Enkelt og ubegripeleg
Når eg har fortald folk at eg skreiv på ei bok om Jon Fosse, har eg uvanleg mange gonger fått reaksjonen: Ei portrettbok om Jon Fosse? Er det mogleg? Han seier jo knapt eit ord?
FOTO: Sean Meling Murray
Kronikk
Cecilie N. Seiness
journalist og forfattar, aktuell med boka «Jon Fosse. Poet på Guds jord»
Og det er akkurat åra Fosse dreg på som gjer han aktuell i desse dagar. 29. september fyller forfattaren Jon Fosse 50 år. Det har ikkje gått forbi i stillheit, både forlag og teater feirar mannen som har gjeve ut bøker sidan 1983, og som sidan forsommaren 1993 har skrive dramatikk som har farta verda rundt. Forfattaren sjølv sat i Litteraturhuset i Oslo førre veke med eit blygt, men samstundes stolt smil om munnen og vart hylla av teater- og forlagsfolk, agentar og redaktørar.
Les også
Eg gjev i desse dagar ut portrettboka «Jon Fosse. Poet på Guds jord» på Det Norske Samlaget. Boka er laga i samarbeid med Fosse sjølv. Eg har følgt Fosse eit år, eg har spurt og grave, dilta og mast. Boka tek føre seg barndommen i Strandebarm der døden vart ein del av det heile, opprørske ungdomsår med hippieklede, danseband og gitar, tidlege skriveforsøk, formande gymnasår med skrivemaskin på hybelen, studietid, år som journalist og skrivelærar, men særleg handlar det om Fosse som forfattar og kva som har skjedd med tekstane hans.
Det er historia frå han som 12-åring fann det hemmeleg skriverommet til han i dag kan sjå tilbake på ei forfattarhistorie utanom det vanlege. Det handlar om han som nærast avskydde teater, men som likevel i 1994 debuterte som dramatikar og sidan den gong har vorte spelt på scener over heile verda. I boka har Fosse delt sine tankar om romanane, barnebøkene, lyrikken, essayistikken og sjølvsagt dramatikken.
Men kvifor ikkje ein biografi no når Fosse fyller 50? Kvifor ei portrettbok? Sjølv meiner Fosse han er for ung til ein biografi. Det får venta til han fyller 70 eller døyr. Og Fosse ønskjer dessutan å verna om sitt private.
Fosse sitt ønske om å leva hemmeleg, står i ein skrikande kontrast til Karl Ove Knausgård som i desse dagar gjev ut roman frå eige liv med autentiske personar. Det private livet til Fosse vil han halda privat. Slik må han ha det, elles er han sikker på det vil gå til helvete. Foreldre, ungar og ekskoner må få vera i fred. Basta!
Les også
Ei portrettbok kan vera så mangt. Tanken min har vore å få Fosse til å snakka om kva han held på med, kva han tenkjer om eige forfattarskap, korleis han ser på si eiga historie. I tillegg handlar det om å nøsta i historia, ikkje referera ukritisk Fosse sin eigen versjon, men oppsøkja folk som på ulike vis har vore involverte i Fosse-historia, forlagsfolk, instruktørar, omsetjarar, agentar, folk som på ulikt vis har hatt noko å seia for at Fosse i dag er omsett til over 40 språk og skodespela er sette opp over 700 gonger.
Og dei er mange i «The Fosse Familiy», som agenten til Fosse, svenske Berit Gullberg plar kalla dei. Ho er sentral i den familien sjølv. Sidan ho las Nokon kjem til å komme på eit fly og fekk hjarteklapp, visste Gullberg at Fosse var ein dramatikar ho ville arbeida med, vera med og spreia til så mange scener som råd. Dei er mange i familien.
Ein særskilt plass har instruktøren Kai Johnsen som såg noko i Fosse sine tekstar han meinte ville eigna seg på scena og prøvde fleire gonger å lokka Fosse til teatret. Johnsen skal ha mykje av æra for at Fosse til slutt prøvde å skriva dramatikk og opplevde det som ei openberring. Ein annan sentral person er den franske levande teaterlegenda Claude Régy som vart tiltrekt med det same han las det aller første stykket Fosse skreiv. Régy sette opp «Nokon kjem til å komme» i Nanterre utføre Paris i 1999, ei framsyning som markerte eit vendepunkt for Fosse som dramatikar. Oppsetjinga hadde premiere 28. september 1999, dagen før Fosse fylte 40.
Les også
Midnatt etter premieren køyrde Fosse med den franske forleggjaren gjennom Triumfbogen på veg tilbake til hotellet i Paris. Fosse var på veg mot eit stort internasjonalt gjennombrot. 86 år gamle Claude Régy karakteriserer i dag oppsetjinga av «Nokon kjem til å komme» som eit eventyr. Oppsetjinga vekte stor oppsikt. Ein annan i familien er den tyske instruktøren Thomas Ostermeier, som året etter, i 2000, sette opp skodespelet «Namnet» først på teaterfestivalen i Salzburg, seinare i Berlin. Etter hans oppsetjing starta tyske teater ein kamp om å vera først ute med tyske versjonar av Fosse-stykka.
Det finst ei rekkje personar som har vore med på å senda nynorskmodernisten ut i verda. Sjølv tenkjer Fosse på seg sjølv som ein gammaldags diktar. Han skriv, sit på sitt diktarrom, ser somme tider oppsetjingar, men held seg for det meste heime i Bergen. Teatra får gjera kva dei vil med tekstane hans. Det er ikkje hans bord. Den underlege historia handlar om «Fosse-familien», men òg om eit uvanleg talent, om noko som skal seiast, om å koma på rett tid, det handlar om samantreff og tilfeldigheiter, og om me skal tru Fosse, ein styrande vilje.
Eg har ønskt å kombinera det Fosse hugsar frå eiga forfattarhistorie med skriftlege kjelder og kva sentrale personar frå Fosse-historia fortel. Dessutan har det handla om å følgja Fosse, sjå korleis han vert møtt, skjøna noko av kven han er, denne myteomspunne mannen. For myteomspunnen er denne svartkledde, drikkfeldige diktaren frå Vestlandet. Har eg fortald folk om prosjektet mitt har eg uvanleg mange gonger fått reaksjonen: Ei portrettbok med Jon Fosse? Er det mogleg? Han seier jo knapt eit ord?
Fosse vert støtt framstilt som ein av desse dystre, nynorske diktarane som sit for seg sjølv i sitt store alvor, skriv og held kjeft. Men Fosse har fortald og fortald over eit bord på Kaffistova i Oslo eller på Hordaheimen i Bergen. Han har på sitt rause vis sagt at det er hyggeleg med reisefølgje og late meg henga på slep i Frankrike og Tyskland med notatblokka i handa. Det har hendt at han på sitt milde vis har sagt at no treng du ikkje vera journalist, no kan du vera menneske.
Skrifta til Fosse opnar rommet for det usagte, får fram ei taus stemme, det handlar om gjentaking, pausar og det usynleges nærver. Diktinga skal vera like enkel og ubegripeleg som livet, seier Jon Fosse. Det finst noko gåtefullt, noko løynd i diktinga hans, noko som berre kan seiast i eit poetisk språk. På same viset som det framleis finst gåter i livet til Fosse.
Kva er ditt forhold til Jon Fosse? Diskuter kronikken her.
Les også
Siste fra Kronikk
- Fødd 29. september 1959 i Strandebarm.
- Debuterte med romanen «Raudt, svart» i 1983.
- Første skodespel var «Og aldri skal vi skiljast» i 1994.
- Fosse har gitt ut 73 bøker.
- Bøkene og skodespela hans er omsett til 40 språk.
- Det er gjort over 700 produksjonar av skodespela rundt om i verda. Teaterstykket «Namnet» og romanen «Naustet» er filmatisert.
Relaterte bilder
KOMMENTARER Våre regler