Viktigare enn TV?
Fatt deg i korthet og du vil gå i fred.
AV: hilde sandvik Ansvar for diskusjonsforum på bt.no
Les også:
EG ER PÅ NETTSAMFUNNET Twitter. Der var det sagt, og det er eg trass i at statsvitar Hege Skjeie og den amerikanske talkshowverten Jon Stewart syns det er noko stort tull. Eg skal ikkje stikke under stol at eg likar å vere der. Eg har fanga opp interessante debattar og eg har brukt Twitter for å teste ut idear eller søkje etter kjelder.
Følg samfunnsredaktør Hilde Sandvik på Twitter her.
For meg er Twitter både ein kunnskapsbase og tverrpolitisk tenketank, tridstrøyte og redigert telegrambyrå. Eg skal difor ikkje prøve å late som at eg ikkje heva på augnebrynet då eg las Hege Skjeies artikkel i DN, «Forkjølesen min får du aldri» på lørdag. Skjeie, som eg har stor respekt for, avviser blankt Twitter som arena for politisk debatt.
Les også: «Hva? Forkjølelse? Vi vil ha tankene dine»
«TWITTER ER nettsamfunnet for dem med veldig dårlig tid», skreiv Skjeie. «Her du kan legge fra deg små meldinger, på maks 140 tegn, som folk kan svare på om de gidder. ... Twitter betyr kvitring – du sender ut små fuglepip om hva du gjør, og kanskje hva du tenker på. Men bare når du tenker veldig korte tanker».
Veldig korte tankar og veldig dårleg tid er sjølvsagt suspekt. Det smaker av idiotifisering av samfunnet. Det har Hege Skjeie heilt rett i. Men når ho koplar Twitter til at «i år skal det være tett og personlig», ser eg heller for meg Knut Storberget under pleddet saman med kona i Dagbladet, kyssebilete i VG av Ingrid og Jens eller Trond Giske som mata elefantar med eple på Skavlan. Er det dette Twitter handlar om? Det er lite slikt blant dei eg følgjer, i alle fall.
TWITTER ER OGSÅ EIN PLASS for fagnerdar med dårleg tid i alle kategoriar. Pedagogar kan dele kunnskap om pedagogikk. I augneblinken går det ein særs viktig debatt om avisenes framtid, som eg følgjer med stor interesse. Ved sidan lever den politiske debatten på tvers av politiske skiljeliner. Folk, høg og låg, kan dele gode lenkjer og diskutere – og sjølvsagt fjase om dei vil. Og dei kan ha direkte kontakt med statsministeren om dei vil.
Eg kjem sikkert til å bli lei ein dag, men i mellomtida er Twitter eit ope rom å teste ut tanken i. For å sitere ein inskripsjon på Alhambrapalasset frå 1200-talet: «Fatt deg i korthet og du vil gå i fred».
Er Twitter viktigare enn TV? Det er det nok ikkje, men det er langt viktigare enn politikarar på Senkveld. På Twitter har politikarane regien sjølv. Om dei då vel å bruke plassen på den rennande nasen, spørst det om det er grunn til å ta dei særleg på alvor.
Er du på Twitter? Si din mening om tjenesten her.
Les også
Siste fra Hilde Sandvik
Relaterte bilder
KOMMENTARER Våre regler