Til døden skil oss

- FAMILIEN MIN vil drepe meg.

Den unge guten stod og røykte på trappa utanfor konferansen om tvangsekteskap. Då familien hadde funne passande jente til han, hadde han sagt det som det var: Han var ikkje interessert i jenter.

Det var då alt hadde eksplodert. Faren hadde slengt mot han at han skulle takast av dage, drepast, dei kunne ikkje ha ein slik son.

Den natta hadde han flykta. Frå då av var identiteten hans utviska.

Medan han fortalde, piska eit virvar av tankar i hovudet. Var det sant det han sa? Han var ung, pen, hadde fine klede, snakka godt norsk og verka opplyst. Overdreiv han frykta si? Han stolte ikkje på nokon frå heimlandet lenger, sa han. Kor han snudde seg var det folk som kunne melde han til familien. Dei hadde forgreiningar over alt.

Æresdrap var ordet som surra i bakgrunnen. Han hadde skitna til æra til familien i den norske småbyen. Han måtte bort.

Etter å ha lese to av haustens sterkaste bøker, tenkjer eg at frykta hans var verkeleg. Han hadde grunn til å vere redd.

«DU STÅR OVERFOR valet mellom æra di og syster di», seier ein drapsmann som er intervjua i «Æresdrap», boka til den tyrkiske journalisten Ayse Onal, nyleg utgitt på norsk. Ho har reist rundt frå fengsel til fengsel i Tyrkia for å intervjue brør og søner som har drepe dei som stod dei nærast. Kva dreiv dei?

Mennene fortel Onal om umogelege val. Ein bror som får pålegg frå familien om å drepe søster si kan ikkje nekte.

«Når ein er nedtyngd og undertrykt, betyr presset frå samfunnet meir enn dei religiøse boda», seier han som til slutt drap mora fordi landsbyen sladra om at ho hadde ein elskar.

«Den mest sannsynlege staden for meg er helvete», seier han.

HELVETET KJEM NÆR på desse sidene. Då eg har kome meg gjennom dei første forteljingane til Onal, kjenner eg at eg har bite tennene saman i fleire timar. Kjeven er låst. Eg har togge hol i innsida av kinnet, av sinne, motvilje, men også beisk uro for at det er så nær. Forteljingane er også problematiske fordi journalisten går så langt inn i hovuda på offera. Korleis kan ho vite tankane til jenta som ligg valdteken bak ein busstasjon etter at ho har rømt?

«Neste dag hadde alle slektningane frå Tyskland kome», står det ein stad. Eg ser for meg eit oppbod frå ein kurdisk forstad i ein tysk by haste av garde for å rekke flyet til Tyrkia. Der skal dei avgjere at ei ung gravid jente skal skytast.

DET SKJER MIDT I EUROPA, dette. Det er her det skjer, skal vi tru Unni Wikan, professor i sosialantropologi. I den ferske boka «Om ære» skriv ho om æresdrap som organisert kriminalitet. Ho har analysert dei første rettssakene i Norden. Ho har nærlese vitneutsegn i sakene etter drapa på Fadime, Pela, Sara og Abbas i Sverige, Ghazala i Danmark, Anooshe og søstrene Sobia, Saadia og Nafisa i Noreg.

Ho har funne at parallellsamfunn har fått utvikle seg i Europa. Det media gjerne kallar for «pakistanske miljø» i Oslo, kallar pakistanarane sjølv for samfunn. Eit samfunn har eigne normer og reglar.

Wikan skuldar på dårleg integreringspolitikk og til dels mangel på interesse. Etter kvart som arbeidsinnvandringa frå Pakistan stoppa opp, har også tvangsekteskap fått utvikle seg som migrasjonsstrategi. Med det følgjer behovet for å kontrollere ungdommen. I boka siterer ho pakistanarar som seier at det pakistanske samfunnet blir halde saman av rykte og sladder. Konsekvensen er tausheit.

DET ER KOLLEKTIVET, familien, som drep, skriv Wikan, det er ikkje bror eller far. Det er heller ikkje religion. Det er det gamle patriarkalske skriket om at den som skal kontrollere eit samfunn, må kontrollere kvinna, det er ho som før barna. Jo mindre mannen føler seg i samfunnet, jo større kontroll må han ha.

Wikan set sin lit til jentene. Berre dei kan ta eit oppgjer, og det er dei som betalar den høgast prisen. Dei opprørske unge jentene syner også att på statistikkane. Medan det før var den utru ektefellen som måtte ryddast ut for å gjenreise ære, har alderen på dei som lever i frykt blitt yngre.

Medan Ayse Onal brukar boka si til å gå inn i hovudet til drapsmennene, brukar Wikan sitt eige hovud til å sjå det som utspelar seg framfor henne. Ho tviler, let seg irritere og skifte syn. Hadde Fadime blitt drepen om ho ikkje hadde reist heim til mor si, som ho elska? Kan det stemme at bror til Sobia, Saadia og Nafisa ikkje opererte på vegner av slekta då han slakta søstrene sine? Kva tyder familie?


DET ER IKKJE LETT Å SKJØNE. Guten eg møtte på konferanse reiste heim att etter nokre månader på flukt, fekk eg høyre i går. «Uansett korleis eg snur og vender på det, så tapar eg», hadde han sagt. Familien sendte han til heimlandet for å bli omvendt til å like rett kjønn. Heime igjen i Noreg hadde far og mor plukka ut ei jente til han frå ein vennefamilie. Førstkommande laurdag gifter han seg. Planen er å få eit barn og så skilje seg.

Men kva etterlet du då til jenta? spurte vår felles kontakt.

- Det orkar eg ikkje tenkje på, svarte han.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Hilde Sandvik

I lilla buss gjennom Skoddeheimen

Eg hadde tenkt å skrive noko lett og artig om TVNorge-serien «Gøy på landet». Så såg eg filmatiseringa av boka « Få meg på, for faen».

Vi som slår sprekker

Etter vantru, sjokk og sorg, treng ein tid til å summe seg. Men ein bør ikkje summe seg for lenge.

Når blir ord til handling?

Det spørs om ikkje tida no er inne for å ta et skikkelig oppgjer med anonyme nettdebattar.

Lensmannen hadde dessverre rett

Eg hugsar framleis kor sint eg blei første gongen eg såg den tidlegare Laksevåg-lensmannen Harald Andersen uttale seg om jenter og valdtekt.

Kulturengen

Koengen har etablert seg som kulturarena. Nå kan hele området bli rustet opp som byens nye kulturkraftsentrum.

Nav vere med deg

Etter fem år framstår mastodonten Nav framleis som vag og ullen. Eit gratistips er å byrje å svare for seg.

Relaterte bilder

FOTO: Aas, Erlend