Er fattigdom og rikdom rettferdig?
Kva er fattigdom, kva er rikdom og kva er rettferd, og er det råd å vite noko sikkert om sistnemnde? Fattigdom vil «alle» til livs, men rikdom kan vel ikkje vere noko problem?
AV: kjell underlid, professor ved høgskolen i bergen
Dersom ein tek for seg den tidelen av den norske befolkninga som har mest av inntekt (og formue), og den som har minst, ser vi at skilnadene mellom dei mest velsituerte og dei som har minst, har auka i nyare tid (NOU, 2009:10). Kjøpekrafta til den tidelen med lågast inntekt er i gjennomsnitt berre ein niandedel av den gruppa som tener best. Å kalle den tidelen som tener minst fattige, og den tidelen som tener mest rike, er ikkje korrekt med omsyn til formelle definisjonar på fattigdom eller rikdom, men det er i desse to gruppene dei fattige og dei rike finst. Men i denne samanheng er det ikkje det statistisk og definitorisk finurlege som er av interesse.
Eg vil heller spørje: Er det slik vi vil at det norske samfunnet skal vere, og er det ei slik utvikling vi ønskjer? Dette er spørsmål som rører ved klasseskilje og fordeling. Det er normative spørsmål som gjeld kva som er rett og urett, godt og vondt.
Sosial rettferd
Vi lyt her stille eit anna og meir grunnleggjande spørsmål: Kva er sosial rettferd? Etter mitt syn er det vanskeleg å gje gode svar her utan ei nærare gransking av det mykje vidare og eldre rettferdsomgrepet, som tenkjarar har sysla med heilt attende til antikken for 2 500 år sidan (og sikkert også i lengre tid). Ein kan spørje: Finst det rettferdige og det urettferdige, på kva for ein måte, og er det råd å vite noko sikkert om dette? Kva er rettferd, og kva er det ikkje? Slike spørsmål vert drøfta i boka «Sosial rettferd. Fattigdom og rikdom i det moderne Noreg». Men uavhengig av kva for svar vi gjev på slike spørsmål, lyt vi konstatere at menneska i uminnelege tider ser ut til å ha vore opptekne av rettferdsspørsmål, både lek og lærd.
Er det slik vi vil at det norske samfunnet skal vere, og er det ei slik utvikling vi ønskjer?
Rettferdig strid
Det har ikkje berre vore eit fast innslag i filosofisk tenking, men også i skjønnlitteratur (jamfør «Livsslaven» av Jonas Lie) og annan kunst, og dei store verdsreligionane har vektlagt temaet. Rettferdsideen har vore det fremste mobiliseringsgrunnlaget for store folkerørsler, og millionvis har døydd på slagmarkene i kampen for det dei sjølve, eller makthavarane, rekna som ein rettferdig strid.
Alle vil gjerne ha rettferda på si side, og det har blitt peikt på at rettferd er som ei hore; ideen kan brukast av kven som helst til kva som helst; som legitimeringsgrunnlag. Men rettferd rører likevel ved noko reelt. Rettferd finst både i individet og i samfunnet; det viser også til noko utanfor individet og dei einskilde sin subjektivitet.
Menneske kan stille krav
Ideen om sosial rettferd høyrer helst industrisamfunnet til. Det er ein distributiv idé som tek for seg fordeling av knappe, overførbare og avhendelege ressursar innanfor eit gjeve fordelingsunivers. Ei saumfaring av faglitteraturen om sosial rettferd syner at sosiale rettferdsprinsipp kan grupperast i tre ulike kategoriar. Eitt av desse sosiale rettferdsprinsippa gjeld rettar. Rettar rører ved sosial rettferd ved at menneska kan stille krav – kravrettar – som gjeld fordeling av gode og bører. Alle kan med utgangspunkt i rettar krevje sin rettmessige del av «samfunnskaka».
Fordeling etter forteneste
Rettar si moralske kraft vert henta frå sjølve rettferdsidéen og frå dei ideelle og moralske rettane. Eit anna sosialt rettferdsprinsipp er forteneste. Vurderingar av kva ulike folkegrupper fortener, eller har gjort seg fortente til (eller ikkje fortener) av ulike gode, rører ved slik tenking. Fortenestegrunnlaget har historisk blitt forankra til verdi, dygd, rang, dugleik, innsats, bidrag og liknande.
Dette gjeld menneske av «kjøt og blod», og handlar ikkje berre om tal og statistikk.
Det tredje sosiale rettferdsprinsippet, fordeling etter behov, tek utgangspunkt i kva menneske treng, og søkjer svar på fordelingsspørsmål på eit slikt grunnlag. Dei veike, underprivilegerte og dei «uheldige» treng meir, og difor lyt dei tilførast meir av gode, og mindre av bører, enn meir privilegerte og heldigstilte.
Konkret røyndom
Dersom vi vender attende til dei fattigaste og dei rikaste i Noreg, kan ein spørje seg korleis ein bør stille seg til dei økonomiske skilnadene som er omtalt, i lys av dei nemnde sosiale rettferdsprinsippa. Er det slik at desse skilnadene er rettmessige (i samsvar med ymse rettar), fortente og/eller i tråd med behova som dei rike og fattige har? Eg vil her hevde at den sosiale rettferdsideen (eller ideane) er eit uunnverleg moralsk navigasjonsreiskap i denne samanheng. Sosial (u)rettferd må ikkje berre handsamast som abstrakte, allmenne og «luftige» teoriar, men som noko som gjeld faktisk og konkret røyndom.
Den fremste utfordraren til sosial rettferdstenking i slike samanhengar er nyttelæra (utilitarismen), der ein spør kva som samla produserer den største totalmengda av lykke og velvære i samfunnet. Men her vert det i stor grad sett bort frå fordeling. Likevel kan det også argumenterast for større økonomisk utjamning på eit slikt grunnlag; dette kan tenkjast å gagne samfunnet som heilskap med omsyn til slikt noko som vilje til å løfte i flokk (jamfør finanskrise og miljøproblem som krev at vi senkar forbruket), kriminalitet, helseskilnader, effektivitet og anna.
Millimeterrettferd
Somme vil spørje kvifor ein skal blande saman fattigdom og rikdom her? Fattigdom vil «alle» til livs, men rikdom kan vel ikkje vere noko problem? Men sosial rettferd er som nemnt ein distributiv idé, og det kan verke rimeleg å starte fordelingsdiskusjonar med skilnader mellom dei fattigaste og dei rikaste, dei som har minst og mest. Alternativet er å fokusere på millimeterrettferda i midten av fordelinga.
Ville det i det heile teke gjeve meining å tale om fattige om det ikkje fanst rike, og motsett?
Dessutan er fattigdom og rikdom relasjonelle omgrep; ville det i det heile teke gjeve meining å tale om fattige om det ikkje fanst rike, og motsett? Er det ikkje naturleg å «ta frå dei rike og gje til dei fattige» i fordelingssamanheng? Kan tankar om eit inntekts- og formuesgolv, og eit inntekts- og formuestak, vere ein farbar veg i norsk utjamningspolitikk?
Av kjøt og blod
Til slutt vil eg argumentere for eit nærleiksperspektiv på fattigdom og rikdom. Dette gjeld menneske av «kjøt og blod», og handlar ikkje berre om tal og statistikk. Slike nærleiksstudiar syner at det ikkje berre er slik at dei fattige har langt mindre av inntekter og formuar enn dei rike; dei er også meir utrygge, ufrie og sosialt devaluerte enn dei rike, er meir plaga av negative kjensletilstandar og har dårlegare helse. Det gjeld livskvalitet i dagleglivet og menneskeverd – og visjonar om det gode samfunn.
Les også
Siste fra Kronikk
- Fattigdom innber manglande høve til å leve eit liv som tilsvarar bestemte minimale krav.
- Omgrepet fattigdom vert ikkje berre brukt om enkeltpersonar eller grupper av menneske, men også om statar, land og administrative einingar.
- Kronikkforfattaren Kjell Underlid er professor ved Høgskolen i Bergen.
- I desse dagar gjev han ut boka «Sosial rettferd. Fattigdom og rikdom i det moderne Noreg».
KOMMENTARER Våre regler