltinga.
Å leggje til rette for fartøyvern er utfordrande; det er teknisk vanskeleg, krev store midlar og høg innsats over lang tid. I stor grad har gjennomføringa av den nasjonale politikken på feltet vore avhengig av frivillige krefter som med stor innsats har klart umogelege oppgåver.
Istandsetjinga av sjølve gamledampen, «Oster», er døme på korleis private tek på seg oppgåver for fellesskapen med heilt urimeleg omfang. Ein sit igjen med inntrykk av at utvalet av fartøy har vore overlate til tilfeldigheitene og at gjennomføringa av nasjonal politikk er ei sak for entusiastane. Dei er det heldigvis mange av.
Hordaland gjekk føre
Kvifor er det slik? Ein mogeleg grunn finn ein ved å sjå på organiseringa av kulturminnevernet. Forvaltinga av dei ulike fagområda er gjennom lovverk og delegering av mynde delt mellom staten (Riksantikvaren), regionale styresmakter (fylkeskommunane) og landsdelsmusea.
I motsetnad til kulturminne på land har fartøyvern vore eit felt som staten sjølv valde å halde tett til brystet. Regionale og lokale styresmakter fekk ingen lovheimla oppgåver. Ein viste til at feltet stilte kompetansekrav som berre kunne samlast i sentrale fagmiljø, at fartøyvernet var for nytt til å overlatast til andre, og at fartøy ikkje var knytt til landleg geografi.
Dette var paradoksalt nok i same periode som lokale og regionale styresmakter i Hordaland spelte ei avgjerande rolle ved etableringa av Hardanger fartøyvernsenter (1984) og Oselvarverkstaden (1997). Begge var fungerande lenge før båt- og fartøyvern vart statleg politikk.
Tek staten ansvar?
I iveren etter å gjere ein god jobb gløymde statlege styresmakter at ein er avhengig av eit brei geografisk forankring. Sentralisering av mynde vil ofte tildekke engasjement og pulverisere det ansvaret som andre styresmakter har for eitkvart feltet.
Dermed vil politiske prioriteringar vere vanskelegare å forsvare og pengane kanaliserast til andre samfunnsområde. I det store og heile er det oppsiktsvekkjande kor lite regionale og lokale styresmakter har vore inviterte med på. Ein kan godt tenkje at staten tek ansvaret. Men gjer staten det?
Rett nok har dei statlege løyvingane til fartøyvernet auka dei siste åra. I 2009 vart det løyvd 42 millionar kroner og i tillegg 10 millionar kroner frå regjeringa si krisepakke. Likevel er underdekninga formidabel.
Betre samhandling
Korleis kan ein forvalte offentlege midlar på best mogeleg vis? Hordaland fylkeskommune gjennomførte i 2009 ei evaluering av regionalt fartøyvern på oppdrag frå Riksantikvaren. Bakgrunnen var den såkalla overføringsmodellen, der utvalde fylkeskommunar frå 2002 fekk tilskotsansvar for delar av dei statlege løyvingane og der ein sette av tilsvarande midlar frå eigne budsjett.
Sjølv om berre ein liten del av dei samla statsmidlane vart fordelte gjennom ordninga viser undersøking at ein har styrka og motivert til større regional innsats i fartøyvernet.
Ein har fått auka regional fagkompetanse, har skapt betre samhandling mellom nasjonalt og regionalt nivå, og betre kontakt med frivillig sektor.
Modellen har samla tilført fartøyvernet vesentleg auka midlar. Evalueringa viser og at den politiske interessa for fartøyvernet er stor i dei fylka som har delteke i prøveordninga.
Eintydige ynskje
Evalueringa kartlegg eintydige ønskje om vidareføring og utvikling av det regionale fartøyvernet. Ikkje minst ser mange det potensialet som ligg i at fagmiljø innan bygnings- og fartøyvern vert sett i samanheng.
Delegering av forvaltningsansvar for eldre fartøy kan godt samsvare med ordninga innanfor faste kulturminne frå nyare tid.
I fartøyvernet vil det bety at både forvaltingsmynde etter lova og tilskotsansvar vert delegert til fylkeskommunane.
Aktiv samhandling
Som dei fleste andre felt i samfunnet er fartøyvernet tent med at politiske avgjerder og avgjerdsmynde vert flytta så nært som mogeleg dei som gjer jobben. Å ta vare på ikkje fornybare ressursar og bidra til lokal samfunnsutvikling er eit hovudmål i kulturminnevernet. Slike prosessar krev aktiv samhandling der frivillige og organisasjonane finn klangbotn i ei engasjert kulturminneforvalting og politikarar utanfor hovudstaden.
Ein må tru at Miljøverndepartementet vel å sjå desse poenga når den nasjonale fartøyvernplanen vert lagt fram. Godt fartøyvern er eit velferdsgode for fellesskapen.
Kva meiner du? Bruk kommentarfeltet under.
Les også
Siste fra Kronikk
- Regjeringa har gitt Miljøverndepartementet i oppdrag å lage ein nasjonal verneplan for fartøy i Norge.
- Riksantikvaren har fått i oppdrag å lede arbeidet med verneplanen.
- Planen vert lagt fram i løpet av november.
Relaterte bilder
«OSTER»: Istandsetjinga av sjølve gamledampen, «Oster», er eit døme på korleis private tek på seg oppgåver for fellesskapen med heilt urimeleg omfang, skriv artikkelforfattaren. Her er «Oster» på veg inn i den smale Mostraumen. Arkivfoto: Helge Sunde
KOMMENTARER Våre regler