Bygda er Bergen

Fordi den konsentrerte makta i Oslo har grepet på Noreg, til dømes gjennom massemedia, har Oslo kloa i det norske språket. Derfor sit vi her i bygd og by med bokmålet frå andre sida av fjellet.

Kronikk
Erlend Bakke
skribent

Korleis det artar seg for oss at makta i Noreg er sentralisert i Oslo er eit av dei faste emna for kommentarane som journalist Sjur Holsen i Bergens Tidende skriv for den vestlandske allmenta. Også i regionavisene frå Nordkapp til Lindesnes ser det allstad ut til å vere ein Holsen eller to som skriv om korfor det sentrale har teke vegen til Oslo og det perifere til ein plass der du bur. Emnet mitt er ikkje å problematisere påstanden om at makta veks i Oslo; eg tek det for det gjeve at Holsen har rett.

Språk er makt
Problemet med Holsen er at han (så langt eg har sett) ikkje reflekterer over at den sentraliserte og sentraliserande makta har sentral-austlandsk som talemål og bokmål som skriftmål, og at dette talemålet og skriftmålet er ein heilskap som blir identifisert av alle norsktalande, når dei berre får tenkt seg om. Dersom Holsen tenkjer seg den hypotetiske røyndomen at sentralmakta har sentral-vestlandsk som talemål og nynorsk som skriftmål, kjem han lett i kontakt med kva det tyder at språk er makt.

Visst finst det både trønderar og tromsværingar i styre og stell, men språket som har status for talen og skrifta deira kjem ikkje frå Trøndelag eller Troms. Til liks med folk flest snakkar dei tidt på makteslause dialektar som er tilpassa språklege normer i Oslo, og dei skriv på bokmål. Når språket forsvinn frå oss, skal vi ikkje undre oss over at makta vår folnar med det.

«Den dannede dagligtale»
Bokmålet er mykje meir frå Oslo enn dansken og riksmålet var. Dansken var frå Danmark, og riksmålet kom som eit fornorska dansk frå heile det nyfødde norske riket. Riksmålet var «den dannede dagligtale» i dei norske byane, der alle villige kunne vrengje på dialekten sin så han høyrdest ut som riksmål med lokalkoloritt. Dansken og riksmålet var ein lagnad som ikkje peikte ut éin region som språkleg leiar. I Kristiansand og Stavanger var dei spesielt byrge over å kunne strøye dei «blaude» konsonantane sine ut i det talte riksmålet; så dei kunne seie je så henne ude på gaden, så dei kunne halde lenge på dansken, til heilt ut på 1970-talet, trur eg.

Denne regionale tilknytinga til riksmålet har forvitra og forsvunne. I Bergen er kunsthistorikaren Gunnar Danbolt framleis eit døme på ei riksmålsrøyst god som gull, men riksmålet som fellesskap er så å seie ute av soga. Fordi den konsentrerte makta i Oslo har grepet på Noreg, til dømes gjennom massemedia, har Oslo kloa i det norske språket. Derfor sit vi her i bygd og by med bokmålet frå andre sida av fjellet.

Gje nynorsken status
Og så har vi nynorsken. For å seie det moderat: Nynorsken har ikkje ei uttaleform og ei skriftform med status over heile landet. Går det likevel an for oss å skrive nynorsk? Går det an å tru at vi kan styrkje nynorsken i den vestlandske kjernen, og i dei reservata og revira han framleis har i andre landsdelar? Går det an i 2009 å tenkje på å gje nynorsken status som riksmål; eit norsk for oss? Ja, det går an med ei omskriving av Bjørn Eidsvåg frå Sauda: Skal du gjere nynorsken vanleg, kan eg ikkje skrive han for deg, du må skrive han sjølv, men eg skal skrive med deg.

Demning mot nynorsken
Historisk har bergensarane vore ei regulær demning mot denne nynorske fellesskapen. Eg trur at det har leidd til nedgang for Bergen og Vestlandet. Eg trur at det har ført til makttap for alle dei norske regionane utanfor det sentrale Austlandet. Så viktig trur eg Bergen har vore for Noreg. No er Bergen som ei bybygd, nesten ikkje viktigare enn Stavanger.

I det bergenske sjølvbiletet har tysk, dansk og riksmål stått som vekslande bastionar mot språket på resten av Vestlandet. Nynorsk har ikkje vore inkludert som ein bergensk eksponent. Bergensarane har kjent seg språkleg overlegne mange andre nordmenn fordi både høg og låg i Bergen har hatt talemål som har vore oppfatta som sameinte med dei hegemoniske skriftspråka dansk og riksmål.

Bergensk er detronisert
Det hegemoniske skriftspråket bokmål står derimot i samband med talemålet i og rundt Oslo, og har skriftmålsosiolektar som uttrykkjer talemålsosiolektane der. Det bergenske talemålet er detronisert fordi det på nasjonalt nivå står utan hegemonisk skriftspråk, men bergensarane prøver å skjule det ved å skrive på eit såkalt konservativt bokmål, utan hokjønnssubstantiv («jenten» i staden for «jenta») og med -et i preteritumsbøyinga («snakket» i staden for «snakka»), og fordi strilane enno synest det er mest stas med bergensk, gløymer bergensarane ofte at hegemoniet er tapt. Bergensarane har halde seg til bokmål, som dei kan meistre, framfor å gå over til nynorsk; ei språkform dei trur at det nesten ikkje er råd å lære seg, og som på toppen av det heile ikkje har språkleg dominans. Det seier seg sjølv at bergensarane heller vil vere overlegne enn underlegne.

Vestlandsdialekt av rang
Går det an å løyse opp i dette? Kan bergensarar lære seg å skrive nynorsk viss dei vil? Og vil det vere godt nok for dei å kjenne seg som dei fremste mellom likemenn? Dersom bergensarane opplevde bergensk som ein vestlandsdialekt av rang, og ikkje som ein himmelsk standard som andre midhordalendingar lyt følgje heilt inn i det austlandske bokmålet, blei det i prinsippet tenkjeleg at bergensarane kunne oppleve nynorsken som sin eigen. I så fall vil det gje stort utbyte å varte opp med kurs i nynorsk for byens arbeidstakarar og arbeidsgjevarar, gjerne på heimslege stader à la Os, Voss, Paradis og Møhlenpris!

Eg er for Bergen
Eg tenkjer ikkje eitt sekund på dette som polemikk mot det bergenske, berre som alvor for Bergen. Eg er for Bergen. Eg er gjerne for at Bergen skal ha leiarskapen på Vestlandet. Eg er for Vestlandskonferansen i Bergen 1. september, som skal dreie seg om samferdsel, mellom anna om korleis vi kan få ein brukande europaveg langs Vestlandet.

Ein av deltakarane på konferansen er Victor Normann. At han som statsråd klarte å få ei borgarleg regjering til å flytte statlege direktorat og tilsyn ut av Oslo og inn i dei norske distrikta, syner at makta har fleire element enn det språklege, og at det i sanning går an å argumentere på bokmål for at ikkje alt treng liggje i Oslo. At det er rom for meir makt i Oslo, treng ikkje argument. Det er dette sjølvinnlysande som har eit sjølvsagt språk frå Oslo.

Bergen og regionen
Dersom Bergen og andre vestlandsbyar gjekk inn for nynorsk, ville det innebere å gå inn i ein heilskap med resten av Vestlandet, å velje å stå med regionen sin. Å gå inn for at dei bergenske institusjonane og verksemdene skal sjå det slik, er vel ikkje ei oppgåve Holsen har drøymt om at han skulle aksle i BT, men tenk om han gjorde det! Tenk om han stod på for at Sportsklubben Brann, Festspela i Bergen, Hansa bryggeri, Åsane senter, Rieber & Son, Friele kaffi, Sparebanken Vest, Frank Mohn, Bergen kommune og ikkje vet eg kem flere, skulle heve blikket for at nynorsken kan løfte dei opp og fram.

Naturlegvis finst det mange private og offentlege grunnar til å skrive nynorsk (og bokmål!) i Bergen og alle andre stader. For målet om å gje Vestlandet og andre norske regionar større symbolsk og reell makt, er nynorsken sjølvskriven som utveg.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Kronikk

Landminer dreper elefanter

Stort møte i Bergen om trusselen mot trekkdyrene..

Jeg har ansvar for 28 barn

Kan jeg følge opp og gi tilpasset opplæring til hver enkelt av syv/åtteåringerne mine?

NRKs glade krigsbudskap

Vi fikk se unge, etter hvert mer og mer tungt bevæpnede menn, som så glade ut og skjøt i luften eller mot bygninger.

Hvem er etnisk norsk?

Nordmenn er en like lite ensartet gruppe som pakistanere.

Hva blir registrert om våre barn?

Vi foreldre vet ikke hvilke små bagateller eller problematiske opplysninger som registreres om våre barn, og hva de kan bli brukt til siden.

Vender seg direkte til folket

Cristina Fernández de Kirchner ligg an til attval i dagens presidentval i Argentina. Som Evita Perón er ho hata av overklassen og elska av dei fattige.