Er Sogn og Fjordane eit helvete på jord?
Det siste Sogn og Fjordane treng er eit taparstempel som bidreg til å auke avstanden mellom by og bygd, mellom suksess og nederlag.
Bilder
-
VIL HEIM: Vi vil gjerne heim, men kva skal vi drive med der?, er ei typisk utsegn etter fem år ved eit universitet. Her har ungdommar med røter i Dalsfjord-regionen men busette i Bergen samla seg på Den blå steinen. Mangel på relevante jobbar er eit problem for høgt utdanna arbeidskraft som ønskjer å flytte til Sogn og Fjordane. ARKIVFOTO
- Publisert: 15.jan.2010 05:00
- Oppdatert: 15.jan.2010 16:25
Anne Viken
journalist frå Bygstad i Sogn og Fjordane, bur i Oslo og ser seg om etter
jobb
Sogn og Fjordane slit med fråflytting og nedgang i folketal. No går Arbeiderpartiet (Ap) i Sogn og Fjordane inn for å ettergje av studielån for å få bukt med den dårlege folketalsutviklinga. Dette krisetiltaket inkluderer at unge som flyttar til fjordfylket i framtida kan få omgjort studielån til stipend. Tiltaket skal, om ein vel å gå inn for det, ifølgje stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) frå Høyanger, vere midlertidige inntil folketalet bevegar seg i rett retning.
I samband med eit slikt forslag er det fleire spørsmål som er naturleg å stille: Kva er dei konkrete utfordringane for Sogn og Fjordane? Er det eit problem at folk ikkje vil flytte dit, eller er problemet at der ikkje er relevante jobbar til dei som vil flytte dit?
Fylkesmannen påpeiker på sine nettsider utfordringa: Mange ungdommar vil gjerne bu i fylket, men det finst ikkje høveleg arbeid for dei der. Mangel på relevante jobbar er eit problem for høgt utdanna arbeidskraft som ønskjer å flytte til fylket. Ein treng heller ikkje snakke med mange utflyttarar før ein får bekrefta denne påstanden: Vi vil gjerne heim, men kva skal vi drive med der, er eit typisk utsegn etter fem år ved eit universitet.
Les bloggen til Sparebanken Sogn og Fjordane, som støttar kronikkforfattaren
På veg utfor stupet?
Spørsmål ein: Kva er poenget med at de tilbyr dykk å betale ned studielånet
mitt når de ikkje kan tilby meg jobb?
«Mulighetene for å få ønsket type arbeid er en grunnleggende faktor for bostedsvalget, skriv Norsk institutt for by og regionforskning (NIBR) i rapporten «Bosettingspreferanser, flyttemotiver og flytteprosesser», og vidare: «Et lokalsamfunn som ikke kan tilby relevant arbeid, kan vanskelig lokke en person som er ute etter en viss type jobb med andre kvaliteter i stedet.» Meiningsfullt arbeid er den hyppigast utløysende faktoren for kvar ein buset seg.
Spørsmål to: Kvifor gå inn for eit tiltak som skapar eit inntrykk av undergang og eit samfunn på veg utfor stupet?
Eit slikt krisetiltak vil gi legitimitet til biletet av Sogn og Fjordane som eit taparfylke. Dette stempelet blir ikkje lett og fjerne når krisetiltaket først er implementert og marknadsført, sjølv om tiltaket i etterkant vert fjerna når/viss folketalet begynner å stige igjen. Då er skaden alt gjort. Taparfylket Sogn og Fjordane er født og vil leve vidare. Stempelet vil ta årevis å vaske vekk.
Negativ marknadsføring
Imagebygging er viktig, skal vi tru Kommunal- og regionaldepartementet som
tilbyr omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet. Spørsmålet er
kva vi skal med omdømebygging når vi har tiltakspakkar. Det eine nullar
effektivt ut det andre. Krisetiltak kan nemlig virke mot si hensikt:
«Folk vil helst ikke assosieres med steder som blir stigmatisert på ulike måter. [...] Kategorisering og beskrivelse av kommuner og områder med folketalsnedgang og andre typer nedgang, bidrar til negativ selvforståelse», skriv Nordlandsforskning i Sentraliseringens pris – eller gevinst? Individets trivsel og lokale utfordringer.
Det siste Sogn og Fjordane treng, er endå eit taparstempel. Det er på høg tid at dei som skal tale vår sak, sluttar å fortelje oss at bygda er i ferd med å gå under. Negativ marknadsføring av utkantstrøk byggjer ned sjølvtilliten, og bidreg til å auke avstanden mellom by og bygd, mellom suksess og nederlag.
Eit taparstempel
«For mye negativ omtale undergraver mer enn underbygger budskapet om at vi er
attraktive. Hva er det som egentlig betyr noe for folk? En fare ved å grave
seg for mye ned i egen elendighetsbeskrivelse er at mange, oftest ungdom,
snarest ønsker å komme seg ut og kanskje ikke flytte tilbake. Det hjelper
lite med bru, buss og tog dersom framtidstrua, sjølfølelsen og identiteten
mangler,» skriv seniorrådgiver Marianne Solbakken ved Kompetansesenter for
distriktsutvikling på Distriktsbloggen.
Spørsmål tre: Kva slags målgruppe er tiltaka retta mot? Kven er det ein forsøker å hente til Sogn og Fjordane ved hjelp av krisenedbetaling av studielån?
Det viser seg også, ifølge NIBR, at over halvparten av befolkninga i Norge bur i den kommunen dei vaks opp når dei er i 35-årsalderen.
Det kan dermed tenkast at desse heimflyttarane vil kunne nyte godt av nedbetalingstiltak. Spørsmålet er om det ein langsiktig strategi og praktisk hensiktsmessig å henge på oss alle eit taparstempel for at dei som uansett hadde kome flyttande heim, skal få nokre ekstra kroner på konto?
Undergangsstrengen
Spørsmål fire: Kvifor ikkje prøve å spele på det folk vil ha, heller enn å
spele på undergangsstrengen?
I artikkelen «Mot strømmen» i Plan 03-04/2009 stiller Mai Camilla Munkejord spørsmålet «Hva får folk til å flytte nordover 'mot strømmen', til steder som defineres som perifere og rurale?» Kun eit intervjuobjekt i artikkelen nemner avskriving av studielån som ein avgjerande faktor for å flytte nordover.
Dei fleste peikar på spektakulær natur, relevant arbeid og kvalitetar ved å bu på mindre stadar: «De vet hvordan det er å ha 'hundre kulturelle tilbud hver eneste dag, og så knapt ha tid eller råd til å bruke et eneste ett, men i stedet daglig bruke irriterende mye tid på trikken, bussen og T- banen', (...)».
Det vi treng er arbeidsplassar
Spørsmål fem: Er Sogn og Fjordane eit helvete på jord?
Svar: NEI.
Då Dagens Næringsliv ilag med Statistisk sentralbyrå i 2008 kåra kva kommunar i Norge som var best å bu i, kom to Sogn og Fjordane- kommunar på topp: Luster og Leikanger. Vi hadde tre kommunar inne blant dei ti beste. I tabell for levestandard har vi to kommunar blant dei ti beste, i tabell for sosiale forhold fire av ti topplasseringar, og i tabell for tjenestetilbod tre av ti på topp. Dette er svært bra med tanke på at der er 431 kommunar i Norge. Statistikken viser at vi ikkje har behov for krisenedbetaling av studielån. Det vi treng er arbeidsplassar for høgt utdanna arbeidskraft.
Ved å tilby småpengar på konto til ressurssterke, høgt utdanna menneske stemplar ein effektivt Sogn og Fjordane som eit uland. Midt mellom Møre og Romsdal med Grandiosa, og Hordaland med Bergen, vil Sogn og Fjordane bli liggande som ein bananrepublikk dersom Ap får det som dei vil. Vi kan håpe at Sogn og Fjordane Ap vaknar opp og legg vekk forslaget om å klistre eit taparstempel på eit av Norges mest ressurssterke fylke.
Korleis bør Sogn og Fjordane profilere seg for å snu folketalsutviklinga?
Kommentarer
Paradiset er S&FJ.
Dette er byrja å bli irriterande også for APs medlemmer sjølve.
Det å krisemaksimere har vore APs våpen mot folket i oversynleg framtid.
Det er alltid godt å ha ein politisk hoggestabbe som på sikt kan leggja tilrette for nye avgifter,skatter osv.
Diskuter: Er Sogn og Fjordane eit helvete på jord?
Problemet no er å oppretthalde dei arbeidsplassar som er her. Næringslivet har og nok av kviser og parasitter på avgiftsfronten å drasse rundt med på ryggen frå før. Nyhendebedrifter er det og nok av akkurat som matvarekjeder og butikkar - knapt nok nyhende til ei 20 siders lefse for heile fylket til å leve av - om ikkje hadde vore for alle støtteordningane.
Kva ein skal gjere her i songnogfjordane? Halde kjeften på seg alle bedrevitere og masseprodusenter av allslagsen former for "kvakk og salveri" og legge ned mesteparten av skitbedriften som spreier dessinformasjon inkl. la bondestanden få reguleere seg sjølv i fred.
Sognogfjordane er greit nok som det er og med di og Arnestad si hjelp blir det ikkje bedre...snarare tvert imot.
Diskuter: Er Sogn og Fjordane eit helvete på jord?
Problemet no er å oppretthalde dei arbeidsplassar som er her. Næringslivet har og nok av kviser og parasitter på avgiftsfronten å drasse rundt med på ryggen frå før. Nyhendebedrifter er det og nok av akkurat som matvarekjeder og butikkar - knapt nok nyhende til ei 20 siders lefse for heile fylket til å leve av - om ikkje hadde vore for alle støtteordningane.
Kva ein skal gjere her i songnogfjordane? Halde kjeften på seg alle bedrevitere og masseprodusenter av allslagsen former for "kvakk og salveri" og legge ned mesteparten av skitbedriften som spreier dessinformasjon inkl. la bondestanden få reguleere seg sjølv i fred.
Sognogfjordane er greit nok som det er og med di og Arnestad si hjelp blir det ikkje bedre...snarare tvert imot.
Diskuter: Er Sogn og Fjordane eit helvete på jord?
RE: Diskuter: Er Sogn og Fjordane eit helvete på jord?
Din kommentar
Søk i skattelistene Topplister
folketalsutvikling
- Folketalet i Sogn og Fjordane har vore nokså stabilt over fleire år, med ein svak nedgang dei siste åra. Dei fleste andre fylke har hatt til dels stor auke.
- Fråflyttinga er størst i alderen 20-39 år. Denne aldersgruppa har høg mobilitet, og er viktig for fødselstala.
- Tradisjonelt har kvinnene hatt høg utflytting i denne aldersgruppa, men dei siste åra har også menn hatt auka utflytting.
- Ungdommen søkjer i stor grad mot storbyane for utdanning og arbeid. Mange ungdommar vil gjerne bu i fylket, men det finst ikkje høveleg arbeid eller utdanning for dei.
3 mest leste artikler »
-
Trafikksyndere i fleng
Parkeringsplassen på Nøstet ble fylt opp av trafikksyndere da politiet aksjonerte i dag.
-
Danmarksbåten skal gå hver dag
Se tegninger av de nye danskebåtene! Avgang fra Bergen hver dag.
Siste lokalt
-
Satser stort på oppfinnelser
Leter du ofte etter husnøkkelen?
Da har kanskje disse elevene svaret.
-
Bergen har fått sin første russebussvideo
- Dette er russetid: synge, hoppe og ha det gøy til musikk, sier russejentene.
1
-
Is får elvene til å renne over
Unormalt mye is på elvene gir oversvømmelser. Så mye regn er ventet. 6
-
Får fylle opp fergene
Trond Giske engasjerer seg i fergesak. Men striden er ikke avgjort. 17
-
Havnet under gravemaskin
Havnet under gravemaskin på Halsnøy.
På forsiden nå
- 23:02 Satser stort på oppfinnelser
- 23:02 Bergen har fått sin første russebussvideo
- 22:39 Skolebussjåfør brøt rassperre
- 22:32 Savnet gutt var på Facebook
- 21:54 Nedtur for Stord
- 21:49 - Manglet innsats
- 21:27 Is får elvene til å renne over
- 20:58 Absolutt irsk
- 20:38 Bidrar utenfor banen
- 20:25 Stenger kranene


























































Siste Kommentarer
Diskuter: Er Sogn og Fjordane eit helvete på jord?
Diskuter: Er Sogn og Fjordane eit helvete på jord?
Diskuter: Er Sogn og Fjordane eit helvete på jord?
Se alle innlegg