Å tale for døve øyre
Kva skal til for å få riksmedia til å vakne? Debattredaktør Hilde Sandvik er trøytt av at regionavisene vert ignorerte i Oslo.
- Publisert: 29.mai.2007 06:00
- Oppdatert: 29.mai.2007 06:27
KVAR MORGON når Vår Staude set seg ned i sofaen i God morgen Norge på TV2 har ho med seg ei bunke aviser. Midtvegs i programmet tek ho dei opp og viser framsidene til tv-publikum. Dagbladet, VG, Aftenposten, Klassekampen, Dagsavisen, alt ettersom av oslopresse. Aldri er regionavisene med. (Det skjer berre av og til på den såkalla «lokalavisrunden»).
Enig med Hilde Sandvik? Si din mening her!
Hadde ho jamleg presentert dei store regionavisene, kunne nasjonen fått vite at norske politikarar har medverka til det amerikanske rakettforsvaret, at fangefly frå USA har mellomlanda på Sola eller at ein forskar frå SINTEF har prøvd å selje 800 helikopter til Iran. Tre døme på saker, som eg er særs overtydd om ville ha gått vidare frå TV-studio til TV-studio resten av dagen om det hadde stått i ei Oslo-avis.
Det skjer ikkje. Er journalistikken for dårleg? Sakene ikkje underbygd nok? For dårleg presentert eller uinteressante? Ikkje i det heile tatt - dei er berre skrivne i feil by. Utanlandske ambassadar er betre orienterte. Det gir nokre utfordringar eg skal kome attende til.
FOR SNART TI år sidan avdekte ein journalist i BT at ein amerikansk radar som skulle utplasserast i Vardø var brukt i testar av USAs rakettforsvar. Nyhenda fekk mellom anna russarane til å reagere - men ikkje Oslo - før BT blei sitert i Washington Post og New York Times. Då reagerte Aftenposten og sidan resten av pressemiljøet.
Dette er så lenge sidan, vil nokon seie. Er det verd å kome trekkjande med ei slik historie no?
Det er det. For to år sidan oppdaga ein flyfotograf eit mystisk fly på Sola. Han tok kontakt med Stavanger Aftenblad, som sakte rulla opp at flyet var eit CIA-fly. Flyet hadde ikkje søkt om løyve til å lande. Europaparlamentet har slått fast at fangefly ikkje får lande i Europa, forbodet gjeld og Noreg, men i løpet av kort tid kunne Stavanger Aftenblad rulle opp at det hadde skjedd minst ti gonger i løpet av dei to siste åra.
OM DU IKKJE har høyrt om det før, så er det ikkje deg å klandre. Eit søk i Atekst, det store digitale avisarkivet, avdekkjer at Stavanger Aftenblad har trykt snart seksti artiklar om fangeflya. Medan journalisten som avslørte flya er blitt oppsøkt av ei rekkje europeiske og amerikanske medium, har resten av den norske presseverda nøgd seg med å trykkje eit lite biletet av flyet og elles nemnt landinga i forbifarten.
Amnesty har kravd full gransking. Saka har ført til bråstans for fangefly i dansk luftrom. Danske politikarar kunne ikkje tole at dansk luftrom var krenkt. Etter at SVs Hallgeir Langeland reiste spørsmålet som opposisjonspolitikar i 2005 har norske politikarar på si side vald å sitje heilt musestille.
Kva hadde skjedd om det var Gardermoen som hadde fått nattlege besøk av CIA og det hadde blitt oppdaga av oslopressa? Er det nokon som trur at det hadde fått passere som ei kuriøs lokalnyhende?
NO ER DET HELDIGVIS slik at norsk presse er fri til å ta eigne redaksjonelle val. Ein kan ikkje krevje at Aftenposten skriv om fangeflya dersom Aftenposten ikkje tykkjer det er vesentleg informasjon. Bergens Tidende kan heller ikkje tvinge andre redaksjonar til å reagere dei gongene vi har saker vi meiner er viktige, sjølv om vi er Noreg fjerde største avis.
Som debattredaktør set eg mange gonger i veka på trykk innlegg eg meiner bør bli tatt opp av Dagsnytt Atten, Her og Nå, Holmgang eller andre debattprogram. Eg kan heller ikkje dy meg for å sjå ekstra kritisk på dei sakene som faktisk hamnar der. Under Mediedagane nyleg spurte eg difor den røynde programleiaren Kari Sørbø frå NRK-programmet Her og Nå korleis dei går fram for å finne saker til sendingane sine.
«Vi har redaksjonsmøte», svarte ho.
Det var sjølvsagt ikkje det eg lurte på. Spørsmålet mitt handla om kva kjelder dei held seg med i redaksjonen. Kor finn dei informasjon - rettare kor forventar dei å finne informasjon?
Viss dei store regionavisene, som også ser på seg sjølv som premissleverandørar i den nasjonale debatten, ikkje ein gong blir vurdert, korleis skal vi då gå fram for å bli det?
VI HAR FRAMLEIS utfordringar med distribusjonen. Vi må sørgje for å vere på bordet om morgonen når dagsorden blir sett av politikarar, journalistar og andre makthavarar i samfunnsflaumen. Det er vi ikkje alltid. Det som likevel forundrar meg er at vi heller ikkje er sakna. Den såkalla rikspressa gjer ingenting for å etterlyse oss. Det er ingen vanskar forbunde med å få avisa digitalt over til Vår Staude om ho vil ha henne til morgonkaffien.
Framfor alt har både TV2, ikkje minst NRK, ei allmennkringkastingsoppgåve. Er ikkje Dagsnytt forplikta til å halde seg oppdatert på det som skjer i det som blir kalla periferien?
I staden for å bli tatt vidare opplever vi gong på gong at vesentleg informasjonsflaum stoppar opp ved fylkesgrensene. Det er ei demokratisk utfordring, særskilt i ei tid når politikarane hevdar dei er opptekne av mediemangfaldet. Det er ikkje berre stivna og provinsiell ukultur i presseverda som lir av dette underskotet på informasjon. Gjennom usynleggjeringa kan avgjerdsmakta berre la vere å forhalde seg til ubehagelege opplysningar gravne fram andre stader enn i hovudstaden.
Dersom berre rogalendingar har sett fangeflyet lande på Sola, kan ein late som om at det ikkje eksisterer.
Søk i skattelistene Topplister
3 mest leste artikler »
-
Ble sendt hjem til søppelhaug
Alvorlig syk mann ble sendt hjem til dette huset. Sykehuset tar ikke selvkritikk.
-
Vestlandet på Google-kartet
Vestlandet er for alvor satt på Google-kartet. Se bildene her.
Siste lokalt
-
Full utrykning til handleveskebrann
Kvinnen i 60-årene fikk selv slukket flammene fra trillevesken på Nordås.
-
Krasj på Minde
En av bilene må taues fra stedet.
-
Innbrudd i Griegpark
Knuste seg inn i tre biler.
Se video.
-
- Hvem satte fyr på seilbåten?
Eieren fortviler etter at tyver stjål seilbåt og satte fyr på den i helgen. .
-
Gravid kvinne i kollisjon
Smell i Åsane.
På forsiden nå
- 17:24 Full utrykning til handleveskebrann
- 17:07 Krasj på Minde
- 16:44 Innbrudd i Griegpark
- 16:17 Branns sesongkortsvikt
- 16:16 - Hvem satte fyr på seilbåten?
- 15:14 30 døde i snøskred i Afghanistan
- 14:52 Gravid kvinne i kollisjon
- 14:12 Sol og skyer holder «giftlokket» unna
- 13:27 Avhoppere satser stort på Bryggen
- 13:16 Howard Stern tar over for Simon Cowell





















































