Farleg hat
Dersom ein ikkje har respekt for eit anna menneskes djupe sorg, kva har ein då respekt for, spør samfunnsredaktør Hilde Sandvik.
«JEG TAR NOEN DAGERS bloggpause nå. Jeg har nettopp mista stebroren min, som jeg var så forferdelig glad i», skreiv SV-politikar Inga Marte Thorkildsen på bloggen sin 15. mai. Sidan har ho vore utsett for massivt hat og skadefryd på nettet. Grunn: Stebroren var funnen død etter at ein danskpakistaner hadde kasta eit ølglas på han. Det, meiner Norgespatriotene og dei anonyme vennene deira, er til pass til den innvandringsvenlege SV-politikaren.
Ein skriv til henne som sørgjer: «Denne gangen fikk de rette personene smake sin egen multikultur». Ein annan, også anonym, skriv: «Nå har også du fått føle innvandringens forbannelse. Har du dårlig samvittighet. Du og det forbannede innvandrerkåte partiet du representerer, er delaktige i drapet på din stebror. En pakkisfaen drepte ham. Du er en landsforræder».
Dette innlegget blei sidan fjerna, men ein månad seinare haglar det framleis inn klart rasistiske og hatefulle innlegg på bloggen, retta mot innvandrarar generelt, muslimar, SV, og mot norske kvinner; «løse tøs».
DERSOM EIN IKKJE har respekt for eit anna menneskes djupe sorg, kva har ein då respekt for? Å mangle empati er ein diagnose, og det er umogleg å vite kva slags sjuke menneske det er som sit heime og kastar anonym sjikane ut på nettet. Det er den blinde, rusa valden som kan gå i gang med å knuse kjeven på eit menneske, fordi han eller ho tilfeldigvis står i vegen. Det er det sinnet, som brått, og utan førevarsel kan eksplodere i andletet ditt, som blir uttrykt i ord på nettet.
DET NORSKE SAMFUNNET har fått ein hardare himmel, skreiv kommentator i Dagbladet, John Olav Egeland i vår. I kriminelle miljø aukar bruk av våpen. Påfallande mange norske menn taklar ikkje skilsmisse. Når empatien forsvinn, når folk heller ikkje bryr seg om å vere alminneleg høflege, blir det farleg. Alle enkle løysingar som forsøk på å skilje folk i eit «oss» og eit «dei», som vi finn på Thorkildsens blogg, gjer det endå farlegare. Det er prøvd før.
I WEIMAR-REPUBLIKKENS siste år, gjekk den austerrikske journalisten Joseph Roth rundt i Berlin og skildra det han såg. På ei bussferd gjennom byen går passasjerane brått i strupen på kvarandre. Det plutselege flammande hatet er uforklarleg. Roth noterer: «Ein buss full av hatske, kranglevorne og aggressive passasjerer må før eller seinare kollidere».
Resten av historia er kjent.
KOMMENTARER Våre regler