Forskinga når ikkje ut til studentane

Forskingsbasert undervisning tyder at dei som underviser skal vere i spissen innanfor fagområdet. Men jo høgare formell kompetanse ein person har, jo mindre er sjansen for at ein vil finne vedkomande bak kateteret.

For meg som høgskuletilsett har mai og juni månad dei siste 25 åra i nokså stor grad handla om sensur av studentarbeid, ikkje berre ved eigen høgskule, men også som ekstern sensor rundt om i Noreg. Det er både interessant, nyttig og lærerikt å sjå kva studentane sit att med av kunnskap etter fullført studiearbeid, og korleis dei maktar å formidle denne kunnskapen anten skriftleg eller munnleg.

Som ekstern sensor har eg denne våren opplevd eit studentkull som hadde store vanskar med å handtere sentrale faglege omgrep på ein haldbar måte. Resultatet var at nesten halvparten av studentane fekk strykkarakter (F) eller dårlegaste ståkarakter (E).

Når ein så veit at denne høgskulen har fått midlar til eit større forskingsprosjekt der dei same omgrepa står i sentrum, har dette for meg gitt grunn til ettertanke. Maktar vi i høgskulane å presentere forskingsaktivitetane våre på ein god nok måte for studentane – eller vert det utdanningspolitiske mantraet om at vi skal drive forskingsbasert undervisning berre eit slag i lufta?

Seks tilhøyrarar på (...) Malta gir meir status og kredit enn 200 studentar på eigen høgskule

Forskinga skal fremjast
I den perioden eg har arbeidd i høgskulesystemet har vi sett ei kraftig omdanning i synet på kva høgre utdanning skal vere, kven som skal vere tilsett der og kva for aktivitetar som skal inngå i arbeidstida til dei tilsette. Ei av endringane kan fangast opp i omgrepet forskingsbasert under-visning. Ifølgje Universitets- og høyskoleloven (2005) er kravet at utdanningsinstitusjonane skal «tilby høyere utdanning som er basert på det fremste innen forskning, faglig og kunstnerisk utviklingsarbeid og erfaringskunnskap».

Dette tyder at dei som underviser, skal vere i spissen innanfor fagområdet slik at han eller ho kan føre studentane fram til kunnskapsfronten.

Kva er forskingsbasert?
For nokre år sidan var eg leiar av fag-gruppa som evaluerte norsk førskulelærarutdanning. Variasjonen i oppfatninga av kva forskingsbasert undervisning er, var påfallande. I ei utgreiing har Norgesnettrådet lansert fem ulike tolkingar av omgrepet:

* at undervisninga skal vere i samsvar med dei nyaste resultata som forskinga kan vise

* at undervisninga skal vere knytt til eit forskingsmiljø

* at fast tilsette lærarar skal ha fors-kingskompetanse

* at undervisninga skal utførast av aktive forskarar

* at undervisninga skal gi trening i vitskapeleg metode i samarbeid med praktiserande forskarar

Utfordringa er altså å avklare kva som ligg i omgrepet, men også å finne ut av i kva grad fenomenet i det heile teke førekjem i høgskulane og i kva grad studentane som går i den grunnleggjande yrkesutdanninga (dvs på treårig bachelornivå), får tilgang til slik undervisning. Dette siste momentet er etter mitt skjønn overordna viktig.

Frå studentane sin synsstad
Det har vorte eit kraftig tankekross for meg å sjå at dei studentane som skal fungere som førskulelærarar i norske barnehagar fram til 2050, ikkje får møte dei fremste og best kvalifiserte lærarane i sitt fag i yrkesutdanninga si. Under den tidlegare omtalte evalueringa av førsku-lelærarutdanninga hadde studentane vi snakka med, i liten eller ingen grad møtt personalet si eiga forsking i undervisninga. Mange av dei visste ikkje eingong kva område deira eigne undervisarar dreiv forsking på, eller at dei dreiv med forsking i det heile.

Studentane hadde svært avgrensa innsyn i forskings- og utviklingsarbeida ved eigen høgskule, og dei tok lite del i desse aktivitetane. Dette treng ikkje innebere at undervisarane ikkje har trekt inn forskinga si i undervisninga, men indikerer at dette ikkje er gjort i så stor og kraftfull grad at det har sett spor.

Ved ein av høgskulane visste vi at ein av dei tilsette hadde skrive ei av lærebøkene som studentane nytta. Vi spurde om dei visste kven denne personen var: Dei kjende namnet og boka, men visste ikkje kven personen var. Personen vandra rundt i studiemiljøet til desse studentane kvar dag.

Det offentlege betalar
Eg vil hevde at mønsteret ved dei fleste høgskular i dag er at jo høgare formell kompetanse ein person har, jo mindre er sjansen for at ein vil finne vedkomande bak kateteret i grunnutdanninga av t.d. førskulelærarar. Dei som har høgaste formell kompetanse, arbeider anten på vidareutdanningar eller har skaffa seg forskingsmidlar som gjer at han/ ho heilt eller delvis kan kjøpast fri frå undervisningsoppgåver.

Forsking i den delen av høgskule-systemet eg kjenner best, er finansiert av offentlege midlar. Det ligg eit klart ansvar på forskarane, men også på utdanningsinstitusjonen om å formidle resultat frå forskinga som går føre seg. Ikkje berre til eit lite og fåtalig forskarfellesskap, men også til allmenta, inkludert studentane.

Forskinga når ikkje ut
Med utgangspunkt i ein del av dei stu-denttekstane eg har lese denne våren, så er det meir unnataket enn regelen å inkludere framtidige profesjonsutøvarar i form av studentar i dette formidlingsarbeidet. Det verkar som om forskinga har få former for spreiing av prosessen, av innhaldet og av resultatet til studentane innanfor eigne høgskular.

I alle fall har det til tider vore vanske-leg å finne att konkrete spor av det forskingsarbeidet eg veit vert gjort ved høgskulane, i studenttekstane eg les. Dette er ikkje berre trist, det er også nokså alvorleg både for høgskulane, den framtidige profesjonsutøvinga og for kvalitetsutviklinga i barnehagane våre.

Forskinga gjev prestisje
Det er neppe å ta for sterkt i å hevde at det er knytt langt meir prestisje til det å forske enn det å undervise studentar på grunnutdanningsnivå. Det er viktig for høgskulane å ha høg kompetanse målt i tal tilsette med såkalla førstekompetansen, det vil seie doktorgrad eller første-lektorkompetanse. Skal ein nå opp i konkurransen om mastergardsutdanningar og om større forskingsprosjekt, er det dette som tel. Slik er det berre.

Systemet med publiseringspoeng for forskingsartiklar, bøker og paper på internasjonale forskingskonferansar er med å forsterke dette. Seks tilhøyrar på ein bortgøymt konferanse på Malta gir meir status og kredit enn 200 studentar i eit auditorium på eigen høgskule. Kor mange du når fram til i formidlinga di, vert aldri etterspurt. Diverre.

Kva meiner du? Del dine synspunkt med oss.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Kronikk

Landminer dreper elefanter

Stort møte i Bergen om trusselen mot trekkdyrene..

Jeg har ansvar for 28 barn

Kan jeg følge opp og gi tilpasset opplæring til hver enkelt av syv/åtteåringerne mine?

NRKs glade krigsbudskap

Vi fikk se unge, etter hvert mer og mer tungt bevæpnede menn, som så glade ut og skjøt i luften eller mot bygninger.

Hvem er etnisk norsk?

Nordmenn er en like lite ensartet gruppe som pakistanere.

Hva blir registrert om våre barn?

Vi foreldre vet ikke hvilke små bagateller eller problematiske opplysninger som registreres om våre barn, og hva de kan bli brukt til siden.

Vender seg direkte til folket

Cristina Fernández de Kirchner ligg an til attval i dagens presidentval i Argentina. Som Evita Perón er ho hata av overklassen og elska av dei fattige.

  • utdanningsinstitusjonane skal: tilby høgre utdanning på høgt internasjonalt nivå.
  • formidle kunnskap og spreie forstå-ing for å bruke vitskapelege metodar og resultat i undervisninga av studentar.
  • tilby høgre utdanning som er basert på det fremste innan forsking.
  • spreie og formidle resultat frå forskinga.
  • KJELDE: LOV OM UNIVERSITETER OG HØYSKOLER