• FOTO: ARKIVFOTO: BJØRN ERIK LARSEN

Ein felles vestlandsk front

Hordaland sender rundt rekna ein milliard annankvar dag inn til felleskassa i Oslo. BT omtalar oss nærast som ein koloni, og det har mykje for seg. No treng vi å gjera slutt på koloniveldet i samla flokk.

Les også:

Kronikk
Torill Selsvold Nyborg
Fylkesordførar

Utfordringane i Hordaland er så store at vi treng meir av desse enorme verdiane for å bygga Vestlandet. Skal vi lukkast med dette, må vi løfta blikket frå konfliktsakene og utmeisla ein samla strategi for dei neste åra.

Mange opplever at Bergen og distrikta er i strid, Bergen og fylkeskommunen er i strid og Bergen og sentralmakta er i strid. Dette er nok litt overdrive, men vi har ikkje råd til å dyrka gamle motsetnader lenger.

Grav ned stridsøksene
Dersom vi skal lukkast med å utvikla Hordaland og Vestlandet, må vi tenkja annleis og grava ned dei små stridsøksene.

Vi treng ein annan språkbruk, andre haldningar og aktive handlingar som går på tvers av geografiske og politiske skiljeliner. Sentralmakta får altfor lett spel om vi ikkje saman tek konkrete grep.

Soria Moria II nemner fleire gonger at fylkeskommunen skal styrkast. Det første steget kjem ved inngangen til 2010 med nye og større oppgåver til fylkeskommunane. Det kviler derfor eit særleg ansvar på oss for å snu den negative trenden.

Denne utfordringa vil vi møta med ein analyse av situasjonen i dag og med konkrete framlegg til korleis vi kan arbeida betre saman framover.

Strid på tre frontar
Situasjonen i dag er at vi les stadige framstillingar av historiske og politiske konfliktar.

Nyheitene formidlar at kraftkommunane i distriktet er frustrerte over Bergen i høve til kapitaluttak frå BKK, og er redde for at breibandsatsinga som naudsynt infrastruktur skal stogga ved bygrensa.

SotraSambandet, ny hamn og andre konkrete samferdsleprosjekt som til dømes Nyborgtunnelen treng avklaring.

Denne situasjonen må Bergen og distriktskommunane ta tak i og sjå om ein kan finna løysingar som samlar by og distrikt.

Løysingar for heile fylket
Bergen hadde i ein prøveperiode ansvar for kollektivtrafikken i byen, men den raudgrøne regjeringa meinte det var best å samla ansvaret for heile fylket på ein stad. Fylkeskommunen ville gjerne ha tilbake ansvaret etter prøveperioden, og for det har vi fått ein voldsom tverrpolitisk kritikk frå Bergen.

Dette bør no vera historie, for det er ikkje lenger tvil om at Fylkeskommunen skal ha dette ansvaret framover.

Det gjeld også drift og vidare utbygging av Bybanen. Det vil vi gjera i eit godt samarbeid med Bergen, med løysingar som kjem heile fylket til gode.

Ei tøffare linje
Bergen har og følgd ei tøffare linje overfor dei sentrale styresmaktene. Retorikken er politisk grunngitt, men har vore skarp i forma.

Her har fylkeskommunen valt ei samarbeidsline basert på den same tankegangen som vi brukte under Bondevik-regjeringane.

Vi skal sjølvsagt seia frå når det trengst, men i dei daglege oppgåvene er det eit konstruktivt samarbeid som er løysinga. Her meiner eg Fylkeskommunen har nådd gode resultat.

Og trass i eit borgarleg fleirtal ved siste val, er det ei raudgrøn regjering som skal styra landet dei neste fire åra. Det må vi forholda oss til.

Vi har tatt grep
Når vi skriv om strid er det viktig å sjå dette i eit større perspektiv.

By og fylke har arbeidd godt saman i mange store og viktige saker dei siste åra:

Vi har tatt grep på næringsområdet med mellom anna Business Region Bergen.

Vi har arbeidd godt saman om Bybanen, og vi har hatt eit framifrå samarbeid på kulturfeltet.

Det same gjeld felles kamp for nye statlege bygg til byen.

No arbeider vi saman på Ny-gårdstangen der Fylkeskommunen byggjer skule og Bergen får realisert eit topp moderne nasjonalt symjeanlegg. Det er og ein god personleg kjemi mellom dei styrande i Bergen og fylket, så eg ser optimistisk på framtida.

Harde samferdsleord
Innan samferdsle har orda ofte vore harde, men det var Fylkeskommunen som sette kollektivsatsane frå distrikta dramatisk ned, og Bergen som svarte med einskapstaksten. Den har fylket ført vidare, og no tek vi eit nytt løft med sonereduseringar slik at denne taksten og kjem til å gjelda frå Straume og Kleppestø frå 2010.

Mange trur folk pendlar inn til Bergen, men sanninga er at det er stor trafikk frå Bergen til Sotra, og til Norhordland. Det er alltid problematisk å fornya bussar og ruter i så stor stil som vi no gjer.

I Bergen er bygginga av Bybanen og ei stor trafikal utfordring, men når alt er på plass og innkjørt vil det skina av kollektivtrafikken i heile fylket. Den kritikken vi har fått i det siste, er rettvis og konstruktiv. Vi gjer noko med den, og fornyinga på dette feltet representerer framfor alt ei kraftig miljøsatsing.

Krafttak for regionen
Dei små og store konfliktene er hindringar i det store arbeidet med å fornya Hordaland og Vestlandet. Vi skapar enorme verdiar her vest. Hordaland er det største eksportfylket i Norge, med komplette klyngjer innan energi, maritim og marine næringar. Kompetansemiljøa er sterke.

Trass i milliardoverføringane til felleskassen, klarer vi ikkje å leggja forholda godt nok til rette for eksportindustrien. Vi har norgesrekord i bompengar og vi har ein vegstandard som er heilt uakseptabel.

Skapa felles front
Fylkeskommunen har ein årleg Hordalandskonferanse der sentrale og lokale politikarar møter dei viktige aktørane her vest i eit forsøk på å utvikla fylket. Vi har no stor trong for å samkjøra meir mellom Bergen, fylket og den nye Hordalandsbenken på Stortinget.

Rasering av naturen
Gjennom Vestlandsrådet vil eg gjera framlegg om å samla politikarar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal for å skapa ein felles front mot den rasering av naturen nye kraftspenn vil føra med seg.

Der bør vi og samla oss i kravet om å nytta meir av midlane våre her vest for å løysa heilt naudsynte oppgåver.

Ord som samling og tverrpolitiske initiativ skal for all del ikkje kvela den konstruktive politiske debatten her vest. Men vi må sortera ut ein del rusk for å få Vestlandsmotoren i godt gjenge. Og for å gjera slutt på koloniveldet i samla flokk.

Korleis skal ein lukkast med å utvikle Hordaland og Vestlandet? Delta i diskusjonen.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Kronikk

Landminer dreper elefanter

Stort møte i Bergen om trusselen mot trekkdyrene..

Jeg har ansvar for 28 barn

Kan jeg følge opp og gi tilpasset opplæring til hver enkelt av syv/åtteåringerne mine?

NRKs glade krigsbudskap

Vi fikk se unge, etter hvert mer og mer tungt bevæpnede menn, som så glade ut og skjøt i luften eller mot bygninger.

Hvem er etnisk norsk?

Nordmenn er en like lite ensartet gruppe som pakistanere.

Hva blir registrert om våre barn?

Vi foreldre vet ikke hvilke små bagateller eller problematiske opplysninger som registreres om våre barn, og hva de kan bli brukt til siden.

Vender seg direkte til folket

Cristina Fernández de Kirchner ligg an til attval i dagens presidentval i Argentina. Som Evita Perón er ho hata av overklassen og elska av dei fattige.

  • Hordaland fylkeskommune tek seg av oppgåver som er for store til at alle kommunar kan klare dei åleine, eller saker som går på tvers av kommunane. Øvste styringsorgan i fylkeskommunen er Fylkestinget.
  • Fylkeskommunen har 4 370 tilsette og eit årleg budsjett på om lag 3 800 millionar kroner (2007).

Kjelde: Hordaland fylkeskommune