Colombias fredskvinne
Senator Piedad Córdoba har overlevd to drapsforsøk i arbeidet sitt for fred, og har lenge arbeidd for å betre menneskerettane i Colombia, for kvinners rettar og for etniske minoritetar. No er ho kandidat til Nobels fredspris.
Bilder
-
PIEDA CORBODA: Ein fredspris til Piedad Córdoba ville utgjere eit viktig bidrag i retning av å presse på for forhandlingar i Colombia, og til å delegitimere ei militær løysing på konflikten i landet. Her er ho saman med Alan Jara, eit av mange gissel ho har hjelpt til med å setje fri. Fernando Vergara (Foto)
- Publisert: 12.sep.2009 07:00
- Oppdatert: 12.sep.2009 08:23
Colombias president, Alvaro Uribe, vil opprette sju nye amerikanske militærbasar i landet. Avtalen med USA vil føre til auka militarisering av Colombia, og gjere fredsarbeid vanskeleg. Men det finst krefter som arbeider for ei fredeleg løysing på den væpna konflikten i landet. Avtalen med USA blir sterkt kritisert av senator Piedad Córdoba, som lenge har arbeidd for å få til ein fredsprosess i Colombia.
Gjennom dialog med FARC-geriljaen har ho fått 12 gislar ut i fridom. Trass i gode resultat frå fredsarbeidet, blir Córdoba konsekvent motarbeidd av den colombianske regjeringa. I kritikken av avtalen om dei amerikanske militærbasane får Córdoba følgje av majoriteten av dei søramerikanske presidentane, som nettopp har kalla inn til eit krisemøte om Colombia i Sør-Amerikas parallell til EU, UNASUR.
Kvinner, fred og tryggleik
I 2010 vil Tryggingsrådet i FN markere tiårsjubileet for resolusjon 1325 om «kvinner, fred og tryggleik». Resolusjonen skal fremje kvinners deltaking i fredsprosessar og konfliktløysing. Nærmare 10 år etter at resolusjonen blei fatta, har få kvinner framståande roller i fredsprosessar.
Dei kvinnene som er aktive, får heller ikkje den internasjonale støtta dei treng. Piedad Córdoba er eit eksempel på dette. Hennar arbeid for fred i Colombia utgjer ein test på om verdssamfunnet meiner alvor med resolusjon 1325.
Krona med suksess
I 2007 tildelte Colombias president Alvaro Uribe senator Piedad Córdoba rolla som tilretteleggjar i ein forhandlingsprosess mellom regjeringa og FARC-geriljaen, ein forhandlingsprosess som den same president Uribe i ettertid har gjort mykje for å sabotere. Målet var frigjeving av gislane som FARC heldt.
Blant gislane var også fransk-colombianske Ingrid Betancourt. Med godkjenning frå president Uribe, bad Córdoba Venezuelas president Hugo Chávez om assistanse i prosessen.
Córdobas arbeid har vore krona med suksess. I perioden januar-februar 2008 fekk ho, i samarbeid med Hugo Chávez, seks gislar ut i fridom. Etter dette kasta president Uribe Chávez ut av prosessen. Córdoba heldt fram arbeidet åleine, men bad i februar 2009 om assistanse frå Brasil.
Dette førte til frigjeving av seks nye gislar, utan motkrav frå FARC til den colombianske regjeringa. Nærmare 2000 FARC-medlemmar sit fengsla i Colombia, og tidlegare har FARC kravd at desse skulle setjast fri i byte mot frigjeving av deira eigne gislar.
To drapsforsøk
Piedad Córdoba, som har overlevd to drapsforsøk i arbeidet sitt for fred, er utdanna advokat, og er medlem av det Liberale partiet i Colombia (Partido Liberal). Córdoba har lengje arbeidd for å betre menneskerettane i Colombia, for kvinners rettar og for etniske minoritetar. Ho har også arbeidd for at colombianske paramilitære, som er utleverte til USA, skal stå til rette for dei sivile ofra sine i Colombia.
Córdoba, som leier organisasjonen Colombianarar for fred (Colombianos por la paz), har vist at det er mogleg å føre ein dialog med FARC. Geriljaen har sendt henne fleire kommuniké, der dei har uttrykt sin vilje til å forhandle med den colombianske regjeringa. Under overleveringa av FARC-gislar i februar 2009, blei det gjort videoopptak inne i jungelen.
Fattige geriljasoldatar
I opptaket, som er blitt vist på tv-kanalen Telesur, snakkar Córdoba med ei gruppe unge, kvinnelege FARC-soldatar. Kvinnene fortel at dei gjekk inn i geriljaen fordi dei var fattige og ikkje hadde noko å leve av. Opptaket blottstiller den sosiale og økonomiske sida ved konflikten i Colombia, og viser ei anna side ved FARC enn det biletet av brutale terroristar, som den colombianske regjeringa helst viser fram.
Den 16. april 2009 erklærte FARC at dei ville setje fri endå eit gissel, Pablo Moncayo, og bad om at Piedad Córdoba og far til Moncayo måtte få vere til stades ved overleveringa. President Uribe svarte umiddelbart med å sei at han berre ville tillate Internasjonale Røde Kors og den katolske kyrkja å vere til stades.
Korrekt og forutsigbart
Etter fire vellukka operasjonar med overlevering av FARC- fangar til Piedad Córdoba, har geriljaorganisasjonen opparbeidd tillit til henne og til organisasjonen Colombianos por la Paz. I motsetjing til den colombianske regjeringa, som ved fleire tilfelle har sabotert forhandlingsklimaet med FARC, ved å gå til uventa militære aksjonar, har Córdoba opptredd korrekt og forutsigbart.
Etter at Colombias væpna styrkar brukte Røde Kors-emblemet i ein militæraksjonen som mellom anna sette Ingrid Betancourt fri 2. Juli 2008, har FARC ingen tillit, verken til den colombianske regjeringa eller til Røde Kors. Det hjelp lite at Internasjonale Røde Kors har kritisert den colombianske regjeringa sterkt for aksjonen.
Pablo Moncayo og dei resterande gislane forblir i FARC- fangenskap så lengje Córdoba er utestengt frå prosessen. Familiane til FARC- gislane fortvilar. Mange av gislane har uttrykt at Piedad Córdoba er det einaste håpet dei har.
Kjempar for gislane
Ingrid Betancourt, eit gissel med politisk bakgrunn og fransk blod i årene, er ute. Tre amerikanske gislar er også ute. Gislane som endå er i fangenskap, er colombianske og stort sett soldatar og politimenn som FARC har teke til fange i ordinære slag. Córdoba står no ganske åleine att og kjempar både for dei attverande gislane, for fengsla FARC- medlemmar og for ei fredeleg løysing på konflikten.
Det som var av internasjonalt fokus på prosessen i Colombia, er nærast borte. Dei einaste som verkeleg har støtta Córdoba i hennar arbeid for fred, er latinamerikanske naboland som Argentina, Brasil, Bolivia, Equador og Venezuela. Som eit resultat av dette er Piedad Córdoba på årets liste over kandidatar til Nobels fredspris, nominert av Adolfo Perez Esquivel, frå Argentina.
Fredspris til Córdoba
FARC-geriljaen har sagt seg viljuge til forhandlingar, og Colombias president Alvaro Uribe er allereie under press frå mange land i Sør-Amerika til å gå inn på forhandlingslinja. Manglande press frå Europa og USA gjer det derimot lettare for den colombianske regjeringa å velje ei militaristisk linje i konflikten.
Ein fredspris til Piedad Córdoba ville utgjere eit viktig bidrag i retning av å presse på for forhandlingar, og å delegitimere ei militær løysing på konflikten. Det ville også bidra til å vise at verdssamfunnet meiner alvor med Resolusjon 1325. Senator Piedad Córdoba er ein verdig kandidat til årets Nobels fredspris.
Kommentarer
Diskuter: Colombias fredskvinne
This artcle is Biased FARC is a terrorist group
Diskuter: Colombias fredskvinne
Diskuter: Colombias fredskvinne
She may not agree with the present government’s way of dealing with the war against FARC, and shows precisely that Piedad Cordoba and other politicians and voters in Colombia favour a peace negotiation process.
The great dilemma lies in the fact that leaders of FARC have not shown in (early negotiation processes) a real will for a peace settlement. That is the main reason for Uribe's popularity. He has promised to wipe them out (an impossible task but a good campaign promise) something Uribe will be unable to fulfil. He uses his war on FARC as a tactic to bend Colombian’s Constitution once more in order to get re-elected. But he will continue to govern only to favour the elite and the very rich.
Very sad situation for Colombia, where both Uribe and FARC are deaf to the claims of all those who wish peace and fairness for all. I hope things change very soon in the troubled society of one of the most beautiful countries of South America
Din kommentar
Søk i skattelistene Topplister
Colombia
- Republikken Colombia ligger i det nordvestlige
- Landet er en av USAs viktigste støttespillere i regionen (de mottar betydelig militær hjelp fra USA) og er kjent for å ha en lang voldelig politisk historie.
- KILDE: WIKIPEDIA
3 mest leste artikler »
-
- Separerer oss om vi må
Ektepar fra Stryn vurderer å ta ut separasjon for å unngå boplikten på gårdsbruket de eier.
Siste lokalt
-
Utsetter åpningen av Knappetunnelen
Første trinn i Ringvei Vest skulle åpnes 11. august. Utsatt på ubestemt tid.
-
Skal sprenge under huset
- Jeg tenker med gru på hva som kan skje, sier Leif Holm som bor like over tunnelen.
-
Hoppet i Puddefjorden
Politiet rykket ut etter meldinger om hopp fra Puddefjordsbroen. Men mannen ville bare bade.
-
- Det lukter diesel i hele havnen
Fiskesjark full av makrell til bunns i Måløy.
- 21:02 Utsetter åpningen av Knappetunnelen
- 21:01 Satte verdensrekord i drageflyging på Gaza
- 19:27 Ringvei Vest: Skal sprenge under huset
- 17:48 Fikk hjelp av Zlatan
- 17:12 Isbjørn dro mann ut av teltet på Svalbard
- 16:59 Hoppet i Puddefjorden
- 13:48 - Det lukter diesel i hele havnen
- 13:42 Hva har skjedd her?
- 13:39 Padlere angrepet av isbjørn
- 13:09 Røyk fra celle







































Siste Kommentarer
This artcle is Biased FARC is a terrorist group
Diskuter: Colombias fredskvinne
Diskuter: Colombias fredskvinne
Se alle innlegg