-
KAMPEN MOT FATTIGDOMMEN: Det er for lengst semje blant både fagfolk og politikarar om at andre faktorar enn bistand er avgjerande for økonomisk utvikling, og dermed også for dei store stega i kampen mot fattigdommen. Foto: Eirik Brekke
Det er resultata som tel
Asle Toje sparer ikkje på krutet i sitt innlegg om norsk bistand generelt og evaluering spesielt i Bergens Tidende 18.12. Men han tar opp spørsmål som er verd ein diskusjon.
AV: asbjørn eidhammer, evalueringsdirektør i norad
Afrika sør for Sahara tok imot 44 milliardar dollar i bistand frå OECD-land i 2008, ca 260 milliardar kroner. Det er ein høg sum, eit fjerdedels norsk statsbudsjett. Fordeler du denne summen på kvar afrikanar blir det 318 kroner i året eller 87 øre om dagen. Slike summar er ikkje nok til å få afrikanarane ut av fattigdommen, sjølv om det var pengane det stod på. Men det er for lengst semje blant både fagfolk og politikarar om at andre faktorar enn bistand er avgjerande for økonomisk utvikling, og dermed også for dei store stega i kampen mot fattigdommen.
Norads siste resultatrapport siterer forskarar på at bistanden har medverka med om lag ein prosent i året til veksten i Afrika. Det er omstridde utrekningar. Men dette forholdet er med og forklarar kvifor mange bistandsprogram kan nå sine mål - studiar viser at over to tredelar av tiltaka gjer det - utan at det gir store utslag i vekst.
Les også
Auka sjanse til å vekse opp
Det er lettare å sjå resultat av bistanden i framgangen i utdanning og helsetenester i utviklingslanda. Eg skal ta to eksempel. Den globale vaksinealliansen GAVI (Global Alliance for Vaccines and Immunisation) tek imot ein halv milliard norske kroner årleg i tillegg til politisk og fagleg støtte. Ei evaluering av GAVIs arbeid mellom 2000 og 2005 viser at det var ein markert auke i talet på vaksinerte barn i dei landa som har fått støtte frå GAVI.
Vaksinedekninga for trippelvaksine mot stivkrampe, difteri og kikhoste auka til dømes frå 64 til 71 prosent i desse landa, medan dekninga av vaksine mot kronisk leverbetennelse (hepatitt B) auka frå 16 til 46 prosent. Evalueringsteamet rekna ut at 1 480 000 liv vart berga frå framtidig død av leverbetennelse og 141 000 slapp unna kikhostedøden på grunn av alliansens arbeid.
Sjølv om ei anna forskargruppe meiner tala var lågare, er det ingen tvil om at millionar av barn er blitt vaksinerte som følgje av denne bistanden og dermed fått større sjanse til å vekse opp.
Vanskeleg å talfeste
I Nepal er Norge ein av mange bidragsytarar til eit omfattande program for utdanning. Ei evaluering av programmet dei siste fem åra viste at inntaket av barn på skulen hadde auka frå 84 til 92 prosent, og at det nå var blitt nesten like mange jenter som gutar som begynte på skulen. Regjeringa stod for 70 prosent av skulebudsjettet, medan 30 prosent var bistand.
I tillegg kom fagleg rådgiving. Det lar seg då gjere å trekkje rimeleg sikre konklusjonar om bistandens bidrag til dei oppnådde resultata, men vi kan ikkje talfeste resultat av Norges støtte.
I begge desse evalueringane kjem det også fram relativt kraftig kritikk. GAVI var til dømes ikkje effektiv i å støtte svake statar. I rapporten frå Nepal vart det peika på skuffande framgang i kvaliteten på undervisninga.
Norge mellom mange andre
Det er ikkje mogleg for nokon å leggje fram eit samanhengande talmateriale for resultatet av norsk bistand. Som vi såg ovafor, er Norge ofte berre er ein medspelar i internasjonal bistand og gir våre bidrag til større program eller multilaterale organisasjonar. Då kan vi sjeldan seie at eit resultat skuldast norsk støtte, men vi kan seie at vi har gitt eit tilskot.
Endå vanskelegare blir det å fastslå dei langsiktige verknadene av norske pengar og norsk utviklingspolitikk, fordi det blir så mange forhold som spelar inn.
Å talfeste resultat av ein god del enkelttiltak er derimot fullt mogleg. Vår evaluering av bistanden til næringsutvikling på Sri Lanka seier for eksempel at bistand gjennom norske firma har ført til rundt 1500 levedyktige arbeidsplassar i landet. Samtidig konkluderer rapporten med at verknadene av dei norske programma når det gjeld å redusere fattigdommen i Sri Lanka er marginale.
Komplekse situasjonar
Innanfor internasjonale forskar- og evalueringsmiljø har det i lang tid gått ein internasjonal «evidensdebatt» Denne handlar ikkje minst om randomisering - bruk av tilfeldig utval - i evaluering. Diskusjonen går ofte på tvers av faglege skiljeliner. Den europeiske evalueringsforeininga går mot det synet at den beste eller einaste vitskaplege måten å evaluere effekt på er gjennom kontrollert bruk av tilfeldig utval. Foreininga går inn for å bruke fleire metodar.
Randomisering kan brukast i visse høve der det til dømes er enkle samanhengar mellom tiltak og forventa resultat. Men metoden er sjeldan brukbar i komplekse situasjonar, der utfallet er eit resultat av mangesidige faktorar. Slik vil det oftast vere i utviklingssamarbeidet.
Uavhengig evaluering
Evalueringsavdelinga i Norad har ansvar for å organisere uavhengig evaluering av norsk utviklingssamarbeid. Oppdraga blir alltid utførte av eksterne forskarar og konsulentar etter internasjonal anbodskunngjering. Firma og institusjonar kjem frå ei rad land. Toje seier at «bistandskonsulentene ofte tar igjen i fartstid i bistandsindustrien det de manglar i forskerkompetanse». Sist han skreiv var det utdanning konsulentane mangla, nå er det forskarerfaring. Litt dokumentasjon vil gjere seg.
Ein rask gjennomgang av sju evalueringsteam i fjor gav 13 doktergradar og fire professortitlar. Om det skortar på noko i evalueringsrapportane, trur eg ikkje det skuldast manglande utdanning eller forskingserfaring.
Dei fleste evalueringsrapportane har både positive og negative funn, og så kan balansen mellom dei to sidene variere. Slik er det verkelege livet, og evalueringane vil spegle av det.
Vi kan aldri vere sikre
Vi har aldri underslått at det kan vere mange vanskelege problemstillingar omkring evalueringsmetodar og måten evaluering blir organisert på. Bruken av utanlandske forskarar er ingen garanti for meir kritiske undersøkingar. Vi kan aldri vere sikre på at forskarar og konsulentar ikkje driv sjølvsensur. Tidsrammene vil alltid setje grenser. Men vi slår oss ikkje til ro med at evaluering er vanskeleg.
Vi arbeider stadig med nye innfallsvinklar, ikkje minst i samarbeid med andre givarland og bistandsorgan. Vi brukar kvantitative metodar når det er mogleg. Til dømes legg vi nå grunnlaget for bruk av randomisering i ei framtidig evaluering av norsk miljøbistand. Toje vil vere svært velkommen med forslag om korleis vi kan evaluere betre.
Ingen eksakte svar
For bistanden er det resultata som tel. Dei endelege resultata kan berre målast og evaluerast hos vanlege menneske. Det er ikkje minst viktig når Norge engasjerer seg i nasjonale program og internasjonale initiativ. Då må vi passe på at innsatsen er utforma slik at han kjem folk til nytte. Og for å vurdere det må vi bruke eit breidt tilfang av metodar. Men dei eksakte og endelege svara kan ingen gi.
Er du enig med kronikkforfatteren? Si din mening i kommentarfeltet under:
Les også
Siste fra Kronikk
* Regjeringa vil i 2010 bruke 27,4 milliarder kroner på bistand.
* 10,5 prosent (2,89 milliardar kroner) av dette er løyvingar til flyktningetiltak i Norge.
* Bistandsbudsjettet dekkjer store deler av drifta til landets asylmottak og norskundervisning.
* Held ein flyktningtiltaka utanfor, brukar regjeringa mindre enn 1 prosent av brutto nasjonalinntekt på bistand.
KOMMENTARER Våre regler