Kjerne i sikte
Aktivist Ole Kopreitan i Nei til atomvåpen har mista barnevogna si. Er det eit teikn i tida, spør Hilde Sandvik.
AV: hilde sandvik Ansvar for diskusjonsforum på bt.no
Egil Lillestøl, thoriummisjonær og fysikar hadde halde nok eit foredrag om energikrisa og thoriumet som skal berge oss på Blindern. Salen hadde vore særs aktiv – mange ville snakke med han etterpå. Først då folk hadde byrja å forsvinne, kom ein rogalending opp til foredragshaldaren. Mannen var Ketil Solvik-Olsen, miljøpolitisk talsmann frå Frp. Han hadde lyst til å fremje ein interpellasjon i Stortinget om bruk av Thorium, sa han etter at han hadde presentert seg – ville Lillestøl finne det ubehageleg?
EIN KAN TENKJE seg at Solvik-Olsen hadde omsut for Lillestøl sitt profesjonelle rykte. Han er trass alt frå eit parti med særs lite legitimitet i klima- og energidebatten, mest kjent for å avvise at det i det heile tatt finst ei menneskeskapt klimakrise.
Lillestøl ville ikkje ta slike omsyn, viste det seg. Han inviterte like godt Solvik-Olsen og formann Siv Jensen med seg på tur til forskingsstasjonen i Cern i fjor haust. Der held Lillestøl seg saman med thoriumreaktoren sin opphavsmann, nobelprisvinnar Carlo Rubbia, når han ikkje er ved Universitetet i Bergen.
Reaksjonen på dei heimvendte Frp-arane er blitt skildra som «et avmålt gjesp» i Stortinget. Spørsmålet var kvifor vi i alle dagar skal bruke tid og krefter på dette så lenge ingen andre gjer det. Dessutan hadde Jens Stoltenberg alt ei månelanding i ermet. Vi skal reinse co2. Dessutan er i norsk energikrise like usannsynleg som at det vil slutte å regne i Bergen.
FOR LILLESTØL VAR det ikkje vanskeleg å seie ja til Frp, har han sagt sidan. «Vi kjempar jo for det same målet», meiner han.
Kva slags mål er det han snakkar om?
I førre veke gjentok Lillestøl det han har sagt mange gonger før under ein energidebatt (der underteikna for ordens skuld var ordstyrar): Vi kan særs gjerne snakke om ei menneskeskapt klimakrise, det er særs få som i dag vil hevde at det ikkje er det vi har for tida. Men, hevda Lillestøl, først og fremst står vi overfor ei gigantisk global energikrise. Vi er i ferd med å bruke opp det fossile brennstoffet jorda har gitt oss - og det samstundes med at energibehovet aukar drastisk.
Den største utfordringa er at vi har laga oss eit samfunn der vi bokstaveleg talt er avhengig av olja - frå kleda vi går i, til maten vi et. Vi brukar olja for å framstille insektsmiddel som drep udyra på kornet vi får brød frå. Vi brukar olje til å frakte mjølka til og frå meieriet, målinga vi måler husa våre med og materialet til pc-en eg skriv på no (medan eg ventar på flyet heim til Bergen). Det årlege forbruk nett no er så stort at ein kan tenkje seg følgjande bilete: Du kan stable oljetønner herfrå til månen 250 gonger (det er 384 403 kilometer ein veg) - og dette behovet er raskt aukande etter kvart som velstanden aukar i land som Kina og India.
ER DET SÅ THORIUM som skal redde oss? Ifølgje Egil Lillestøl, som førebels er den fremste norske talsmannen for at dette tungmetallet, som kan vinnast ut i store mengder direkte frå jordskorpa, er det ei av løysingane - i tillegg til solenergi - og at vi kuttar drastisk ned på forbruket vårt.
Førebels har han ikkje nok folk med seg. Miljørørsla i Norge har stått samla bak eit opprop mot thorium. Her heiter det at ein million menneske har sett seg ned undersøkt og vurdert og kome til at dei er mot. (Underskrivarane inkluderer då alle medlemmer i alle norske velforeiningar) Dei argumenterer med at det er dyrt, farleg - og med ein tretti år gammal skepsis til kjernekraftteknologi.
Dette skjer samstundes med at FNs klimapanel har kome til at verda ikkje greier energikrisa utan kjernekraft. Det same seier Det Internasjonale Energibyrået. I Europa har det vore ei stille glideflukt mot meir bruk av kjernekraft. Finnane byggjer i augneblinken verdas største reaktor. Noko av det siste Tony Blair gjorde i statsministerstolen var å snakke om at britane skulle investere i «The next generation» reaktor. Svenskane er for bruk av kjernekraft. Då Bergens Tidende undersøkte norske haldningar tidlegare i år, så sa ein av fem at dei var opne for kjernekraftteknologi.
Er det eit desperat utslag av at vi ikkje orkar tanken på å kutte ned på eige forbruk? Er dette den største drivkrafta til Frp for å vere for thorium? Nok ein gong skal Norge vinne i Lotto og leve på Moder Jords velsigningar? Din eigen appetitt er din einaste gud, for å sitere Goethe sin Faust. Er vi igjen lurt av argumentasjonen kjent frå president Eisenhowers tid om at berre ein tek kjernekrafta ut av hendene på soldatane, så kan ho bli smidd om til ein plog.
ELLER ER DET MOGLEG, slik Lillestøl og miljøet rundt han preikar, at det er mogleg å utvikle kjernekraftteknologi med thorium som ikkje ber med seg farane frå klassiske uranbaserte reaktorar? Viss vi skal velje mellom luftslott og månelanding, er det i alle fall ein ting som er klart: Vi kjem heller ikkje til månen utan olje.
Les også
Siste fra kommentar
Hilde Sandvik
Kultur- og debattredaktør i BT. Har vore redaktør i Syn og Segn og bl.a. skrive boka ”Hersketeknikk”.
Fakta
Fakta/Thorium
- Thorium er eit radioaktivt metall. Oppdaga i Rogaland i 1828 av ein nordmann som ikkje visste kva det var. Han sendte det til ein svensk kjemikar, som såg at det var eit nytt grunnstoff og kalla det opp etter den norrøne tordenguden Thor.
- Thorium kan truleg brukes til produksjon av atomkraft med mindre risiko og færre avfallsproblem enn tradisjonell atomkraft.
- CERN i Genève er verdas største forskingssenter for partikkelfysikk. Den tidlegare leiaren, Carlo Rubbia, lanserte ideen om ein akseleratordreven atomreaktor basert på thorium på 1990-talet. CERN meiner å vere like om hjørnet.
- Egil Lillestøl er professor i partikkelfysikk ved Institutt for fysikk og teknologi, UiB. Halve året arbeider han ved CERN.
Relaterte bilder
Hilde Sandvik på twitter:
Tweets fra @hildesandvik